Peppi rampekatt har lagt sin elsk på dette vesle lappeteppet.
Lappane har eg fått av ei veninde, meint å bruka ute på epletreet mitt. Det er hekla lappar som ho har hatt liggjande ei stund og ikkje fått seg til å hive, noko eg er veldig glad for! Eg sydde dei saman og la dei på stolryggen, klar til å monterast rundt epletreet dagen etterpå.
Trur du jammen ikkje Peppi tok seg til rette og la beslag i teppet. Ho drog det med seg ned på golvet, og hadde slettes ikkje tenkt å gje det frå seg frivilleg.
Eg tenkjer at Peppi skal få ha det ei lita stund, så kan heller epletreet venta. Me er tydelegvis fleire som er glad for 'lappedonasjonen' ;)
Siri
