torsdag 27. desember 2012

Min fyrste Marius

Ikkje at eg kan skryta på meg ein stooor Marius, men det er uansett min fyrste.
Ganske morosam å strikke, og ikkje meir enn nokre restar garn som må til.
Problemet no er at eg ikkje har iPhone eller noko anna fansy mobil... Kva gjer eg då....?

Jau, eg vil ha ein liten give away!
Kan DU tenkja deg å vinna dette etuiet, så legg igjen ein kommentar, og du får 1 lodd. Ynskjer du større vinnarsjanse så får du 1 lodd ekstra om du linkar til denne give away.

Eg trekker vinnaren rundt 15. januar.
Lykke til!

Siri

onsdag 26. desember 2012

Hemmeleg ven

 
 
Denne gong melde eg meg på 'hemmeleg ven'-runden på Hobbyboden, og mottok ein flott pakke. Diverse garn, fleire oppskrifter, julekopp, knappar, maskemarkørar, stoffmerke og eit juleblad.
 
 
Litt detaljert...
 
 
Og det kan nemnast at stoffmerket allereie har ein plass å vera ; når eg er ferdig med gensaren til guten min, passar det ypperleg i fargane til gensaren...
Tusen, hjarteleg takk hemmelege ven!
 
Siri

tirsdag 25. desember 2012

Har du lyst på sjokoladekake?

Saftig, god og barnas favoritt. Bak, smak og nyyyyt!
 
Oppskrifta har eg lagt ut på min andre blogg ; Siri's Søte
 
Siri

lørdag 22. desember 2012

Nå senker me skuldrene...

...og berre nyt å la julehelga koma. Ei lang helg i år, med god tid til å sitta i godkroken med eit handarbeide. Litt julesangar, eit lite eventyr på tv'en og stearinlys mjukt blafrande rundt.
Min kjære er sjukepleiar og skal arbeide nattevakt denne jula. Han feirer jul saman med oss noko av kvelden, elles er det gutane mine og eg resten av kvelden.
Måtte du òg få ein fredeleg julekveld, kor enn du skal feira.

♥ GOD JUL ♥

Siri

torsdag 20. desember 2012

Julefred




 
♥ Jellybelle ♥
 
For enkelte har julefreden senka seg for lenge sidan...
Må nokon og einkvar finna same freden i hjarta!
 
Siri

tirsdag 18. desember 2012

Til jente og gut

No er det lenge sidan eg har hekla armband, men her er ei lita ladning. Etter kjellarflaumen tidlegare i år, minka det kraftig i restegarn, men eg har klart å finna fram litt etterkvart. Og til desse armbanda er det ikkje mykje garn som må til. Knappar har eg ein del av, og det er veldig kjekt å kunne rota gjenom 'lageret' for å finna fram rette knappen.

lørdag 15. desember 2012

Smånyttig

Sjampoflaska har fått nytt 'liv'. Denne skal bli kjekk og ha i veska. Det er alltid småting som har ein tendens til å 'forsvinna' mellom alt anna der.
Siri

fredag 14. desember 2012

A & C julekuler

 
Foreløpig har eg strikka 3 a&c julekuler i år. Dei heng no til pynt på nokre greiner med trollhassel.
 
 
Restegarn er brukt, for det er ikkje mykje garn som skal til.
 
 
Grøn og kvit - ganske nøytrale fargar...
 
Siri

torsdag 13. desember 2012

Juletreet

Eit alternativt juletre ~ laga av eit 'Familien', 5 telyskoppar, teip, gjenbrukt gåveband, noko glitterlim og ein limpistol.
Vekebladet er berre bretta i form, for så og bli dekorert litt.

onsdag 12. desember 2012

Førjulskvardag

 Å hekla desse lyslyktene var mykje enklare enn eg forestilte meg. Eg har allereie hekla yttarlegare 2, berre i kvit utgåve.
Desse brune er hekla til ein kollega.
 Vinnarlykke igjen! Kjempegøy å få pakke i posten. Denne var mjuk.
 Eg vann ein give away hjå Komadyret.
Innhaldet var 2 nøster Viking Alpaca og ein rundpinne. Det skal nok tryllast om til ei supergod hue.
Jellybelle ; ein lat katt som veit å finna seg til rette. Her i kjend stil ved vindaugskarmen. Kvifor stressa med å halda hovudet oppe når karmen gjer same nytta....?

Siri

søndag 9. desember 2012

Pose med julelukt

Denne posen inneheld tørka clementinar, kanelbark, stjerneanis, ingefær og nellik. Dufta er alt kva eg forbinder med jul..

Posen har eg sydd av ein bit frå ei herreskjorte, ein blonderest frå Fretex, knappar frå gamle klede og eit kjede frå eit avlagt smykke.

Stoffet er ganske tynt og lukta får fritt strøyma ut.

