søndag 25. april 2010

Tankar på ein sundag


Me er det me tenkjer
Alt det me er, stig fram av det me
tenkjer
Med tankane våre skapar me
verda.
Snakkar og handlar du med eit
ureint sinn,
Vil du verta forfulgt av problem
På same måten som hjulet fyljer etter oksen som
trekkjer kjerra.
Me er det me tenkjer
Alt det me er, stig fram av det me
tenkjer
Med tankane våre skapar me
verda.
Snakkar og handlar du med eit
reint sinn,
Vil lykken alltid vera din trufaste
fyljesven
På same måten som skuggen
din, som du ikkje kan rista av deg.
-DHAMMAPADA

onsdag 21. april 2010

Småfolk på veg



For ikkje lenge sidan fekk eg den gledelige nyheten at eg skal verta tante igjen. Det er ei stund til ennå, men eg var ikkje sein med å hente heim mønsterhefter med klede til småfolk.

Fyrst og fremst falt eg for denne karen. Sjiraffen fann eg i heftet 'Tema 21 0-1 år' frå SandnesGarn. Han er hekla i sandnes mini duett og fyllt med ull.

No har eg lagt opp til ein body i same heftet, og kosar meg med strikketøyet.

Siri

lørdag 17. april 2010

Me hadde tenkt å fiska....


...men sidan minsteguten er så forkjøla og det er kald og sur vind ute, så var det best å finna på noko innandørs..
No passa det slik at syster mi skulle passe barnebarnet, og me kunne finna på noko ilag med gutane.
Eg fann fram hobbymåling og akrylmåling, og syster reiste innom Europris og kjøpte lerreter til å måla på.
Her er eit nydeleg akrylbilete måla av barnebarnet på snart 6..



Og her er gutane sine akrylbilete av to monstre, og nokre små figurar måla med hobbymåling.
Dette har gjeve meirsmak, og det er ikkje lenge til me må ha eit hobbytreff igjen.
Siri

torsdag 15. april 2010


Det lagar seg nok alt, berre ein ikkje kjem i ulage sjølv.
Arne Garborg

tirsdag 13. april 2010

Hemmeleg ven i april og godvèr


Pakke, pakke pakke!!! Eg elskar pakkar! Trur eg har nemt det før òg..
Eg melde meg på Hemmeleg ven for april på Hobbyboden , og no har pakken kome med posten. absolut ingen hint om kven som har sendt pakken, så eg får vente på avsløringstråden i spenning..
Men, iallefall, tusen hjarteleg takk for ein ypperleg pakke!! Fargane er perfekte. Dei to lyse nøstene har glittertråd i sylv i seg, men det kjem ikkje fram av biletet.




Dagen i dag er av årets varmaste og flottaste til no. Katten vår, Vira Kotcha, har så langt berre vore ein innekatt, men no som dagane vert varme, står døra open for å lufte. Her er ho på sin andre tur ute, og tydeleg spent og skeptisk til alle nye lukter og lydar, sit ho i hekken til naboen og kikkar.
No kryssar eg fingrane for at heile veka vert så flott som i dag.
Siri

søndag 11. april 2010

Og den heldige er...


Dagen er komen for å trekka vinnaren av min give away... Etter å ha vore ute i sola heile dagen - på skating og grilling med minstemann - gjorde eg det enkelt.
Eg skreiv opp namna på alle deltakerane og antal lodd. Nummererte dei, og ba min mellomste gut om å velja eit tal frå 1 til 34. Han valde 15, og vinneren er; Tat-taaa! - Turid, med bloggen Sefta Holm Design. Gratulera så mykje!
Siri

torsdag 8. april 2010

'Hekta' på give away...?!


Rundt om i o' store Blogglandia finnes så utruleg mange kreative bloggdamer. Eg kjem stadig inn på bloggar som får meg til å gøyma tida heilt..
Og mange av desse flotte bloggdamene har give away's både titt og ofte. Dette er mest som lykkeposar for meg - noko eg heilt frå eg var liten av ikkje har klart å motstå...
Eg meldar meg på, og kryssar fingrane for at eg kan vera den heldige.
I mars var eg heldig - og i dag kunne eg henta denne nydelege boksen på posten. Den har reist heilt frå Danmark, og det er Trine med bloggen 'Søhesten' som har laga den. Ho har ein flott blogg som du gjerne må innom. Tusen, hjarteleg takk, Trine, for ein vidunderleg boks!
No er det ikkje mange dagane til eg skal trekkja min give away, og det er ennå rom for fleire. Meld deg gjerne på her..

