tirsdag 28. august 2012

Måtte prøva

 I Blogglandia har eg fleire gonger sett ny og kjekk bruk av leikedyr og gamle syltetøyglas. Eg let meg freista til å prøva litt òg. Superlim var tingen, tenkte eg. Gris, sau og ei ku, som ser ganske olm ut...
Etter litt kvit spraymåling forsvann litt av det olme uttrykket til kua, og no står ho berre og håpar på å få fleire med i flokken sin..
 
Siri


onsdag 22. august 2012

Give away hjå 'Sukkertøy for øyet'

Klikk deg inn på bildet under og bli med på ein flott give away hjå 'Sukkertøy for øyet'. Den trekkes søndag 26.august.




Siri

tirsdag 21. august 2012

Give Away

 No er det på tide å ha ein aldri så liten Give Away.
Eg har hekla eit aldri så lite etui i haustlege fargar, og som du ser så er den akkurat passe stor nok til kvinnelege nødvendigheter... Men den kan fint brukast til andre småting òg, som treng ein eigen plass i veska...
Reglane er ganske så enkle ;

Du får eit lodd for kommentar
og
eit ekstra lodd om du linkar til denne Give away'en.

Eg kjem til å trekkja ein vinnar rundt 20. september :o)

Håpar du har lyst å vera med.

Siri

lørdag 18. august 2012

Fargerik august

 Tidleg morgon med saks og korg i handa, gå tur langs grusvegen, plukka inn av sesongens markblomer, trekka inn den friske morgonduften og lada opp til ein ny dag....
 Nokre restar Smart-garn kjem til å varma føtene til ei stor lita jente, tenkjer eg. Synd eg ikkje hadde meir av desse hærlege fargane, for eg kunne godt hatt slike fargeklattar på føtene sjølv når dei gråe haustdagane kjem...
Jellybelle fargar dagane til alle i familien her. Ho er ganske så sjølvsikker når ho kjem og 'krev' kos av den eine etter den andre.
Jellybelle er av den maklege sorten; tasser roleg over golvet, og legg seg ned der ho måtte finna det for godt. Men jammen er ho kjapp i vendingane når ho er i det leikne hjørna...
Som eldstesonen nyleg sa; Ein vert i godt humør berre av å sjå henne...

Siri

torsdag 16. august 2012

Det nærmar seg sesong..

Eit par sokkar i ca str 34, strikka i sokkegarnet 'Fantasy' frå Sandnes Garn. Utruleg drygt i bruk - eg brukte langt under eit nøste på dette paret. Så eg har garn til nok eit par sokkar, eller kanhende eg strikkar nokre pulsvarmere av det...
Sokkane er strikka med pinner nr 3.

Siri

søndag 12. august 2012

Glede i heimen

 Etter nokre timar med kviling og ro, kom Jellybelle fram frå 'skjulestaden' sin under sofaen. Det er jo ikkje berre berre å vera på langreis og flyttefot i vaksen alder...
 Litt lukting, kos og koseprat, så var det tid for pittelitt leik. Ikkje den ville kattunge leiken, men koseleg småleik.
Medan Jellybelle kvilte, fann eg fram restegarn og heklenål. Det var kjapt gjort å hekla ein liten ball, fylla den litt og festa trådane.
Eg kjem nok til å laga fleire småleiker framover.

Siri

lørdag 11. august 2012

Jellybelle

I dag tidleg kom min kjære og eg heim frå ein rask tur/retur Oslo, etter å ha henta denne skjøne (s)katten. Jellybelle kom med fly frå Trondheim, og er no ein del av familien vår. Ho er ein Britisk korthår på 6 år. Ganske trøtt og sliten av lang reis, skeptisk til nye folk, lyder og lukter.
Det vert nok ein aldri så liten bli-kjent-periode..

Siri

søndag 5. august 2012

Tankar på ein sundagsmorgon


Eg tenkjer nok me må godta at sommaren kom og gjekk tidleg i år. Og sjølv om me ikkje akkurat har hatt ønskjevèret i ferien, så er det garantert nokre som er nøgde.
Det er vel heller ikkje 'lov' å klaga når ein bur i nærleiken av landets finaste og lengste sandstrand...?
Når vinden tek tak, kan me sjå den eine kiten etter den andre dukka opp bak sandkulene. Ganske fasinerande å sjå på ; korleis dei 'duvar' i vinden, og mest glir naturleg inn i landskapet som sanddynene.
Siste dag ferie i dag, og eg skal nytta den til å gjera minst muleg huslege ting... Ut på tur, plukka blomer langs vegkanten, inn i skogen og leita etter sopp, og berre nyta tilværelsen..

Siri

lørdag 4. august 2012

Til heklenålene

 Eg finn stadig ei og anna heklenål rundt om i huset. Strengt tatt skulle eg nok hatt eit hobbyrom, men det får koma med tida...
I staden har eg hekla eit etui til heklenålene, i håp om å få samla dei litt etterkvart.
Pynta med ein restegarnsblome, og eit blad, sydd av ein tøyrest frå eit gamalt putevar.
Inni har eg laga lommer til heklenålene, og her er noko av stoffet også frå eit gamalt putevar. Koseleg handarbeide medan eg sit i sofaen og høyrer musikk.
Siri

torsdag 2. august 2012

Lappeteppet

Då er teppet montert, og har fått eit par omgangar ekstra hekla rundt. Eg er veldig nøgd med resultatet. Planen for teppet er allereie klar ~

~ saman med denne vesle duftepungen, fyllt med kanel og nellikspiker, skal den liggja på vent i gåveskuffa..
Pungen er laga av ein lapp som var til overs. Eg hekla bakstykke, og hekla dei saman. Ein ekstra pyntekant rundt og eit tøystykke med krydderiene, så trur eg den vil gje teppet ei lun og varmande duft...

Siri

onsdag 1. august 2012

Elsa Beskow

Finnes det nokon i Blogglandia som har barnebøker av Elsa Beskow til overs...? Eg kunne veldig gjerne tenkt meg og bytta til meg, eller kjøpa billeg, nokre av desse.

Siri