Viser innlegg med etiketten Britisk korthår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Britisk korthår. Vis alle innlegg

fredag 24. april 2015

Nokon kosar seg

Jellybelle - vår britisk korthåt-katt, ser kanskje ikkje så veldig blid ut. Men eg kan lova deg at dette er koseuttrykket hennes. Å liggja på fillerya på golvet og velta seg frå side til side, det er ikkje noko ho gjer sånn utan vidare.
Etter å ha blitt 'tvungen' til å få seg litt frisk luft, er det berre såååå godt å få koma innandørs att, same kor mykje sola skin ute.
Mor i huset kosar seg med sitt handarbeide. (bilete tatt med mobilkamera kveldstid er ikkje alltid det luraste)
Sokkar i herrestørrelse, strikka i Smart og noko MorÅse, trur eg, på pinnar 3,5. Desse har eg allereie putta oppi boksen kor alle sokkane som skal til Hå Mottakssenter ligg. Eg trur eg har 8 par no, og det blir nok nokre til innan dei skal leverast nærare jul..
Peppi, gode søtaste Peppi, som kom til oss for halvanna år sidan, berre for å vere hjå oss medan eigar fann ein leilighet det var lov å ha dyr i. Ho har blitt eit kjært medlem av familien.
Her ligg ho og nyt sola, også glad og nøgd etter å ha vore ute, men ho elskar utelivet òg. Pysete og redd det aller meste, men nysgjerrig som få.
Min kjære har laga ei kattegarde på terrassen, og kattane er trygge der.
Peppi klorar ikkje og ikkje bit ho heller. Ho er berre snill. Skulle ho bli irritert så slår ho, utan klør, med eine framfoten.
 
Gjer som kattane; ta deg ein strekk og nyt helga ♥
 
Siri 

lørdag 17. januar 2015

Ein sur katt og litt puslerier

Jellybelle, vår britisk korthår katt, har nettopp fått eit bad. Ho er ei vaksen dame, og veit godt kva som er greit og ikkje. Badevatnet var godt temperert, så det var ikkje noko å seie på det. Men meir enn 3 minutter, nei, det er for mykje av det gode....
Pelsen er tjukk, som på ein teddybjørn, og ikkje lett å tørka. Så her sit ho, og gidd med eit naudskrik å sjå opp frå pelsstell... Eg trur du ser kva ho meiner om eit bad....
***

På denne årstida vert det tent mange stearinlys, så fyrstikkeska vert for oppbrukt. Eg tok vare på to oppbrendte fyrstikker, og laga ei jente på fyrstikkeska ~ kledd i fin kjole..

Som ein liten fun-fact kan eg nevna kva me kaller ei fyrstikkeske her på Jæren; ~ STIKKEDÅSE...

Siri