tirsdag 30. april 2013

Vinnar!

001

 

Eg deltok i ein ‘give-away’ hjå rarebird the lab for ei lita tid tilbake, og jammen var eg den heldige vinnar! Boka ‘Strikkede tøzer’ har eg før lånt på biblioteket, og strikka nokre tøser frå. No er eg den lykkelege eigar av boka, og har handla inn garn til minst ei tøs med garderobe.

Eg har små planar om å ha ein aldri så liten gje-vekk på bloggen min, og håpar du kjem innom og vil delta ;)

Siri

mandag 29. april 2013

Garn frå ‘lageret’ kjem til nytte…

003

 

Gryteklutar hekla av Føn med heklenål #4. Eg har i utgangspunktet brukt same oppskrift som eg fann i Familien, berre lagt opp 40 masker med enkel tråd. Gode og mjuke, og dei vart godt mottekne av eldstesonen min.

Siri

lørdag 27. april 2013

Stolt! ♥

006

 

Minsteguten min har gjort det igjen ; han har dreidd. Denne gongen vart det ei flott klokke. Som du ser, så er klokka polert og fin, og treet har fint mønster i seg. ♥morshjarta lar seg lett gleda♥

Siri

onsdag 24. april 2013

Tjukke gryteklutar

002

 

I det forrige Familien var det oppskrift på hekla gryteklutar. Tjukke og gode, og veldig enkle å hekla. Dei to gryteklutane til høgre er hekla i Petunia, og dei andre fire er hekla i Mandarin classic.

Dobbelt garn og heklanål # 6, og vips ~ fleire gryteklutar i gåveskuffa.

Siri

onsdag 17. april 2013

Enkel vest til teddyen

290

 

Han ser litt meir nøgd ut no, med varm vest på seg. Vesten er strikka i dobbel Sandnes alpakka på pinne # 5,5. Knappane veit eg ikkje om eg vil ha, eller om eg kjem til å bytta dei ; me får sjå….

tirsdag 16. april 2013

Denne vil du vel helsa på?

296

Det er ikkje dei heilt store prosjekta eg hiv meg på for tida. Men til gjengjeld er dei utruleg søte!

Blekkspruten har eg hekla før, og små barnehender lekar stadig vekk med dei.

Lys blå Petunia og heklanål # 3. Maaange fastmasker seinare har eit knapt nøste forvandla seg til denne søte fyren.

onsdag 10. april 2013

Til ei dokke

002

 

Eit lite teppe på ca 50x50 cm. Hekla av ullteppegarn med heklenål # 3,5.

9 oldemorruter sydd saman, og nokre omgangar rundt det heile. Enkelt, men godt til ei lita babydokke.

fredag 5. april 2013

Praktiske til mangt

011

Nok ein idè til resirkulering av t-skjorter. Eg har laga fleire størelsar, og ser nytte av desse spesielt til sommaren. Då er me oftare på tur, både ved strand og vatn, og treng noko å ha badetøy i.

Som eit grønsaknett er det òg bra.

Her finn du sida eg har funne idèen frå ;)

Siri

mandag 1. april 2013

Når me skal på tur…

003

…pakkar me niste i denne sjarmerande nistekofferten frå Blafre.

Det er prinsessa som har valgt design, og det er ho som vil bære den på turen.

Her er plass til det me treng på ein mindre nistetur; juice for to, skiver med banan og noen kapteinkjeks med fårepølse. Me kunne ikkje koma fort nok fram, meinte prinsessa…

 

002

 

 

…og me kunne ikkje koma oss fort nok ut ifrå skogen heller, for her var det småskummelt fekk eg vite.

Kofferten kjem nok til å få høyra mykje…