torsdag 26. april 2012

Varmande ved

Her er meir frå tunikaen i forrige innlegg. Godt pakka rundt ein vedpinne i stabelen langs hagen. Eg broderte på nokre blomar til pynt.
Hagen har fått fleire handarbeidsinnslag den siste tida, og eg veit ikkje om eg klarer begrensa det heilt heller....

Siri

onsdag 25. april 2012

Uhuuu

 Det er ikkje alltid ting går heilt etter planen, noko som var tilfelle då eg vaska prinsessa's tunika litt for hardt... Godt tova kan man seie.
Saks, nål og tråd er kjekke saker. Gamle tøybitar frå eit putetrekk, restegarn og perler frå 'gamle' smykker. Ugla vart rett og slett styggsøt..



Her er utgangspunktet etter feilvask... Eg har laga fleire småting av den som eg kjem til å blogga om etterkvart..


Siri

lørdag 21. april 2012

fredag 13. april 2012

Det var ei gong...

 ...sommaren 2011, at me køyrde denne vegen her...http://resirikulert.blogspot.com/2011/08/har-du-sett.html
...og sidan har eg hatt lyst å gjera noko liknande.
Og det byrja i det små, med nokre restar garn og eit urgamalt epletre som har fått god uttynning.

 Men det skal godt gjerast å klara stoppa når ein først har kome igang..
Forlagte UFO'ar vart funne fram ; eit planlagt handklede ( feilstrikka og bortgøymd ), ein klut som berre vart halvferdig ( trengde strikkepinnane til noko anna ), ein del av ei barnejakke som vart påbyrja for eit år sidan, og litt av ein babyjakke og ein babydress....
Eit par heklelappar fann eg òg i ei skuffe... Nokre blomar er hekla og sydd på, berre for å friska opp..

Sydd saman bit for bit...

Og eg er heilt sikker - eg er ennå ikkje ferdig med treet... Kor koseleg det kan vera å gjera absolutt ingenting fornuftig.... Og epletreet - det frys iallefall ikkje lengre!

tirsdag 10. april 2012

Sokkar igjen

Par # 8 er ferdige. Desse har eg brukt litt tid på, for garnet er slettes ikkje noko favorittsokkegarn... Sandnes Strømpegarn for pinnar 2,5 plar eg halda meg unna. Men, eg gløymer meg innimellom, og då må eg jo berre la det stå til... Min kjære vart iallefall glad for desse.

Siri 

mandag 9. april 2012

Siste kalendergåve og fleire Bærtil

 Gåve # 10
'noe fra Riga
som ligner Rauma
og Pt
passer til votter
fine sokker
liten barnegenser'
Dette er store nøster på 100 gr kvar...
Tuuusen, hjarteleg takk, Brit, for ein flott-flott påskekalender!!!

Lemming på gang, kanskje....?
Oppskrifta på desse  finn du HER...

Siri

søndag 8. april 2012

Det blømer

Eg har sett sykkel og trær dekorert med strikk og heklerier, og det finnes ein haug med inspirerande bilete rundt om i Bloglandia av handarbeidsdekorerte bruksting. 
Medan min kjære stadig oppgraderer hagen vår, har eg fått gang på heklenåla. Diverse ullgarn frå utgløymde prosjekt, hekla til ein stooor 'rastahatt'.
Passeleg til ein stor stein..
 Restegarn er brukt til hekla og broderte blomer, og ei snor er tredd rundt kanten under, og knytta til.
Det er allereie planlagt fleire...
'9. pynt for dagen i dag, og våren videre'

Eit søtt lilla hjarte var dagens kalendergåve....
Perfekt ~ eg har ein stoor svakhet for hjarter og englar...


Ønskjer deg ein fin dag vidare!

Siri

lørdag 7. april 2012

Kos på påskeaften

Det søtaste egg fyllt med påskeharer. Kalendergåve som delast med prinsessa!

Siri

torsdag 5. april 2012

Føn og høne

 Fleire klutar av Føn, og eg har byrja å lage hempe på dei no. Her har eg lagt opp 39 masker på pinne # 4,5, og strikka 2 rett og 1 vrang på alle pinnane.

Og dagen gåve seier 'Klukk Klukk'..

Her er regn i lufta, etter mange dagar med sol. Men temperaturen er mildare no. Det regnar ikkje så mykje at det ikkje går an å finna på noko ute, så me får sjå kva me fyller dagen med.
Ønskjer deg ein fin skjærtorsdag!

Siri

onsdag 4. april 2012

Bærtil

Bærtil eggevarmere er påskestrikken her i heimen i år. Eg får brukt opp mindre restar garn, perler frå avlagte smykker og litt fyllvatt i hovudet. Dei passar perfekt på mine favoritteggeglas frå Figgjo, kjøpt på Fretex for ei tid sidan...
Dagens gåve er 'Til å henge på ei grein.'

Nyyydeleg påskeegg som kjem til å gleda i lang tid framover.

Siri

tirsdag 3. april 2012

4. dag


Påskegult kjøkkenhandklede og ein søt og knallgul liten vase. Vasen er perfekt til alle dei små blomane prinsessa kjem heim med.

mandag 2. april 2012

Vårleg resirkulering

 Tomme dorullar blir stort sett kasta i papirdunken, men eg har samla ein gjeng i det siste.
Fire hakk i eine enden, og brettast saman...
...For å ha litt sytem, og for å gjera dei litt stødigare, bandt eg saman til små grupper og sette dei i ei tom epleeske...

 ...fyllte så med blomsterjord.
Blomsterfrø eg har sanka frå året før...
 ...vart sådd i dei forskjellige gruppene.
For å merka kvar sort, brukte eg ein pappbit som eg festa på blomsterpinne, og skreiv på kvar og enkelt sort...
Dei står no i solvindauget og kosar seg.
Påskekalendergåva for dagen var ein heimelaga gryteklut og eit påskeegg. Midt i blinken!!

På gåven stod det ;
'noe home made
          og
               noe pynt'

Siri

søndag 1. april 2012

Palmesøndag

 'lesestoff
        forhåpentligvis
     noe du ikke har
     lest'
Dette skal verta spanande lesing!