Straks skal eg på jobb - siste dag/kveld før eg tek helg, så eg ynskjer deg ein fortsatt fin dag, og takk for at du kikkar innom!

Siri

tirsdag 6. april 2010

Når prinsessene skal koma

Å invitera små prinsesser til kveldsmat er ikkje berre spøk. Iallefall ikkje når ein sjølv berre har gutar i hus, og lite med prinsesseleiker i skuffer og skåp.
Då er ein tur på Gjenbruken redninga for min del...
*Dukkelise sat så fint i ei korg og blunka til meg, og ho har fått ein ny heim hjå meg no.
Men garderoben var ikkje noko å skryta av, så det var fram med bøker, restegarn og strikkepinnar. Boka 'Brukt på nytt' av Kathrine Gregersen var midt i blinken!
Føreløpig har Dukkelise fått selekortbukse og sjal, men kjole er planlagt..
Og Gjenbruken kunne by på meir.
Eit dukkeservise i forskjellige delar falt heilt i smak hjå prinsessene. Sjølv kunne eg tenkt meg å finna ei tekanne også, men den dukkar nok opp ei gong, den også..
Fløtemuggen er den einaste delen eg har att frå mitt eige dukkeservise. Trur ikkje eg var så forsiktig i leiken min som barn.
Siri

mandag 5. april 2010

Give away hjå Ingrid Riddervold Design

Ingrid Riddervold Design har ein flott give away, heilt etter mitt hjarte! Her snakkar me resirkulering på høgt plan.
Eg har ofte vore innom både bloggen og nettbutikken hennes. Det er kjekt å sjå kva ein kan laga av noko som andre kanskje ville kasta utan å ofre det ein tanke.
Trekninga av denne give away'en skjer 19.april.

Siri

søndag 4. april 2010

Sitjeunderlag

Det er ikkje alltid eg har ein plan når eg handlar garn. Det gjeld for dette kjøpet; nokre nøster Hubro frå Dalegarn.
Men om berre dei små grå samarbeider, så vert resultatet bra til slut.
Det vart nok eit sitjeunderlag for ei 'vaksen' rompe, men dei treng å halda varmen dei òg..

Eg festa på eit band, så kan det rullast saman når det ikkje brukast.
Siri

torsdag 1. april 2010

Vel heima


Så var me heima att etter nokre hærlege dagar i Danmark. No har det vorte slik at gutane MÅ innom og helsa på denne karen kvar gong me kjem i land i Hirtshals. Det er mest med litt skrekkblanda fryd dei studerar han, og sjølv om den på norsk heiter 'Månefisk', så meinar dei det danska namnet er meir passande; 'Klumpfisk'.

*

På veg heim er eg berre nødt til å stoppa på Moi, og kikka innom '
Landstil'. Her er ein liten smakebit på kva eg fann denne gong...




*

Tidlegare i år melde
eg meg på 'Operation Påskeglad', og jammen låg det ein liten pakke og venta på meg i postkassen då eg kom heim. Som sagt tidlegare; eg elskar pakkar, både å gje og å få... Denne gåva kom frå Danmark, og i brevet som fulgte stod det ei bloggadresse som eg skal innom straks:
http://mullamy.blogspot.com . Og eg må takke Mona for den koselege gåva ho sende; to hjarter i ein hærleg og dus farge.


*

Medan gutane bada og bada i Danmark, fekk eg nok av tid til handarbeide. Eg hadde meg nå nokre dukkertar eg òg, men har ikkje heilt den same lysta til å bade på timesvis..

På biletet er alle dei ferdige prosjekta som vart til på ferien..
To huer i Sandnes garn Palett, to klutar i bomullsrestar, eit par gryteklutar i Gjestal Bomull Sport og til slut eit gryteunderlag i Mandarin petìt..

*

Hua er enkel;

Legg opp 72 m på pinne nr7. Strikk 2 r og 2 vr til det minkar på garnet. Fell så slik ein omgang; 2 r, 2 vr sammen. Strikk 2 omgangar med 2 r og 1 vr. Fell igjen slik; 2 r sammen, 1 vr. Strikk 2 omgangar med 1 r og 1 vr. Fell så slik heile neste omgang; 2 r sammen. Resten av maskane sys sammen og festes godt...



No ynskjer eg alle God Påske!

Siri