fredag 30. november 2012

Påminning

I morgon kveld trekkjer eg 2 vinnera av min resirkulerte gje-vekk. Det er forstsatt god tid å melda seg på for den som ynskjer. Lommebøkene er populære blandt ungdommar, og er fine som gåver, om du ikkje får bruk for ei sjølv.
Klikk deg inn på linken til høgre, og meld deg på :)

Siri

Ventar på noko julegodteri???

 
Denne sjarmøren sit på peishylla og smilar lurt. Mon om han veit kva nissen har i sekken?


torsdag 29. november 2012

Julekalendar

 
 
Det har nærast blitt ein tradisjon å laga julekalendar til mor mi, istaden for å gje julegåve. Også i år har eg laga kalendar, både til mor og til svigermor.
Denne kalendaren har eg lagt i ei korg kjøpt på gjenbruken, og pynta med englar kjøpt på Fretex.
Gåvene er lagt slik at dei slepp å leita ; i rekkjefølge.
Eg har kosa meg med å planleggja, laga, kjøpa, pakka inn og overlevera.
Det er ei fin tid me er inne i no...
 
Siri

onsdag 28. november 2012

Tørka citrusfrukt

 
Tørka citrusfrukt er dekorativ pynt no i advents- og juletid. Eg brukar den også i heimelaga potpuri. Skjær skjever på ca 1/2 cm ; det kan vera clementin, sitron eller appensin. Legg på rist, og ha i steikeovn med varmluft ved nesten 100 grader. Ha ei tresleiv i steikeovnsdøra, så den står litt på gløtt. Det tek ca 1 time + - til dei er tørre.
Epler kan òg tørkast på same måte.
 
Siri

tirsdag 27. november 2012

Glitter og kos

 
 Det er kjekt med små puslerier. Her er julegrisen - eller heldiggrisen, trygt montert på syltetøyglas. Han skal kosa seg på toppen, medan me kan kosa oss med innhaldet i glaset. Denne har eg fylt med julekonfekt og lagt i ein av førjulsposane.
 
 
Ein tom, liten maisboks, utan etikett, har fått litt førjulgodteri oppi, og juleklistremerke til pynt. Nok eit lite bidrag til førjulsposen.
 
 
Det er ikkje berre eg som syslar med glitter for tida. Ungane likar òg glitter og stas. I løpet av året samlar eg nokre lysstumper, og dei blir godt brukt no i førjulstida.
 
 
Dekorativt som pynt.
 
 
Litt vatn i ein tallerken, peperkakeformer, eit dryss av glitter i formene og drypp av stearinlys på toppen. Prinsessa gjorde dette for fyrste gong, og storkoste seg.
 
Siri

søndag 25. november 2012

Førjulepusleri

På denne tida av året puslar eg gjerne med små førjulsgåver til vener og familie. Denne posen inneheld litt retro, eit par sortar konfekt, heimepynta fyrstikkesker og litt julepynt.      'Stjerna' som heng utanpå posen er laga av telysholdar som er pynta med glitterlim og perler.  No gler eg meg til å overlevera førjulsposen til nokre gode vener.
Siri

lørdag 24. november 2012

Har ein flink gut

 Det er minsteguten min som har dreidd denne skåla
Han kom heim frå skulen med vidunderet, og mor og son er like stolte.
 
Siri

onsdag 21. november 2012

Barnebok

 Fleire av sidene frå juleboka har fått nytt 'liv'. Eg har lagt sidene dobbelt og teikna mønster etter peperkakeformer før eg klypte dei ut.
Dei er sydd saman med sikk-sakk-sting, og har tråd til oppheng.
På figurane utan teikning har eg passa på at det står nokre 'julete' ord på, som ; nissen, julegaven, ønskeliste... Enkel pynt som allereie har sin plass i vindauget.
 
Siri

tirsdag 20. november 2012

Litt av ei barnebok

 Det er ikkje alle barnebøker som kan reddast etter hardhendt bruk frå små hender. Av ei slik julebarnebok har eg laga desse soppane.
 Holetanga er brukt rundt kanten, og eg har hekla med noko restegarn og glittertråd rundt. Ei hempe er laga av 30 luftmasker.
Litt glitterlim på den soppen utan teikning..
 
