tirsdag 30. desember 2014

Nyttårsforsett som gagnar andre

 Før jul fekk eg idèen om å ha eit nyttårsforsett. Vanlegvis har eg ikkje det...
Men eg vil ha eit nyttårsforsett som gagnar andre dette året...
 Å strikka sokkar til asylsøkjarane på Mottaket i Hå, Nærland.
Indremisjonen i Rogaland samla inn varme sokkar før jul. Dei søkte etter nærare 150 stk, helst i herrestørrelsar, men også i dame-og barnestørrelsar.
Eg klarer ikkje strikka 150 par, men eg kan i det minste bidra. Dei har ikkje så mykje, og vert så glade for lite; det såg eg på julefeiringa på Ognatun.
Og det er ikkje noko særleg å frysa på føtene for nokon, og garn har eg liggjande klar.

Til sist vil eg takka for det gamla og ønskja deg eit godt nytt år!

'Ingenting eg umogleg, det tek berre litt lengre tid.'

Siri

søndag 28. desember 2014

Hugsar du....

....Monchhichi....?
Den vesle ape-bamsen med det utruleg søte ansiktet? Den vesle ape-bamsen med tåteflaske i eine handa, som kan puttes i munnen????
Eg fekk ein slik til jul....av min kjære....noko eg har gjeve uttrykk for at eg ønska meg.... ;)

No sit Monchhichi-bamsen min på skrivepulten min, og eg treng berre snu litt på hovudet for å sjå på den. Eg vert barnsleg glad inni meg når eg ser på den. Lett bustete på toppen og med tåteflaska i munnen.

Monchhichi ~ Nostalgi ♥

Siri

fredag 26. desember 2014

Illustrasjonar i barnebok

 
NO kan eg endeleg få meddela at eg har vore så heldig å få illustrera i ei barnebok!
I haust fekk ef førespørsel om eg hadde lyst, noko eg meir enn gjerne hadde lyst til.
Tom Weum har forfatta og skrevet forteljinga om Gulli, familien og venene hans. Dette er historier han har fortalt til sine barn då dei var små, og endeleg vil han dela dei vidare.
Det har vore ei glede å få teikne og måla!
Eg har funne att skapargleda på papir...Den har vore sakna i nokre år, for eg har teikna og måla så langt tilbake som eg kan hugse.
Boka er føreløpig kun trykka opp for familie og vener, men over nyttår skal turen gå til forlag på austlandet.
 
Siri

torsdag 25. desember 2014

Juleminner for livet

I dag har eg gjort mest mogleg ingenting. Kropp og sinn treng litt kvile etter ei travel, men god, julefeiring.
Me byrja dagen litt før halv tolv, med velkomst til alle som skulle kome. Graut og spekemat, dekka bord og mange forventningfulle mennesker, store og små.
Mange ville vere med og hjelpe, så å rydde av bordene og å dekke bordene klare til julemiddag gjekk fort. Eg stod i oppvasken min kjære kokkelerte, begge med god hjelp av dei andre som var vertskap.
Film, julegodter og snacks var neste på agendaen; ein sal med 'Flåklypa', og ein annan sal med 'Tre nøtter til Askepott'. Det var roleg i heile bygget då ;)
Leik og prat gjekk lett no. Ungane med roser i kinna og vaksne med glade stemmer. Med juleførestilling og sang knytta me ennå meir bånd.
Julemiddag - ribbe og pinnekjøt, med alt godt attåt. Juledessert - riskrem og dronning Maud-pudding. Og igjen - alle like hjelpsame med rydding.
Medan eg var i oppvasken, hørde eg sangen og gleda frå dei andre som gjekk rundt juletreet. Dei klappa og var opprikteg glade. Julegåver vart delt ut - ei gåve til kvar familie, og dei einslege fekk ei gåve tilpassa dei.
Å samlast saman dei siste timane, snakka saman, leika, syngja og dansa, gjorde inntrykk. Få høyra litt av deira historie, sjå og føla takknemligheta - det er vanskeleg å setja ord på. Me har fått vener for livet, minner som treng nokre dagar på å finna si form, for det heile var ei sterk oppleving.
Me reiste heim, tok av oss sko og sank saman. Det er lenge sidan eg har vore så sliten, men det var på ein god måte ♥
Alt dette har vore mogleg kun pga gjevarglede og sponsing.

