torsdag 31. desember 2009

Vakkert vinterland

Uansett kor kaldt det måtte vera


så er eg ikkje i tvil


om at vinter og snø er vakkert!
Takk for det gamle og godt nyttår!
Siri


tirsdag 29. desember 2009

Nyttårskake

No nærmar me oss nyttår med stormskritt, og eg er nok ikkje åleine om å tenkje på kva som kan passe å servera til dessert?
Denne kaka er for meir å rekne som dessert enn som kake. Ho er frisk på smak, og ungane elskar ho! Og det går an å variera smak etter ynskje..
Eg brukar Cacas sine figurformer.

Yoghurtkake

2 pk bringebærgelè kokes etter anvisning på pakken, men eg brukar ca 1 dl mindre vatn. Hell gelèen i forma og la stivne.

2 x 1/3 l fløte piskes med
1 dl sukker
2 stk melonyoghurt has oppi
7 plater gelatin legges i kaldt vatn i ca 5 min
Løys gelatinen opp i 1,5 dl varm lake frå ferskenboks
Bland fløte, yoghurt og gelatin saman med mikser, hell dette over gelèen og la det stå minst 2 timar i kjøleskåpet.
Løysne kaka frå kantane med ein kniv, dypp forma nokre sekund i varmt vatn og hvelv kaka over på fat. Pynt om ynskjeleg.

For andre smakar, varièr med gelè- og yoghurtsmak.

Siri

lørdag 26. desember 2009

Fredeleg jul


Dette trur eg har vore den fredelegaste jul eg har feira på mange år. God mat og lite stress.
Pinnekjøt må vera den enklaste julemiddag ein kan laga. Riskrem med mandel til dessert.
Gåvene vart opna ein og ein, så me hadde god tid til å fylja med kva kvar enkelt fekk.
Eg fekk det eg hadde øverst på ynskjelista; medlemsskap i Den norske turistforening. Det er ei gåve både kropp og sinn vil ha glede av heile året.
1.juledag vart feira saman med heile familien heime hjå mor og far. Me er 17 stk, og det er ikkje ofte me er samla alle saman.
I dag er gutane og eg åleine, og eg skal servere restar frå julemiddagen. Til kvelden finn eg nok fram litt handarbeid, set meg framfor fjernsynet og nyt freden. Alt i alt, dette har vore den beste jula eg kunne ynskje meg..
Siri

onsdag 23. desember 2009

Lille julaften

Så er det kvelden før kvelden. Eg er ferdig på jobb, har handla det eg treng til julehelga og litt til, og lagt pinnekjøtet i vatn. Ein lett julevask tek eg i morgon føremiddag. Om det skulle vera litt støv i eit par krokar, så er det nok ingen som vil leggja merke til det på sjølvaste julekvelden.
I kveld har eg laga brende mandler for fyrste gong. Dei vart knallgode, men det tok lengre tid å laga dei enn eg hadde trudd.
No skal eg kosa meg med ein god kopp kaffi og sjå på fjernsyn halve kvelden, gjerne med noko handarbeid mellom hendene.
Til slutt ynskjer eg deg ei fin og fredeleg jul saman med nokon du er glad i.

Siri

tirsdag 15. desember 2009

Luksus-dilemma

Den mellomste guten min spurde meg i kveld kva eg ynskjer meg til jul. Eg har ikkje tenkt så langt ennå, for mine tankar har vore å verta ferdig med julegåvene eg skulle ordne. Så no har eg eit aldri så lite dilemma...
Ting eg kan skriva på ynskjelista mi:
-lys?
-serviettar?
-garn?
Dette var vanskeleg, så eg skulle ynskje eg hadde ei fiks ferdig liste å henta fram..
Siri

søndag 13. desember 2009

Peperkakebakedag

Ein koseleg dag saman med minstemann, mi besteveninne
og hennar to jenter.
Me måtte hjelpa dei små å baka ut deigen,

men resten klarte dei utmerka sjølv.



Klar for steiking.



Og resultatet; Fantastisk gode peperkaker!


Siri






mandag 7. desember 2009

Førjulsgåve

Mor til mi barndomsveninne lurte på om eg kunne gjera bruk av desse heklerutene. Eg tenkte kor heldig eg er som vert tilbudt slik ei gåve, og no like før jul..
Her er 75 ruter i ulik farge, og kvar rute målar ca 7x7cm. Fyrst tenkte eg at eg ville montera dei til eit lite 'stolteppe', men no er eg ikkje sikker lengre. Eg veit det finnes mange moglegheter med slikt handarbeid, og vil difor gje det litt tid. Kanskje det er nokon som kan gje meg idèar på noko?

Siri


søndag 6. desember 2009

Juleby-kjøp

Russisk juletrekule
som kan åpnast, og har ei lita dukke inni.


Babushka-nisse

med engel og juletre inni.
Desse er laga i Kvite-Russland, og inntekta går til eit nonnekloster.



Og husets kjære Vira Kotcha fekk ei katteleke, med kattemynte i.
Siri


onsdag 2. desember 2009

Julebrød



I dag såg eg gjennom nokre oppskrifter, og fann fram den gamle, handskrevne oppskriftsboka til farmor mi. Eg hugsar godt alt det gode ho baka. Ho brukte gamle syltetøyspann til kakeboksar, og det var fritt fram til å velje kvifor ein eg ville ha kake frå.
Eg har lyst å dela med meg oppskrifta hennar på Julebrød, som eg skal baka sjølv no i desember. Og her er oppskrifta, akkurat slik farmor skreiv ho:

Jule-brød
180 gr sukker smeltes i 3,5 dl melk+1,5 pk gjær.
200 gr smør smuldres i 3/4 kg mel.
1 pk kardemomme, 250 gr rosiner, 1 pk sukat.
*Arbeides godt, heves som vanleg gjærdeig.

Det er som eg allereie kjenner dufta av nybakt julebrød....

Siri

tirsdag 1. desember 2009

Min kalender


JUL
Lukt og lyder blandes sammen
etter oppskrift fra min mor.
Denne arven skaper rammen
i det huset hvor vi bor.
Alt det kjente vil jeg hente
frem til jul fra år til år.
Jobb og hverdag må nok vente
til vi nok av julen får.

hentet fra boken 'Skriv et hyggelig kort' av Liv Schackt Aure
Siri