fredag 22. februar 2013

Snart kan me så


006
No er det ikkje lenge igjen til me kan så frø. Eg byrjar bli klar – må berre samla nokre dorullar til, så har eg nok ‘blomsterpotter’. Dette året har eg sett dei i ein juicekartong, som fint går i papirdunken etter utplanting.
Dorullar har eg brukt til potting før, men fann ut at dei med fordel bør 'opnas litt i sida innan dei plantast i jorda. Du finn innlegget her.

Siri

mandag 18. februar 2013

Armringar

011

 

Det er så enkelt å henta inspirasjon frå alle kreative bloggere rundt om i Blogglandia.

Karen Klarbæks Verden har inspirert meg til å hekla armringar. Eg har ‘rundhekla’ desse, i motsetning til Karen’s, men resultatet er nokså likt. Ikkje mykje garn som skal til kvar armring heller.

For tida er det greit å ha små, små prosjekt. Eg ventar på å bli stukket av ‘den kreative bie’….

fredag 15. februar 2013

‘Syskrin’

 

002

Eit gamalt noregsglas på 1 liter er raskt gjort om til eit enkelt syskrin.

Ta vekk glaslokket og erstatt med ein tøylapp, litt fyllvatt, lim og papp. Då har du nålepute på toppen og god plass i glaset til dei mest nødvendige ting du treng i eit syskrin.

Ypperleg å ha på hytta eller i campingvogn. Super gåve til den nye hybelboer òg.

Siri

torsdag 7. februar 2013

Frå t-skjorte til bordskåner

 

001

For omlag 3 år sidan klipte eg opp nokre velbrukte t-skjorter, og nøsta dei opp. Eg hugsar å ha strikka eit par gryteklutar av dei, men resten vart liggjande i garnkista mi.

No har eg rydda dei fram i lyset igjen, og funne passande heklenål.

Bordskånere i 2 størrelser er resultatet…

 

004  005

Heklenål #5,5 er brukt, og eg laga òg nokre utan ‘blondekant’. Tjukke og gode bordskånere som tåler bruk og vask.

Siri

søndag 3. februar 2013

Gryteunderlag av korker

005

 

Dette gryteunderlaget er laga av eit knapt nøste ‘Bomull Sport’ og 13 plastkorker frå mjølke- og juicekartongar.

Eg har såvidt sett dei på ‘Pinterest’, og tenkte dei ikkje kunne vera så vanskelege å laga.

Det som tok lengst tid, var å samla korkar… Men no har eg gjort det for vane å leggja dei tilsides når kartongane er tomme.

 

006

Eg gjorde det slik;

Legg opp 4 lm og lag ein ring.

Hekle 10 fm om ringen og avslutt med ei km i fyrste fm.

1 lm, hekle så 2 fm i kvar maske heilt rundt, og avslutt med km. Du har no 20 masker.

Hekle 5 omgangar med 1 fm i kvar maske.

Klipp tråden.

Legg ein kork oppi, og nest saman og fest tråden.

Når du har laga ynskja antal, er det berre å sy dei saman frå undersida.

Dette er jo òg ein fin måte å kunne bruke opp litt restegarn på.

 

Siri

fredag 1. februar 2013

Matlære anno 1956


Allminnelege reglar for mat- og kjøkkenstell.
1. Legg plan for dagens arbeid.
2. Ta på reint forkle, dekk håret godt, børst og vask hender og negler før matstellet byrjar.
3. Hald kjøkkenet og kjøkkentøyet reint og i orden.
4. Puss ikkje skotøy, børst ikkje klede, og utfør i det heile tatt ikkje arbeider som det støver av, i kjøkkenet.
5. Fei ikkje kjøkkengolvet, men vask det dagleg.
6. Tørk ikkje støv i kjøkkenet med tørr, men med fuktig klut.
7. Sørg for frisk luft i kjøkkenet.
8. Ha tilstrekkjeleg og praktisk kjøkkentøy.
9. La alt kjøkkentøy ha sin bestemte plass.
10. Ha matvarer og redskap i orden før matstellet byrjar.
11. Mål og vei nøyaktig, for at maten kan verta vellykka.
12. Ta ikkje salt, sukker, mjøl og andre tørre matvarer med handa når du kan unngå det.
13. La ikkje skei, sleiv eller visp stå i maten medan den kokar.
14. La ikkje auser av metall stå i mjølk.
15. Bruk særskild skei og skål når du skal smake på maten.
16. Stell maten for andre så pent som du vil at andre skal gjera det for deg.
 

Desse reglane fann eg i ei kokebok for barne- og framhaldskulen, som eg kjøpte på Fretex i dag. Morosam lesing, samstundes som det er godt å tenkja på kor mykje lettare matlaginga er for oss no…


Siri