søndag 31. januar 2010

Leggvarmere


Eit par korte leggvarmere strikka i perfect frå sandnes garn på pinne 4,5. Eg la opp 56 masker og strikka 2r, 2vr. For å få det skeive mønsteret forskøyv eg med ei maske kvar 5. omg.
Dette vart ei morsdagsgåve på forskot.
Siri









fredag 29. januar 2010

Give Away


Eg fekk så inderleg lyst til å ha ein aldri så liten Give-Away, og sjølv om eg tykkjer me har hatt ein flott vinter, lengtar eg litt etter vår.. Så min give-away er eit resirkulert,lite handlenett i gladfargar og blomar.
Reglane er enkle;
1. Du får eit lodd for kommentar på dette innlegget.
2. Du får eit ekstra lodd om du lenkjar dette innlegget på bloggen din.
Hugs og skriv kor mange lodd du har.
*Og trekninga vil eg ha på Valentinsdagen, 14. februar.
Ynskjer deg alt hell!
Siri

Heldige meg!


Nyleg hadde Astri ein enkel konkurranse på bloggen sin, Smykkas. Ein skulle berre telja alle englane ein har framme, utanom julepynt, og eg var på ein rask teljerunde og kom fram til 17 englar (kan jo nemna at min vesle 'galskap' er englar og hjarter).
Det viste seg at den med mest englar vann eit smykke.
Eg VANN!!
Smykket har eg på meg, og det er spesialdesignet til meg. Det er heilt perfekt til meg, og eg kjem til å bruka det ivreg.
Tusen takk, Astri, for å ha vore så raus, og ikkje minst, flink!
Siri

onsdag 27. januar 2010

Plastik fantastisk...?

Inspirert av boka 'Brukt på nytt' har eg klypt plastposar og ein raud søppelsekk i remser, og nøsta dei opp. Så fekk dei liggja så fint på vent ei heil stund.
I kveld fann eg dei fram og sette i gang med heklenåla. Ein treng ikkje vere redd for å knuse denne, og skulle ho ein gong rakne så er ikkje det heller katastrofe. Ho har kun kosta meg litt kos på fritida. Ser føre meg at korga kan vere praktisk på terrassebordet, med ein plante oppi. Eller som her; til fruktkorg.

Siri


tirsdag 26. januar 2010

Frå skuffer og skåp

For ei tid tilbake fekk eg ein stor pose med avlagde sengklede. Ikkje lengje etter fekk eg nokre gamle broderi, og alt dette hadde eg berre plassert i skuffer og skåp oppe på loftet.
No undrast eg på om givarane gjenkjenner dette...?
For i dag har eg nytt fridagen ved symaskinen.


Og av 3 putetrekk og 2 broderi har eg klart å laga eit handlenett eg vert glad av å sjå på. Eit broderi på kvar side, med sydd ramme rundt.

Eg er no spendt på tilbakemeldingar på handlenettet...Og takkar for gavmilde vener! Dette kunne lett berre blitt kasta.

Siri



søndag 24. januar 2010

Men handarbeidet er mitt...

Ein ting er sikkert; eg kjem til å behalda hobbyane mine uansett. Og i det siste har det vore mykje strikk. No er det årstida som har sett sitt preg på kva eg har på pinnane òg, og desse tøflene var superenkle å laga.
Dei er strikka i Hubro på pinnar nr 7, og tova på 40 grader etterpå. Og etter å ha rydda litt i garnlageret mitt, veit eg at eg har nok garn til å strikka fleire av desse. Det kan vera kjekt å ha slike i gåvekassen min..
Etter toving..


Nok ei Alfa-hue, rett i gåvekassen..


*No har eg planar om å finna fram symaskinen etterkvart. Resirkulering på gang! Berre eit par ting til som må verta ferdig fyrst.

Siri


fredag 22. januar 2010

Stilling ledig?


