Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg

mandag 6. april 2015

Litt påskehandarbeide har eg hatt

Boka 'Kluter', av Bitta Mikkelsborg, er stadig i bruk. Nokre mønster kan eg etterkvart utanat, deribland 'Renseblad'. Kjekke småklutar til ansiktspleie, eller rett og slett til glasbrikker. Garnet 'Elise', frå Järbogarn, er godt å strikka med, og desse Renseblada er strikka av nokre restar. Det er jammen ikkje mykje garn som må til på desse...
Frå samme bok har eg funne mønsteret 'Skog', som eg har byrja på. Her også i garnet 'elise'. Nydelege fargar som ikkje heilt kjem til sin rett på dette biletet. Mon om eg klarar å strikke denne kluten heilt utan ein feil....? Skulle tru det fantes små strikketroll som leikar seg i strikkeprosjekta mine nokre gonger, for det hender titt og ofte at eg finn ein krøll i mønsteret...
 
Siri

søndag 5. april 2015

Glimt..

Når me er ute på handel går tida. Då hender det me tek oss ein tur på kafè, enten for ein kaffikopp eller noko å bita i. Her er eit glimt frå ein ganske nyåpna kafè på Nærbø. Her selger dei blomer og 'Pip-servise' òg. Interiøret er gjenbruk, av gamle sorten. Bordpynten lekker, og det gjer ingenting å sitte og venta på serveringa. ♥
Frokostskjeva mi; grovt brød, som me berre får her på Jæren, italiensk salat, paprika og krakelerte egg. Eit barnsleg forsøk på å gjere egga litt meir spanande. Eggeplomma er i alle fall nydeleg gul og smilande. 
Påskekjeks, som knapt får verta kalde før dei forsvinn i barnemunn.
 
Påska er tid for kos, samvær, grilling og ettertanke. I dag gjer me oss klar for familiefest på bedehuset, der det er sang, musikk og glede. Prinsessa gleder seg, for ho elskar å syngje. Pizzaboller og sosialt følgjer etter møtet..
 
Siri

lørdag 28. mars 2015

Vår start på Påsken

Eit lite utvalg av heimelaga påskepynt. Haren hekla eg på eit par morgontimar i dag, kyllingane er prinsessa sitt verk - sååå sjarmerande! Pittelitt påskesjokolade i godteglaset i bakgrunnen, men dei ligg nok ikkje der lenge.... Min kjære har allereie sett dei, og det er tross alt laurdag ;) 
Frokosttallerken à la påsketider; grov brødskive, salat, paprika, smilande egg og eit peperdryss. Dette er mat å starta dagen bra på!
 
Eg har ikkje mange planane for påsken. Min kjære skal jobba ein del, og prinsessa er hjå mor si til onsdag. I kveld satsar eg på film saman med minsteguten min. Ellers blir det nok grilling og koking av påskeegg på første godvèrsdag i sjølve påska, og er det berre dårleg vèr, så har eg puslerier me kan finna på inne.
Kva skal du finna på i påsken?
 
Siri

lørdag 14. februar 2015

Til gode frokoster og sånt...

..er det vel ekstra kjekt å kunne dekke opp med nykokte egg? Eg tykkjer i alle fall det ;)
I tillegg er det snart påske, og kyllingar og påskehare er eit sjølvsagt innslag i interiøret.
Restegarn, heklenål og perler frå gamle smykker låg lageleg til, og litt prøving og feiling endte i desse eggevarmarane...
Haren er ein smule stor, men sikker varm og god uansett. Haren og kyllingen er hekla med stavar, medan huene er hekla med halvstavar..
Desse eggehuene kjem til å varma øyrene på mine vinter- og påskeegg. Prinsessa har gitt uttrykk for at ho likar best hua med fleirfarga garn, så då får ho nok den.
Pompomane er laga med pompom-maker. Eg forstår mest ikkje kvifor eg ikkje har skaffa meg ein slik før....
Plutseleg har eg mest ikkje smårestar att av garn, noko som er supert!

