tirsdag 21. juni 2011

Hage treng stell..

Midt i all flyttesjau finn min kjære tid til hagearbeid, og er det noko det er nok av på min eigendom, så er det arbeid utandørs...

I kjellaren har eg hatt denne hylla ståande sidan eg flytte inn i 2004. Eg er temmeleg sikker på at hylla er mest like gamal som huset mitt, som er bygd i 1952.. Hylla har no fått nytt 'liv' ute i hagen, og får gleda oss der til ho ikkje orkar meir..

Plattinga la eg ned for nokre år sidan; den er armert betong, tung som fy, skåret ut av eit eller anna bygg av lokalt betongsagingsfirma.. Garantert frostsikkert!

Klypp av Villkaprifolen var naudsynt, min kjære gravde fram mine steinskattar, og eg fann fram fuglekasse, takløk og anna som pyntar opp i hylla...


I hageskuret hadde eg ein gamal gullramme liggjande, og ei korg..
Den blå sola har eg fått av mi syster etter ho hadde vore i Tyrkia...
Ripsbusken skulle strengt tatt vore planta, men det kjem sidan.. Ein vase med pioner eg har fått av min kjære..
Eg trur me kjem til å ha glede av dette hagehjørnet gjennom heile sommaren.

Siri






torsdag 16. juni 2011

Kjærleik og venskap til følgjernane


Når eg nyleg hadde meg ein togtur til Stavanger, måtte eg innom 'Søstrene Grene'. Det er ein spanande butikk med alt du ikkje visste du treng...

Eg fall for denne japanske 'Kokeshi-dokka'. På lappen står det at 'å gje ei Kokeshi-dokke som gåve har ein særleg symbolsk verdi i Japan.' Dokka representerer kjærleik og venskap.

Sidan eg er glad i alle følgjerane mine, og ser på dei som mine blogg-vener, tenkte eg at eg vil trekkja ut ein vinnar blandt følgjerane mine, av denne dokka iløpet av juni månad. Aller helst skulle de fått ei dokke kvar, men alt til si tid...

Siri

onsdag 15. juni 2011

Bursdagsgåver og flyttekaos

På laurdag vart eg 40 år. Ikkje at eg har feira ennå, men eg har fått nokre gåver...

Dette måleriet fekk eg av min kjære. Det er måla av Liv Astrid Bauge - eller Snuskebassa. Ho målar utruleg mange festlege bilete som ein berre må trekkja på smilebåndet av. Etterkvart er planen å henga biletet i entrèen, slik at alle kan få noko å smila av så snart dei kjem inn døra..
Den mest overraskande gåva fekk eg frå Tante Astrid, ein nabo på godt og vel 90.. Ho plinga så forsiktig på døra på fredagen, og mest kviskra eit lite, syngande 'Hallooo'...
Ho ville gje meg ei gåve til 40-årsdagen... Eit nydeleg hekla teppe i brunt og gamalrosa..

Elles har eg fått gåve frå gode arbeidskollegaer, kjekke vener og damene i favorittbutikken min; Krims&Krans.

Sjølve feiringa får vente til me er ferdige med flyttekaos. Då inviterer eg til kaffi og kaker...



Så over til grunnen til mi fråværande blogging...
Flyttekaos!!
Min kjære flyttar inn til meg, og sjølv om det er noko eg har sett fram til, så krev det litt tid å få oversikt over esker, boksar og instrument....

Dette er berre nokre få instrument som skal få plass...


Og bøker - eg gler meg til å få sitja og lesa i alle bøkene, aller mest til alle eventyrbøkene... Eg har elska eventyr sidan eg var liten, og trudde eg hadde lest dei aller fleste. Men i denne kassen ligg eit 10-tals tjukke eventyrbøker som skal trålast av meg på mørke haustkvelder.


Siri


søndag 5. juni 2011

Ønskjer sommaren velkomen!


Her er eit bilete eg tok tidleg i juli i 2010. Det var tåke, men allikevel fint vèr. Minstemann og eg reiste med ferja frå Bokn til Rennesøy for fyrste gong.

Lite visste eg at iløpet av det neste året skulle eg pendla fram og tilbake til Bokn fleire gonger i månaden...
Dagen etter dette biletet vart teke, 'traff' eg min kjære, som enn så lenge bur på Bokn.
No nærmar det seg slutten på pendling for oss. Min kjære flyttar inn til meg om berre eit par veker.
Sommaren byr på mange gleder - eg fyller 40 den 11.juni, min kjære flyttar inn til meg like etterpå, me har eit bryllup å planleggja, og endeleg skal me få vera saman kvar dag....

Må sommaren bringa med seg lykke og glede for deg òg!!

Siri