fredag 6. november 2015
Nytt liv til gjenbruksfunn
tirsdag 27. oktober 2015
Bilder fra avisreportasjen i Stavanger Aftenblad
søndag 25. oktober 2015
Hagen vår i Stavanger Aftenblad
tirsdag 15. september 2015
Fra herregarderoben
søndag 6. september 2015
Gjenbruk på Grødalandstunet
lørdag 22. august 2015
Oppheng til skolesekkene
tirsdag 18. august 2015
Blåbærturen som ikke bare ble blåbærtur
tirsdag 28. juli 2015
Babyrangle
søndag 14. juni 2015
Sommer og hage
lørdag 16. mai 2015
Nesten klar
Bunaden til Frøken Dings er ferdig strøken, sølja er pussa og 17.mai-søyfa sett på.
Her er både bunad og sølje kjøpt brukt; sølja på 'Gjenbruken' og bunaden gjennom kjøp-og-salg på facebook.
Bunaden kjem nok til å gleda fleire småjenter etter Frøken Dings også, for det viser ikkje at den er brukt eingong.
Utover dagen har eg planar om å steike karbonader og eggerøre, og guten på snart 16 skal lage Brownies. Han har eit ønskje om at den skal lagast ein dag i forvegen, for då er den best, seier han :)
Om eg får til nokre vannbakkelser i morgon, så er det ein bonus.
Spekemat har eg klar, brus er innkjøpt, og is har eg snikt inn i frysen. Den har ein tendens til å forvinna om nokon ser den, og det er iiiiingen som har teke noko!!
Me kryssar fingrane for sånn passe greit vèr, og ønskjer alle ein flott 17.mai!! ♥
Siri
mandag 9. februar 2015
Babysmekker
Etter å ha hekla babyteppet hadde eg ennå litt ullgarn att. I boka ‘Myk start’ er det oppskrift på babysmekker, og det står noko om at smekke i ull er perfekt for en siklende baby. Då blir ikkje babyen kald sjølv om smekka er blaut. DET har eg ikkje tenkt på sjølv, medan mine var små…
Ei smekke i ullgarn, til sikling, og ei smekke i dobbelt bomullsgarn, mandarin petit. Ullsmekka er strikka litt kortere kun fordi eg gjekk tom for garnet, men eg trur smekka gjer susen uansett.. Knappane er klyppet av gamle klede, så her er det litt gjenbruk i same slengen; det kan eg lika.
Siri
fredag 15. februar 2013
‘Syskrin’
Eit gamalt noregsglas på 1 liter er raskt gjort om til eit enkelt syskrin.
Ta vekk glaslokket og erstatt med ein tøylapp, litt fyllvatt, lim og papp. Då har du nålepute på toppen og god plass i glaset til dei mest nødvendige ting du treng i eit syskrin.
Ypperleg å ha på hytta eller i campingvogn. Super gåve til den nye hybelboer òg.
Siri
tirsdag 22. januar 2013
Det var ei gong nokre slips…..
Eg har fått meg ei aldri så lita samling med herreslips, med tanke på resirkulering. Ikkje alle slipsa er like enkle å finna prosjekt til, men det finnes òg utruleg mange flotte slips.
Over ser du slips gjort om til armbånd, med ein gjenbruksknapp til pynt. Silkearmbånd…
Slipssmykke – med ein ‘diamantknapp’ til pryd. Dette smykket vil henga litt ned på brystet, og fint til utringa topp/kjole.
Eg undrast, er det mange som kunne tenkt seg å bruka diverse slipsmykker….?
Siri
torsdag 3. januar 2013
ut i den 'store verda'
Gå inn på nettsida deira og sjå alt ein kan oppleva ved Ogna Scene, og Helgåleiren.
Her kan nokon og einkvar få gang på kreativiteten, og nyta underhaldning, god mat og hyggelege mennesker.
Kunst, Musikk, Mat og Positive innputt er dei orda eg tenkjer fyrst, når eg tenkjer på Ogna Scene og Helgåleiren..
Siri
søndag 9. desember 2012
Pose med julelukt
Posen har eg sydd av ein bit frå ei herreskjorte, ein blonderest frå Fretex, knappar frå gamle klede og eit kjede frå eit avlagt smykke.
Stoffet er ganske tynt og lukta får fritt strøyma ut.
Siri
fredag 7. desember 2012
Prinsesseinnlegg
Me har leita i butikkar etter dominobrikker, utan hell. For ikkje lenge sidan kom eg over ei stor bøtte med treklossar på Gjenbruken, for den nette pris av 60 kroner. Då var noko av problemet løyst ; her var avlange klossar som kunne brukast på dominomåte.
Ho byggjer slott av dei andre klossane, og set opp dominobane av dei avlange...
Prinsessa elskar å pynta seg, og kjole er favorittplagget. Denne kjolen er kjøpt hjå 'LagetAvLiv', og har vore ofte i bruk i haust.
Klemmer og hårbøyler er også eit 'must'. Jo meir dill, desto betre...
Jellybelle trivst godt i heimen, og er elska av samtlige i huset. Ho sjarmerar kvar ein gjest som kjem innom òg. Skulle ho sova medan me har gjestar og dei ikkje får sjå Jellybelle, så får dei garantert høyra ho ; ho snorkar ganske så høglytt.
Siri
torsdag 6. desember 2012
Mini-BabyBorn
Sisu-restegarn har gjort susen her. Knappane kjem frå boksen med gamle, avklypte knappar frå klede. Kanhende i største laget til lille dokka, men Prinsessa har ikkje kommentert det.
Enkel kjole, og enkel hue.
Og under det heile, ei god og varm truse.
Ei hekla seng av ukjendt garn, og sengesett strikka av pittelitt Mitu.
Eg kosa meg med miniprosjektet, og har allereie kjøpt ei lita dokke eg skal utstyre med garderobe til eit eventuelt framtidig bursdagsborn.
Siri
søndag 2. desember 2012
1.sundag i advent
torsdag 29. november 2012
Julekalendar
fredag 9. november 2012
Slips ~~~
Dette slipset er garantert ikkje det finaste av sitt slag, men med litt nål, tråd og knappar har eg laga ein artig pung av halve slipset.
Pungen lukkes med ein trykknapp, og er akkurat passe stor til å gøyma små viktige ting i, slik at dei ikkje forsvinn i veska.

