Min Valentin skal på jobb i natt, så eg trur eg vil laga matpakken hans ♥
Ønskjer deg ein fin laurdag!

Siri

onsdag 27. mars 2013

Smilande egg og glade jenter

014

 

Prinsessa og eg vart inviterte til våre tyske vener på påskeeggfarging. Superkoseleg pysleri for små og store jenter. Hardkokte egg og fargestifter.

 

016

 

 

Små, lubne hender held egget på plass medan det pyntes med nøye utvalgte vannfargar.

 

018

 

Eit ekte smilande egg !

 

tirsdag 26. mars 2013

Klukk Klukk

011

Høner strikka på same måte som i forrige innlegg, berre ikkje fylt og sydd igjen under. Koselege eggevarmere av restegarn.

012

013

lørdag 19. januar 2013

Klar for vår og barnsleg glede

 

006

‘Utleste’ teikneseriar – her Donald Duck , telyskoppar og perler saman, kan verta festleg pynt til barnerommet, eller til fastelavn og påske om du er litt barnsleg glad. Prinsessa ser iallefall henført på blomane, der dei svevar høgt over hovudet hennes.

007 009

Her heng dei midt i stovetaket mitt, men etter å 27. januar, skal dei få sveva i vindauget. Dei skal få æra av å vera med til Ogna Scene, som eg har skrevet om tidlegare.

Siri

mandag 9. april 2012

Siste kalendergåve og fleire Bærtil

 Gåve # 10
'noe fra Riga
som ligner Rauma
og Pt
passer til votter
fine sokker
liten barnegenser'
Dette er store nøster på 100 gr kvar...
Tuuusen, hjarteleg takk, Brit, for ein flott-flott påskekalender!!!

Lemming på gang, kanskje....?
Oppskrifta på desse  finn du HER...

Siri

søndag 8. april 2012

Det blømer

Eg har sett sykkel og trær dekorert med strikk og heklerier, og det finnes ein haug med inspirerande bilete rundt om i Bloglandia av handarbeidsdekorerte bruksting. 
Medan min kjære stadig oppgraderer hagen vår, har eg fått gang på heklenåla. Diverse ullgarn frå utgløymde prosjekt, hekla til ein stooor 'rastahatt'.
Passeleg til ein stor stein..
 Restegarn er brukt til hekla og broderte blomer, og ei snor er tredd rundt kanten under, og knytta til.
Det er allereie planlagt fleire...
'9. pynt for dagen i dag, og våren videre'

Eit søtt lilla hjarte var dagens kalendergåve....
Perfekt ~ eg har ein stoor svakhet for hjarter og englar...


Ønskjer deg ein fin dag vidare!

Siri

lørdag 7. april 2012

Kos på påskeaften

Det søtaste egg fyllt med påskeharer. Kalendergåve som delast med prinsessa!

Siri

fredag 6. april 2012

torsdag 5. april 2012

Føn og høne

 Fleire klutar av Føn, og eg har byrja å lage hempe på dei no. Her har eg lagt opp 39 masker på pinne # 4,5, og strikka 2 rett og 1 vrang på alle pinnane.

Og dagen gåve seier 'Klukk Klukk'..

Her er regn i lufta, etter mange dagar med sol. Men temperaturen er mildare no. Det regnar ikkje så mykje at det ikkje går an å finna på noko ute, så me får sjå kva me fyller dagen med.
Ønskjer deg ein fin skjærtorsdag!

Siri

onsdag 4. april 2012

Bærtil

Bærtil eggevarmere er påskestrikken her i heimen i år. Eg får brukt opp mindre restar garn, perler frå avlagte smykker og litt fyllvatt i hovudet. Dei passar perfekt på mine favoritteggeglas frå Figgjo, kjøpt på Fretex for ei tid sidan...
Dagens gåve er 'Til å henge på ei grein.'

