fredag 21. oktober 2011

Lettvindt ostekake/dessert

Skal du ha gjester, eller berre vil gleda dei heima med noko godt, kan eg verkeleg anbefala denne desserten/kaka.
Det var eg som var månadens vertinne i foreninga eg går i. Eigentleg ville eg ikkje bruka for mykje tid på kjøkkenet akkurat den dagen. Då kom idèen om å prøva meg fram til ein dessert som eg fekk servert i eit anna selskap nyleg. Utan oppskrift å gå etter var det berre å satse på lykke og fromme...

Ein stor porsjon vart det, sikkert nok til 10-12 stk, så den kan godt halvverast om du ikkje treng så mykje.

Her er brukt;
2 pakkar fløte
500 g melis
2 pakkar philadelfiaost

2 pakkar Safarikjeks

3-4 kiwi delt i skiver

~ pisk fløte og melis, og tilsett osten og rør til kremet.
~ knus kjeksen

legg dette lagvis i ei skål, og nyyyt.
Her er det eigentleg fritt fram til å bruka den kjeks og frukt/bær du måtte ønskje sjølv.

Siri

torsdag 20. oktober 2011

Lause trådar

Sokkestrikking for tida.
Enn så lenge lar eg berre trådane vere, og festar dei etterkvart.
Dei raude sokkane med aprikos hæl og tå, er strikka i Pickles garn eg har hatt liggjande ei stund. Alldeles hærleg garn å strikka med, og drygt er det òg. Størrelsen er ca 36-37.

Det vil etterkvart bli noko restegarn, og dei små sokkane er strikka av sådan. Størrelse eit-par-og-tjue. Kjekke å ha liggjande på lur til mine små fadderborn.

Siri

tirsdag 18. oktober 2011

Pakke frå hemmeleg ven

 Oktober kunne by på nok ein runde med 'hemmeleg ven' på Hobbyboden. Kva kan vere meir spanande enn å motta ein pakke frå nokon du slettes ikkje veit kven er...?!
Nydeleg lilla garn, og eit nøste kvit...tovbart alt saman. Sjokolade og kaffi, og telys med vaniljeduft..
Tusen, hjarteleg takk, min kjære hemmelege ven!
 Elles har eg tida for dei små prosjekt; hekla krukkelokk. Her har eg prøvd meg etter innfallmetoden. Perlebæra er nokre perler frå eit gamalt smykke...
 Sennepskrukka har òg fått seg lokk. Ikkje heilt nøgd med denne oppskrifta. Sløyfebandet er ein stump frå merkelappen til brudetoppen min. 
 Restegarn omgjort til nålepute. Knappen er eit aldri så lite funn på 'Gjenbruken' for 1 krone.
Meir restegarn, og knapp frå avlagte klede.

Har funne ut at desse nåleputene er ypperlege å ha liggjande på lur i gåveskuffa. Det trur eg fleire krukkelokk òg vil verta.

Siri

mandag 17. oktober 2011

Blåtur med min kjære

 Tidleg sundag morgon la eg planar for ein blåtur med frukost saman med min kjære.
 Enkel niste; grov skjeve med pålegg, juice, kaffi, kjeks og to små 'Kvikk Lunsj'er'.
 Hauge i Dalane har mange flotte turveger å by på. Her er me på veg til 'Ruggesteinen'.
Min kjære vart vakna tidleg, med opplysingar om å kle seg for utevèr, og kanhende han ville ha med kameraet sitt...
Og, ja, som Mayen lurde på i forrige innlegg; eg er ein håplaus romantikar og livsnyter...

Siri

fredag 14. oktober 2011

mandag 10. oktober 2011

Brunsviger

Ei kakeoppskrift eg vart nysgjerrig på ein føremiddag...
Førebuing, hevig og steiking tok berre 1 time til saman, så det er ei kjekk oppskrift å bruke om ein skulle få lyst på noko lettvindt, eller får 'uventa' gjester..

3 dl mjølk
50 g fersk gjær
125 g smør
1 ss sukker
2 egg
600 g kveitemjøl

Topping;
250 g smør
250 g brunt sukker
2 ss kanel

~smelt smøret, hell i mjølka og varm til 37 grader. Løys opp gjæren i blandinga og tilset sukker.
Tilset mjølet litt og litt saman med egga.
Bre deigen ut på bakepapirkledd langpanne, og la den heve 30 minutt. Prikk deigen med fingrane.
Smelt smør og sukker i ei gryte og bland i kanel. Hell toppingen over deigen.
Steik kaka i ca 25 minutt ved 200 grader.

Smaken minnar om karmelliserte kanelboller.. MMmmm


Siri

mandag 3. oktober 2011

4 nøster Føn

 Etter å ha handla nokre posar garn(posesalg -fyll ein pose for 200,-) på Gjestal Spinneri, er det berre kva som skal brukast til kva.... Eg har såvidt strikka eit par klutar i Føn før, så valget var lett med desse nøstene.
Eit gjestehandklede og ein vaskeklut ~ handkledet er ca 50x70 cm..
Svart er ikkje ein farge eg har sjølv, men settet gjer seg utmerka godt i gåveskuffen føreløpig.. Det nærmar seg tross alt jul, og det kan jo henda me treng ha med vertinnegåve òg ein gong..

Siri