søndag 30. mai 2010

God tur

I pinsehelga reiste minstemann og eg på tur saman med 28 andre born og vaksne frå det lokale 'Barnas Turlag' i den Norske Turistforening. Det var fyrste gong for oss to, og me hadde gleda oss i mange veker.
Turen gjekk til Gaudland, eit nedlagt gårdsbruk i Sokndal kommune. Me var så heldige at me fekk sengeplass i hytta, men det låg godt tilrette for telting òg.
Laurdag og sundag pakka me niste og badeklede i sekken, og gjekk to fantastiske turar. Her er bilete frå eit tjern høgt oppe i fjellet kor ungane fekk eit friskt bad.


Me tilbragte heile dagane og kveldane utandørs, og koste oss rundt bålet når det vart litt kjøligare om kvelden.

Ungane storkoste seg då det vart drege opp garn med godt over 20 aurer i. Dei fekk vere med og sløye den, og ete grilla, nyfiska aure til middag.
No gler me oss til neste tur, for dette var ei fantastisk oppleving saman med mange hyggelege små og store!
Siri




søndag 16. mai 2010

Pay it forward

For ei tid sidan var eg så heldig og få vera med i 'pay it forward' hjå Sonja. Og berre sjå kor flott gåve eg har fått av ho! Sokkane er både flotte og varme, og kjem til å gleda mine føter mang ei gong. Kaninen er laga av ein vaskeklut, og held styr på q-tipsane mine på bade.
Reglane i 'pay it forward' er som følger; Når du mottek ei gåve, skal du trekka ut 3 nye, og du har 365 dagar på deg til å senda ei gåve vidare til kvar av dei 3. På den måten vil mange få gleda av å hente ei spanande gåve på posten :o)
Du melder deg på ved å leggja att ein kommentar på dette innlegget, og er det fleire enn 3 kommentarer, så trekker eg ut 3 heldige som innan 365 dagar vil få ei gåve frå meg.
Siri

søndag 2. mai 2010

Kaker og konfirmasjon

Så langt har det vore ei travel helg. Fredag gjekk med til kakebaking og pynting. Ynskjet var ei enkel, men stor marsipankake, så valget vart ei stor bokform.
Konfirmasjonsbordet var pynta med kvite roser. Dei låg på svarte fat med nokre perler oppi. Difor laga eg kvite roser til kaka, og ein perlekant av marsipan rundt.

Sjokoladekaka skulle òg vera enkel. Då er denne blomsterforma fin, og eit lite dryss av sylvkuler i midten var nok.
Laurdagen gjekk med til kjøkkentjeneste i konfirmasjonen. Det var ein utruleg flott konfirmant som vart feira av ein raus og fin familie eg har kjendt sidan eg var lita.
Siri