lørdag 31. januar 2015

I dag…

cute-smiling-animals-33

…har svigerdotter mi bursdag. I den anledning hadde eg meg ei vandring rundt på det store nettet, leita og fann dette utruleg flotte biletet. Smilar du, slik eg gjer?

Tenk, ei smilande, og, ja, søt rotte og ein blome. Ho fekk denne helsinga på facebook.

Men eg har òg blese opp ballongar, pynta kake, kjøpt nellikar og pakka inn gåve. Gåva var ei heimelaga lykt – hekla trekk til eit tomt syltetøyglas, men kubbelys oppi. Ho er frå Hong Kong, og seier dei ikkje tenner stearinlys der, så når ho er her brenn ho mykje stearinlys.

Ellers er eg glad for at januar månad er ved endes; eg er utsett for å få vinterdepresjon, og slit mest med januar og det meste av februar. Men allereie no går det an å sjå at det såvidt er lysare kveldingar.

Som ei oppsummering av nyåret, vil eg bruka desse ord;

Gud

gje meg Sinnsro

til å godta det eg ikkje kan endra

Mot

til å endra det eg kan

og Visdom

til å sjå forskjellen.

~~~~**~~~~**~~~~

Sender ut gode ønskjer for laurdagskvelden, og resten av helga, til deg.

Siri

torsdag 29. januar 2015

Kake til helgen?

Saftig kokos- og appelsinkake vil nok gjera mange hjarter glade til helga.
Denne kaka er rask å røra saman, og ingen avanserte målingar. For, ja, eg er glad for oppskrifter med målingar i koppar ;)

Oppskrifta får du her;

3 egg
2 koppar sukker
1/2 kopp smelta smør
saft og skall av 1 appelsin
1 kopp kokos
2 koppar kveitemjøl
1 kopp surmjølk
2 toppa ts bakepulver
1 toppa ts vaniljesukker

*Rør egg og sukker saman, og bland i alt anna. Rør til du har ei jevn røre.
Hell røra i ei smurt kakeform (eg brukar bakepapir i botn) 26 cm.
Steikes midt i omnen ved 150 grader i ca 50-55 minutter.
Avkjøl.

Eg har berre dryssa litt melis over, men bland gjerne ein melisglasur og smør over kaka.

Her i huset bur nokre kakemonsar, og den største er nok min kjære. Eg har ein følelse av at det er nokon som blir glad no ;)

Siri

tirsdag 27. januar 2015

Hekling på gang

Eg har funnet fram heklenål og ullgarn.  Enkel hekling rundt og rundt,  og det einaste eg treng tenkja på er kor tid eg skal skifta farge.
Garnlager skal brukast, kom eg på ;)

Siri

søndag 25. januar 2015

Ta kvardagen tilbake…

 

Depressing Quotes (Quotes About Friendship) 0031-0033 (8)

…det skulle eg ønske eg kunne no. Men eg kjenner etterdønningar av måndagens sjokkmelding ennå. Sjølv om det viste seg at ‘Knut’ ikkje er så hissig, så har min kjære og eg måtte tenkje på mange praktiske ting… Ting som ikkje er lette å sette fokus på..

Kva om….? Ja, for kva om ting skulle skje ganske så plutseleg og uforutsett? Det treng ikkje vera kreftprognose – det kan vera ulykke, eller anna sjukdom…

Eg har lett for å skyva vonde eller vanskelege tankar foran meg, eller til sides. Har ikkje lyst å måtte kjenne kva følelser dei tankane vekkjer i meg…. For KVA OM…?

Me er ein samansatt familie, med mine og dine. Og kva om noko skulle skje med ein av oss? Korleis skal ting fordelast, løysast og fortsetja? Kva med dei ungane som ikkje er myndige ennå? Det finnes vel ikkje automatikk i kor dei skal bu?

Krisa er kanskje ikkje akutt lengre, men eg kjenner at eg er ganske sliten. Eg vil ta kvardagen tilbake – kanskje ikkje den ‘gamle’, men eg vil ta ein BETRE kvardag tilbake!

Siri

lørdag 24. januar 2015

Ikkje det værste utfallet…

 

P1062322

Siste veka har vore prega av mykje tankar, og tankekaos. Veka starta med same mønster som ‘alle’ andre veker, men tok ein u-sving allereie på måndag ettermiddag.

Tankane får eit anna fokus, når kvardagen får eit alvorleg innhald. Klisjè, kan hende, men det er alle dei små ting som gjer livet meining.

Min kjære  var veldig ukomfortabel med ordet ‘kreft’, så me kom til enighet om å kalla det noko anna; Knut (no håpar eg at ingen ‘Knut’ar blir fornærma). Heldigvis visar det seg at ‘Knut’ er av det snille slaget, eller for baby å rekna ennå, så planen framover er å halda ‘Knut’ under oppsikt, ta blodprøvar, sjekka nøye, og ta til handling om det kjem nokre endringar i ‘Knuts’ oppførsel.

Statistikk er bra, med andre ord, i alle fall når ein havnar på ‘rette’ sida i den..

Siri

fredag 23. januar 2015

Fortsatt sokkar…..og litt til

 

P1172330

Føreløpig siste par ut – sokkar i str 42/43, strikka i Labbetuss frå Europris.

Eg er ikkje så flink til å berekna kor mykje garn som går med, og strikkar kanskje ikkje dei høgaste ribbane…. Ca 15 cm høge..

P1182331

