Då er trekninga over. Eg fekk hjelp av 'Random'.
Vinnarane er;
1.premie - 3 kjøkkenklutar.....Solveig med bloggen Made by Solis
2.premie - 1 hekla nålepute....Retrobaby med bloggen Retrobaby
3.premie - 1 kjøkkenklut av restegarn...Smykkas med bloggen Smykkas
Gratulera til dykk alle!
Send meg namn og adresse pr. mail, så får de snart pakke med posten.
Siri
mandag 28. februar 2011
søndag 27. februar 2011
Siste sjanse og hemmeleg ven
I morgon trekkjer eg 'gje-vekk'en' min, og minnar difor om at no er siste sjanse å melda seg på. 1.premie er 3 klutar
2.premie er nålepute
3.premie er klut av restegarn
Det er plass til fleire, så det er berre å melda seg på her om du ikkje allereie er påmeldt.
Denne månaden har eg vore med på 'hemmeleg ven' på Hobbyboden. Eg mottok ein flott pakke med 2 nøster Robust, 2 nøster Viking Sportsragg, mykje god te og ein porsjon varm sjokolade.. Kven den hemmelege venen min er, veit eg ikkje enno. Men tusen hjarteleg takk for ein flott pakke!!
Siri
onsdag 23. februar 2011
Farmor's Firkløverkake
Min kjære elskar sjokolade og alt som inneheld sjokolade. Så når eg hadde ein kikk i farmors handskrevne kokebok, fallt eg for freistinga til å bake Firkløverkake til min kjære.
Som du ser på biletet var det nok av krem, så eg kunne nok med fordel ha delt kakebotnen i 3 istaden for i 2. Men me lærer så lenge me lever..
Her kjem oppskrifta om du skulle verta freista;
150 gr margarin røres kvitt med 300 gr sukker. Tilset 2 piska egg. 1/2 plate kokesjokolade oppløyst i 1/4 l mjølk, og 300 gr kveitemjøl med 3 ts bakepulver. Dette tilsettes vekselvis. Kaken steikes i rund form, i middels varm ovn i ca 45 minut.
Krem;
2 koppar melis, 1/2 kopp fløte, ca 100-150 gr firkløversjokolade, 1/2 kopp meierismør. Alt varmast opp til kokepunktet under omrøring.
Eg brukte mørk kokesjokolade til botn, og vanleg margarin i kremen då eg ikkje hadde meierismør i huset.. Middels varm ovn tolka eg til rundt 150-160 grader, og eg vart godt nøgd med resultatet..
Og kaka - den forsvann i store stykkjer...
Siri
Etiketter:
Farmors oppskrifter,
Kaker,
Oppskrifter
mandag 21. februar 2011
Eit par, to par....mange par
Når eg skal strikka sokkar, har eg ikkje noko spesiell oppskrift å strikka etter. Ein gamal nabo av meg lærde meg å strikka sokkar, og ho sa kor mange masker eg skulle leggja opp til barn, dame og herre. Ein tomelfingerregel eg har fulgt sidan; ca 36-40 masker til barn, 48 masker til dame og 56 til herre.. og pinnar 3,5.
Så langt, så bra.
Men eg er ikkje flink til å strikka litt større damesokkar - dei vert som regel 36/37, som dei rosa her. Skulle nok hatt nokre cm-mål å strikka etter her...
Vel - dei rosa sokkane her er str 36/37, strikka i Robust på pinne 3,5. Det gjekk med temmeleg akkurat eit nøste til kvar sokk.
Dei blå ankelsokkane er ca str 26/27, strikka av ein rest Viking Sportsragg på pinne 3,5.
Begge par sokkar er lagt trygt ned i gåveskuffa.
Siri
søndag 20. februar 2011
System i rotet
Her er eit lite glimt frå sybordet eg har ståande mellom to stolar i fjernsynshjørna. Ved sida av den eine stolen står to papirposar med garn i ulike fargar og kvalitetar, fylde opp til topps. På puffen framforstolen ligg nokre hobbybøker og handarbeidsmagasiner. Ei korg heng på veggen, den har eg hengt der for å kunne ha det litt ryddig i handarbeidet mitt....
Alt anna handarbeid eg har 'gøymd' rundt i huset er ei anna historie..
I dag skal me i dåp. Eg skal vera fadder for ein skjøn liten gut, knapt ein månad gamal. Det er dåpsselskap etterpå, med koldtbord og altfor mange gode kaker. Nokre og tjue gjestar, små og store...
Dagen i dag vil verta god!
Siri
lørdag 19. februar 2011
Småfolk, restegarn og resirkulering
No har eg gitt min kjære i oppdrag å finna passande pinnar til å hengja desse småtrolla på; det vert enten einerpinnar eller kirsebærtrepinnar...
Så gjenstår det berre å sjå om mor, far og småjenta likar uro.
Siri
onsdag 16. februar 2011
Endeleg...!
Desse gryteklutane byrja eg på i somar, medan me var på ferie. Eg har strikka fleire par før, og på ein grei dag strikkar eg ferdig ein. Men det er rart med det; plutseleg vert eg litt lei prosjektet eg held på med... Om det er farge eller oppskrift som gjer det er ikkje godt å seie.
Iallefall, fargane på desse har eg teke ut med tanke på jul - beige, mørk brun og raud.
Oppskrifta er frå eit pt-hefte, og garnet er Petunia; det beste bomullsgarnet eg har strikka med til no. Dei er tjukke og gode, og har ein dekorativ hekla kant rundt..
Eg minnar om min 'Gje Vekk' som trekkes den 28. februar.
Den inneheld 3 gåver;
1. ~ 3 kjøkkenklutar
2. ~ ei hekla nålepute
3. ~ein kjøkkenklut av restegarn
Du er hjarteleg velkomen til å melda deg på på denne linken HER.
Siri
mandag 14. februar 2011
Himmelsk Lapskaus og blomar
Servèr hærligheten med vaniljesaus eller is, og nyyyt!
Vårblomane av alle blomar for meg. Eg kunne fyllt opp heile huset med desse!
Siri
tirsdag 8. februar 2011
Fikleball
Tanken var eigentleg å leggja eit kinderegg fyllt med ris oppi, men det slo eg frå meg. Eg såg føre meg korleis det kunne gå etter fyrste vask....
Mykje arbeid for ein liten ball, men eg håper dei små hendene kjem til å setja pris på filkeballen.
Siri
mandag 7. februar 2011
Farmor's oppskrift på nytt
Når eg fyrst er så nøgd med resultatet kvar gong eg har bakt rundstykker, tenkte eg at oppskrifta måtte vera godt egna til pizzaboller også.
Eg erstatta mjølk med vatn, og kutta ut ein pakke gjær. Eg brukar alltid fersk gjær i denne oppskrifta, for eg tykkjer resultatet vert aller best då..
Fyllet på desse pizzabollene er gjort 'barnevenlege'; eg har berre brukt kjøtdeig, krydder, tomatpurè og litt vatn. Sjølv kunne eg godt tenkt meg løk og mais oppi i tillegg..
Eg har òg ein plan om å baka desse snurrane og fylla dei med soltørka tomater, ost, oregano og kanhende skinke eller smårettbacon.
Kjekk bakst å ha i fryseren; enkel niste når me vil ut på tur..
Siri
Abonner på:
Innlegg (Atom)