Eg har laga annan julepynt av same boka, som eg lagar eit innlegg om seinare.
 
Siri

mandag 19. november 2012

søndag 18. november 2012

Enkel vest

Prinsessa  har lenge hatt ein lys rosa 'enkel vest' av oppskrift frå Pickles. Ho brukar den stadig vekk, og det er nok snart på tide å strikka ein ny til henne.
Eg kom nyleg over denne oppskrifta på 'enkel vest', hjå Frances fra Lykkeveien, tro kopi Pickles sin, dog i babyborn-størelse. Sjølvsagt måtte babyen til prinsessa få ein slik vest!
Det var fort gjort å strikka, og det gjekk med knappe eit nøste garn.
Gleda var stor då prinsessa kom ned i dag morges og fann babyen oppkledd i makan vest som ho har sjølv.

Siri

fredag 16. november 2012

Lommebok

 
Lommeboka har 2 rom, og plass nok til visakortet.
 
Ei grei lommebok når du ikkje skal ha med deg så stor veske. Og ungane her i huset synes dei er knallkule.
Husk Gje-vekk'en min, der du kan vinna ei slik lommebok. Link oppe til høgre i bloggen ;)
 
Siri

onsdag 14. november 2012

Det strikkes litt

Sokkar til små, kalde føter ~ str 25-26. Strikka av Viking sportsragg, og ein rest knallgul Smart.

Desse sokkane er strikka for ein kjær kollega som gjengjeld for at ho har strikka, ikkje mindre enn, 2 (!) bunadar for meg. Eg har allereie levert frå meg 3 par sokkar til henne tidlegare, men eg følar eg langt ifrå har 'betalt' for meg enno..

Siri

lørdag 10. november 2012

reSIRIkulert gje-vekk


reSIRIkulert gje-vekk
trekkes 1.desember

 
Som takk for mange kjekke kommentarer frå dykk som les bloggen min, ynskjer eg å ha ein aldri så liten gje-vekk. Temaet for denne må vere det som opptek meg kreativt for tida ; resirkulering..
 
Eg trekkjer MINST ein vinnar av ei kartonglommebok 1 desember.
 
Du får 1 lodd for kommentar
og
ytterlegare 3 lodd om du linkar til denne gje-vekken på bloggen din. Bruk då biletet over.
Altså kan du få 4 lodd tilsaman.
Skriv kor mange lodd du tek ;)
 
Siri

fredag 9. november 2012

Slips ~~~

 Dei aller fleste er nok enige i at ikkje alle slips er like flotte til å dressa seg opp med. Eg er så heldig å ha blitt eigar av eit knippe slike...

Dette slipset er garantert ikkje det finaste av sitt slag, men med litt nål, tråd og knappar har eg laga ein artig pung av halve slipset.
 Pungen lukkes med ein trykknapp, og er akkurat passe stor til å gøyma små viktige ting i, slik at dei ikkje forsvinn i veska.
Av endane på 2 slips har eg laga små pyntenåler.
Gamle knappar frå avlagde klede, paljettar og litt glittertråd.
Den gul/kvite er til min kjære, som ville ha noko å pynta opp sjukepleiaruniformen med.
 
Siri

For ein 5'ar..

....fekk denne nusselege bambien bli med meg heim. Eg fann den på Gjenbruken i går, og sjølv om den manglar eit auge så klarte eg ikkje motstå den. Bambien har fått litt ekstra pynt av meg ; ein hekla blome med ein gamal knapp. Planen var å bruka den til julepynt, men eg er jammen ikkje sikker. Eg er reint forelska i den der den står så fint og blunkar til meg i vindauget...

søndag 4. november 2012

Plastsirkulering

Når eg først er i gang med å resirkulera litt, så tok eg for meg shampoflaske, zaloflaske og sennepsflaske.
 
Eg laga hol rundt kanten eg klypte, og hekla fastmasker rundt kanten for å 'mjuka' opp kanten.
 
Ein trykknapp er 'krona' på verket.
Siri