♥ Det var ei god jul ♥

Siri

mandag 22. desember 2014

Så senker julefreden seg....

I kveld har me gjort siste førebuingar til julefeiringa. Gåver til kvar familie er pakka inn, julegodterier til barna er sortert i posar, så kvar og ein får sin eigen, sangane til gang rundt juletreet er valgt ut og øving på juleforestillinga er gjort...

Eg gledar meg til julaften no - for no har me blitt litt kjende med dei andre to vertsfamiliane, og eg tykkjer me utfyller kvarandre på ein god måte.

Mennesker frå 11 nasjonalitetar skal feira jul saman; eta julegrøt, sjå 3 nøtter til Askepott og Flåklypa, kosa oss med julegodter og snacks, synga og gå rundt juletreet, framføra og sjå juleevangeliet, eta god julemiddag, dela ut og få julegåver, og ikkje minst verta kjende med kvarandre.

Eg vil ønskja deg ei velsigna jul!

Siri

lørdag 20. desember 2014

Risboller

Risboller har alltid vore eit av dei sju slaga julekaker heime til jul. Eg har opp gjenom åra laga dei sjølve, med varierande av hell.
No har eg funne oppskrift og framgangsmåte som eg kan klara, utan å feile.....

Mengde kjem an på kor store dei vert laga; eg har brukt muffinsformer i ein mellomstørrelse mellom konfektformer og vanlege muffinsformer ~ ein munnfull eller to store ;)

Eg brukte:
200 gr delfiafett
100 gr kokesjokolade
2 egg
250 gr melis
1 ts vaniljesukker
ca 1,5 l puffa ris

*Smelt delfiafett og sjokolade ved svak varme, og avkjøl.
Pisk eggedosis av egg, melis og vaniljesukker.
Bland saman eggedosis og sjokolade/delfiafett.
Rør inn puffa ris.
Fordel passe porsjonar i muffinsformer, og avkjøl innan dei legges i boks.

Desse går godt av å fryse; dei tinar fort OG er kanskje ikkje så lette å finna for småkake-elskende nissar.

Siri

torsdag 18. desember 2014

I dag....

...er ein stor dag hjå oss! Min mellomste son gifta seg med sin kjære i Hong Kong. Dei feirar dagen saman med gode vener, god mat og ein litt annan kultur enn våres. Eg kjem til å feira med ei god åleinestund, med tende lys, så kan me feira ilag, alle saman, då dei kjem attende til Noreg i januar.

Det putlar og går i handarbeidsfronten, men ikkje så fort. Ein muskelknute i nakken set ein stoppar for dèt.....
Men eg er ferdig med eit hekla lystrekk, som dekker eit syltetøyglas. Restegarn i ull, og ein knapp frå knappeskuffen. Mønsteret blei til medan eg hekla.

No er det snart siste adventshelg, og eg trur eg må baka pittelitt til. Eg trur me må ha nissar i hus, for småkakene forsvinn så fort på mystisk vis, og det er jo ingen som har rørt dei....merkeleg ;)

Gåvene er kjøpt, pakka og snart levert, så her senker me skuldrene og let julefreden koma. Må du få ei god adventshelg òg!

Siri

onsdag 10. desember 2014

Vår julefeiring....

...blir saman med 3 andre familiar. Me skal vere vertskap, og lage ei god jul for barnefamiliar og vaksne utan barn.