Nyyydeleg påskeegg som kjem til å gleda i lang tid framover.

Siri

tirsdag 3. april 2012

4. dag


Påskegult kjøkkenhandklede og ein søt og knallgul liten vase. Vasen er perfekt til alle dei små blomane prinsessa kjem heim med.

mandag 2. april 2012

Vårleg resirkulering

 Tomme dorullar blir stort sett kasta i papirdunken, men eg har samla ein gjeng i det siste.
Fire hakk i eine enden, og brettast saman...
...For å ha litt sytem, og for å gjera dei litt stødigare, bandt eg saman til små grupper og sette dei i ei tom epleeske...

 ...fyllte så med blomsterjord.
Blomsterfrø eg har sanka frå året før...
 ...vart sådd i dei forskjellige gruppene.
For å merka kvar sort, brukte eg ein pappbit som eg festa på blomsterpinne, og skreiv på kvar og enkelt sort...
Dei står no i solvindauget og kosar seg.
Påskekalendergåva for dagen var ein heimelaga gryteklut og eit påskeegg. Midt i blinken!!

På gåven stod det ;
'noe home made
          og
               noe pynt'

Siri

søndag 1. april 2012

Palmesøndag

 'lesestoff
        forhåpentligvis
     noe du ikke har
     lest'
Dette skal verta spanande lesing!

lørdag 31. mars 2012

Dag 1

 Kor koseleg å finna fram gåve # 1. Fint innpakka i grønt papir, med eit lite hint skrevet på..

"noe pent
noe søtt
noe pynt"
Kjempekoseleg tørkle ; eg hadde ein plan om å bruka det som duk, men prinsessa la sin elsk på det med ein gong...
Eit påskeegg i frisk gladfarge.
Ein sjokolade...
Mmmm... det er gøy med gåver!!

Siri

fredag 30. mars 2012

Krans og påskeegg

Min kjære har verkeleg gjort arbeidd hardt i det siste. For nokre år sidan kjøpte eg eit gamalt hus, bygd i '51. Hagen har fått godt stell av det gamle ekteparet som ein gong budde her, men då eg kjøpte huset, var det nok å ta tak i ; litt for mange busker, STORE trær og mosegrodd plen.
Då min kjære flytta inn til meg, fekk han fritt spelerom når det gjeld hage. Buskar er vekk, og tre sagd ned. Ein lysare og meir innbydande eigedom er trylla fram på kort tid..

Bjørketreet vart stussa, og kvistane har eg vridd og snodd saman til ein krans. Ikkje den mest perfekte krans, men eg er nøgd likevel. Påskeegget er strikka etter basisoppskrifta til Arne&Carlos, pynta med perlemorknappar og små treknappar frå eit eller anna plagg...
Enkel pynt ved ytterdøra i påsketider...

Siri

torsdag 29. mars 2012

Eg gler meg

No har pakken kome!!
Pakken med påskekalender som eg vant hjå Brit nyleg.
Kan tru eg gler meg til å åpna pakkane. Fint innpakka, med koseleg skrift på kvar og ein... Tusen, hjarteleg takk, Brit!!

Siri

mandag 26. mars 2012

Min påskekrim

"WINKIE er en loslitt, vennligsinnet teddybjørn. En dag oppdager han til sin store forskrekkelse at han befinner seg på feil side i USAs krig mot terror."

Dette er eit lite utdrag frå baksida av boka..

Eg har ikkje noko tradisjon å lese krim berre i påsken ; eg les dei bøkene eg har lyst til, når eg har lyst.
Eg må òg innrømma at det var den stakkarslege, utelska teddyen på framsida som gjorde at eg kjøpte boka.. Eg måtte liksom ta han med heim og ta vare på han.
I påskeferien skal eg finna tid til meg sjølv og Winkie.

Siri