Siri

fredag 7. desember 2012

Prinsesseinnlegg

 Prinsessa har vore så imponert og fasinert av små videoklypp ho har sett av dominoleik.

Me har leita i butikkar etter dominobrikker, utan hell. For ikkje lenge sidan kom eg over ei stor bøtte med treklossar på Gjenbruken, for den nette pris av 60 kroner. Då var noko av problemet løyst ; her var avlange klossar som kunne brukast på dominomåte.
Ho byggjer slott av dei andre klossane, og set opp dominobane av dei avlange...

Prinsessa elskar å pynta seg, og kjole er favorittplagget. Denne kjolen er kjøpt hjå 'LagetAvLiv', og har vore ofte i bruk i haust.
Klemmer og hårbøyler er også eit 'must'. Jo meir dill, desto betre...

Jellybelle trivst godt i heimen, og er elska av samtlige i huset. Ho sjarmerar kvar ein gjest som kjem innom òg. Skulle ho sova medan me har gjestar og dei ikkje får sjå Jellybelle, så får dei garantert høyra ho ; ho snorkar ganske så høglytt.

Siri

torsdag 6. desember 2012

Mini-BabyBorn

 Miniutgåva av BabyBorn-dokka har ikkje hatt så mykje klede, berre ei badedrakt, og det vert for kaldt å gå i vinterstid.
 Sisu-restegarn har gjort susen her. Knappane kjem frå boksen med gamle, avklypte knappar frå klede. Kanhende i største laget til lille dokka, men Prinsessa har ikkje kommentert det.
Enkel kjole, og enkel hue.
 Og under det heile, ei god og varm truse.
Ei hekla seng av ukjendt garn, og sengesett strikka av pittelitt Mitu.
Eg kosa meg med miniprosjektet, og har allereie kjøpt ei lita dokke eg skal utstyre med garderobe til eit eventuelt framtidig bursdagsborn.

Siri

onsdag 5. desember 2012

Av telyskoppar

Me er vel inne i høgsesongen for brenning av telys. Kva passar vel betre då enn å bruka telyskoppane på ny...? Dei er enkle å klyppa i, og borna kan setjast i sving her. Eg har hekla nokre enkle blomer, limt dei på saman med perler. Stikk ei nål med tråd gjenom eit av taggane, og vips ~ pynt til tre, pakkar eller kva du måtte ynskje.
Siri

mandag 3. desember 2012

Lykkeleg vinnar...

... av denne fantastiske premie!
Eg har henta pakke i posten i dag, og innhaldet er dette.
For ei tid sidan meldte eg meg på give away hjå Louise med bloggen 'Mit lille fristed'.
Det skal bli ein fryd å laga seg te i denne koppen, og kanhende forsyna seg med biscotti frå ein av dei nydelige kakeboksane.

Siri

søndag 2. desember 2012

1.sundag i advent

 
 Eg har fått ei julegåve på forskot ; minstesonen har dreidd eit lite fat som er perfekt til nøter og twist. Sjølv om twisten ikkje får liggja så lenge på fatet då, av ein eller annan grunn...
 
 
Adventstaken min er ganske enkel i år. 4 lilla kubbelys pynta med tal, 2 små planter i kvar si potte, ein nydeleg bambi, ei sandkakeform med nokre små juletrekuler i lilla, eit par små heklabrikker og paiforma mi.
 
 
Lilla går igjen i denne enkle dekorasjonen òg. To planter som har fått lilla farge på seg og eit lilla kubbelys. Dette er plassert i ei gamal brødform.
 
Siri

lørdag 1. desember 2012

TAM-Ta-da-daaaa

 
Då er trekninga gjort ved hjelp av Random.
Fyrst vil eg takka for at du ville vera med på denne gje-vekk'en og håpar du blir med ved neste gje-vekk også ;)
 
Vinnarane av kvar si lommebok er;
 
Wenche/Chawo med bloggen Wencheshobbykrok
 
og
 
Snuskebassa/LivA med bloggen Snuskebassa
 
Gratulera til dykk begge!
Håpar de kjem til å finna glede i resirkuleringsgåva :)
 
 
Siri

Stor og nydeleg engel

Denne engelen har stått i vindauget nokre dagar no. Eg strikka den forrige helg.
Mønsteret er henta frå Sandnes garn, og engelen er strikka på pinnar nr 8, så det gjekk rimeleg fort.
Det er litt glittereffekt i kjolegarnet, noko som ikkje kjem fram på dette biletet.
Perleglorien og perlebandet i hendene, er laga av perler frå gamalt perlekjede, som no har fått 'nytt liv'.
Engelen er ca 50 cm høg, og eg skal snart igang med ein litt mindre utgåve.
Eg veit det kjem til å vera ei glede kvar jul framover og få henta fram desse.

Siri