Eg viser til Dykkar annonse og søkjer med dette stillingen. Eg er blid og omgjengeleg....
Bedriften eg er ansatt i er under omstilling. Og i dag fekk eg vite at eg ikkje kjem til å ha arbeid der etter somaren. Mykje overtid skal jobbes innan den tid, men det vert nok med blanda følelser eg kjem til å gå overtida.
Tida er inne for eit nytt kapittel, og eg har ikkje heilt klart å gjer meg opp ei meining om korleis eg kjem til å møta det. Er det kanskje no eg er så stor at eg skal vite kva eg vil verta? Og korleis skal eg selja meg sjølve? Litt meir presentabel enn klovnen på dette biletet iallefall, om det ikkje er jobb i barnehage eg søkjer då...
Ein ting er sikkert; eg går tida i møte i spenning...
Siri

tirsdag 19. januar 2010

Av restegarn


Det vert alltid litt garn til overs når ein strikkar, og etter all sokkestrikkinga i det siste så er det sokkegarn i restekorga mi.
Ankelsokkane er strikka i Big Fabel frå Drops på pinne 4,5, og er i str 36. Mjukt og godt garn som var raskt å strikke.
Dei små tippar eg er ca str 22 og er av Robust fra Sandnes Garn.
No har eg lyst å finna andre prosjekt, tenkjer eg.
Siri

søndag 17. januar 2010

Helgas handarbeid


Her er denne helgas handarbeid. Eg har gjort ferdig herresokkane, og i morgontimane i dag har eg laga nok ei lue i Alfa-garn.
Det vert stort sett berre enkle handarbeid for tida, for eg jobbar litt meir enn vanleg. Då treng hovudet å sleppa for avanserte prosjekt om kveldane... :)
Siri

onsdag 13. januar 2010

Eg har vunne!

Før nyttår deltok eg i ein namnekonkurranse i Miriam's hobbyblogg, og like etterpå fekk eg ei hyggeleg melding om at eg var vinnaren. Vinnaren skulle få ei lita oppmerksomhet i posten, og i går hadde postmannen med seg eit tjukt brev til meg. Eg er verkeleg heldig, for oppi brevet låg eit mønster til ein haustløper med troll på, og eit julestoff. Tusen, hjarteleg takk Miriam, du traff blink!


Og her er, ikkje overraskande, denne vekas handarbeidsprosjekt - herresokkar str 41/42 i Robust frå Sandnes Garn.


Siri

søndag 10. januar 2010

Kalde tider

I desse kalde tider er det strikking av sokker som gjeld...
~eit par str 36/37 i Robust
~eit par i tubestrikk str 35/37 i Strømpegarn
begge typar frå Sandnes Garn
Siri

Award

Sylke, med bloggen Lysstreif, har gitt meg ein award for interresante innlegg. Tusen takk!
For å ta imot awarden, må eg skrive 7 ting om meg sjølv;
  1. Eg vart kalla for Teodor då eg var mindre ~ fordi eg var uheldig og sykla i grøfta med trehjulssykkelen min.
  2. Eg var speider då eg gjekk på barneskulen ~ og saknar det no.
  3. Eg vart mor for fyrste gong då eg var 17.
  4. Eg er ein uhelbredeleg romantikar.
  5. Eg ynskjer meg ei kreativ utdanning/kreativt yrkje.
  6. Eg har alltid minst 7 uferdige handarbeid liggjande.
  7. Lilla er favorittfargen min.

Eg vil gje denne awarden vidare til desse 7 bloggarane; ta imot awarden om de har lyst.

Olava's Verden ~

Sefta holm Design ~

Hanne's lille verden ~

Brit's små puslerier ~

Muffins verden ~

Hanne's hage ~

ToneM ~

De har nokre flotte blogger som eg ofte er innom..

Siri

onsdag 6. januar 2010


I dag fekk eg ei lita utfordring av ein type eg meir enn gjerne vert med på. Utfordringa kjem frå Turid, og sitatstafetten er starta av Petunia. Eg tykkjer at desse bileta passar saman, og sitatet kan vera til ettertanke for nokon og einkvar.
Stafettpinnen gjer eg vidare til Maiken med bloggen FrøkenNylundBlogg, og Josefine med bloggen Josefine's Verden



Siri


lørdag 2. januar 2010

Av gamle dynetrekk

Opp gjenom åra slit ein nokre dynetrekk. Eller sjølv om dei er heile, så er dei så tynnslitne at ein vel å kjøpa nye. Eg har vore så heldig å få nokre dynetrekk av vener, og nokre har eg teke vare på sjølv. Tidlegare brukte eg dei som mellomlegg og bakside når eg sydde lappetepper. Men etter å ha kjøpt boka 'Brukt på nytt', har eg funne ein vel så god måte å gjere nytte av dei. Og kva er vel betre enn gjenbruk i desse klimatider...?
Det som tek lengst tid er å klyppa dei opp i remser. Så var det berre å finna fram heklenål, og setja i gang. Eg brukte heklenål nr 8 til dette teppet.

Teppet er 65 cm i diameter, og som du ser er det akkurat passe stort til Vira Kotcha.
Siri