Eg har i mange år hatt lyst å laga ei god jul for andre, og min kjære og eg har snakka om det i fleire år også. Det gleda mitt hjarte då me fekk moglegheita til å vere med på Ognatun og lage gledeleg jul.

No er påmeldinga over og me veit omtrent kor mange som kjem.
55 stykkjer kjem (kanskje opptil 64) , og det er mennesker frå Syria, Burundi, Noreg, Russland, Nigeria og mange andre land.
Dette gler eg meg til!

Me skal byrja dagen klokka 12 med graut. Så er det filmframsyning, ungane får julegodter, juleevangeliet og gang rundt juletreet. Musikk, glede og julesnacks. God middag, og kvar familie får ei gåve kvar. Julekvelden sluttar halv 12 på kvelden.

Minnene frå jula kjem garantert vera store, glitrande barneauge og roser i kinn ♥

Alt dette har vore  mogleg å få til med hjelp av innsamlingar og sponsorar. Det vart òg teke ei avgjering å halde ei innsamling slik at menn som er på Nærland asylmottak også skal få kunne feire ei god jul saman.

Siri

lørdag 6. desember 2014

'Badesvamp', med oppskrift

Heimalaga, god badesvamp som tåler 90 graders vask - DET er vel fint å få i gåve, eller rett og slett fin gåve til deg sjølv? ;)

Eg fann eit nøste Petunia, naturfarga sådan, og heklenål 3,5 (eg vil leite i lageret om eg finn eit meir fargesterkt nøste seinere).

*Byrja med 6 lm og lag ein ring.
*Hekle 15 st, kor den første er av 3 lm, avslutt med km i første stav.
*Hekle 5 st i kvar st omgangen ut, avslutt med km i første st.
*Hekle 3 st i kvar st omgangen ut, avslutt med km i første st.
*Gjenta forrige omgang, avslutt med km i første st og klipp garnet.

*Lag ei hempe av 35 lm, frå midten av svampen, og fest alle trådar.

km - kjedemaske
lm - luftmaske
st - stav

Eg har laga nokre av desse, og det kan være du må gå ned til heklenål 3 om garnet er litt tynnere. Det går med i underkant av eit nøste.

Siri

torsdag 4. desember 2014

Snø på ullfilt

Dei siste par dagane har eg kikka i, og rydda i skuffer, hyller og posar. Altså der eg har ein tendens å samla alt av smått og nyttig innen hobby og slik kos.

Plutseleg kom eg over denne filtpungen, ein gong kjøpt hjå Søstrene Grene, med prislapp og det heile ;)

Kva anna kan eg gjere, når nål, saks og broderitråd allereie stod framfor meg, enn å brodera litt på frihånd?

Eg er ganske så nøgd - får fram lengselen etter litt kvitt frå himmelen på denne årstida.

Siri

tirsdag 2. desember 2014

Tips til juleverkstaden

Det er høgtid for julete syslar, og alt det inneber.
Mange små og store skal kosa seg med juleverkstad, enten heime eller skule/barnehage.
Det er ikkje alltid lett å vite kva som egnar seg for ungane å lage, for dei skal jo kunne gjere det meste av syslinga åleine.
Her er eit tips til juleverkstaden, som dei fleste kan klare, OG som er enkel å finna materialer til;

Juletrepynt av telys-koppar

Fjern det som er att av lysrestar oppi, og kom i gang.
*Klipp hakk rundt og brett dei ut
*Lim på eit glansbilete
*Ha litt lim rundt, og strø på glitter
*Stikk eit hol og træ i ein tråd til hempe

Denne kan jo fort vidareutviklast ved å bruka litt silkepapir eller liknande, og bretta til ein 'rosett', lima den i midten, med eit glansbilete oppå. Eller lima 'rosetten' bak, og lima ein stor knapp i midten framme.
Her er det berre fantasien som gjeld ;)

Eg håpar dette kan brukast til inspirasjon for deg og dine.

God førjulsverkstadstid ;)

Siri