Restegarnet tek aldri slutt her i huset, same kor mykje eg brukar virker det som..

Så eg har strikka eit par små karer. Det kan hende dei finn ein plass dei vil bu, men inntil vidare bur dei på skrivepulten min.

Enkel strikk i eit stykke, sydd saman og laga detaljer på til slutt.

 

Siri

onsdag 21. januar 2015

DEN statistikken….

 

Hva er statistikk?

Statistikk er bra. Det kan gi oversikt over en stor mengde tall og målinger. Statistikk skal hjelpe oss til å se tendenser, altså hvilken retning utviklingen har.  (henta frå Globalis.org)

Statistikk er en gren av matematikk som tar for seg analyse av tallfestede dataobservasjoner med den hensikt å kunne trekke konklusjoner basert på disse dataene. Statistikkfaget behandler problemstillinger knyttet til innsamling av data, planlegging og oppsett av eksperimenter, vitenskapsfilosofi, modellbygging, samt tolkning og presentasjon av data og konklusjoner. Statistikk er et sentralt verktøy i alle vitenskapsgrener hvor kvantitative data framskaffes, for eksempel økonomi, industri, meteorologi, medisin og biologi. (henta frå Wikipedia)


Ordet ‘STATISTIKK’ vart ganske så aktuelt denne veka.. Måndag ettermiddag fekk min kjære ein telefon med beskjed om at han har kreft. Tankane går heilt i kaos etter ei slik melding; det første som fell ned i hovudet er mykje praktiske tankar om nåtid og framtid – korleis alt det praktiske skal ordnast. Tankane går inn i ei krisestemning. Så kjem tankane om kven som må informerast først, og korleis.

Då eg hadde litt tid åleine, sat eg meg ned og googla ordet prostatakreft. Det kom opp fleire artiklar, men eg peila meg inn på ei infoside datert hausten 2014 ( no hugsar eg ikkje detaljane på kva side, eller kva dato ). Ein del av innhaldet var om statistikk.

Vidare, om det er for å distrahera meg frå alvorlege tankar veit eg ikkje, så vart eg nysgjerrig på kva som går inn i statistikkar. Med andre ord – eg googla ordet ‘STATISTIKK’. Og ja, som første bolk seier her; statistikk er bra.  Alle er me ein del av ein statistikk, men det som betyr noko er kva side me havner på av statistikken… 

Siri

søndag 18. januar 2015

Av restegarn kan ein lage….

P1072323

Her er eit par sokkar til, og eg kan ikkje anna enn å kryssa fingrane for at du ikkje vert lei av å sjå sokkar framover… Eg veit ikkje heilt om det er for restegarn å kalla når eg har rett i underkant av 2 heile nøster garn, men eg tenkjer iallefall det. For å drøye garnet ein smule, brukte eg pittelitt kvitt til nokre striper, berre for å vere på den sikre sida… Størrelse??? hmmm, eg trur 28-29. Strikka på pinne nr 3,5.

P1062321Så har eg lyst å visa gåva eg pakka inn til mi syster.. Ho fyller året 6. januar, og eg har ikkje lyst å la gåva virka som ein ‘ettersleng’ av jula… Rosarutete papir og blå-grønt bånd. Eg pynta med ein hekla blome, med ein hekla knappeblome i midten. På baksida har eg festa ei sikkerhetsnål, så den kan festast kor ho måtte ønskje å bruke den..

Gåva har ho fått, så eg kan fortelje om innhaldet òg ~ boka eg har illustrert + 2 klutar og 4 renseklutar.

Kanskje eg til slut skal gje deg nok ein jærsk fun-fact; garn på jærsk heiter gàd’n

Her skin sola, og dagen lokkar med ein liten tur. Ønskjer deg òg ein flott dag!

Siri

lørdag 17. januar 2015

Ein sur katt og litt puslerier

Jellybelle, vår britisk korthår katt, har nettopp fått eit bad. Ho er ei vaksen dame, og veit godt kva som er greit og ikkje. Badevatnet var godt temperert, så det var ikkje noko å seie på det. Men meir enn 3 minutter, nei, det er for mykje av det gode....
Pelsen er tjukk, som på ein teddybjørn, og ikkje lett å tørka. Så her sit ho, og gidd med eit naudskrik å sjå opp frå pelsstell... Eg trur du ser kva ho meiner om eit bad....
***

På denne årstida vert det tent mange stearinlys, så fyrstikkeska vert for oppbrukt. Eg tok vare på to oppbrendte fyrstikker, og laga ei jente på fyrstikkeska ~ kledd i fin kjole..

Som ein liten fun-fact kan eg nevna kva me kaller ei fyrstikkeske her på Jæren; ~ STIKKEDÅSE...

Siri

lørdag 10. januar 2015

Nina er hissig

Stormen Nina er her, og ho er ikkje til å spøka med. Ho bankar ikkje fint på døra, eller kjem forsiktig rundt hjørna for å helsa på... Nei, ho slår i tak og vegger så det ljomar.
No er det om å gjere å ha gjort leksene sine - bundet fast det som står utsett, henta inn lause gjenstander, og ikkje minst ha tjora fast drivhus og demontert trampolinar..
Biletet er tatt frå ei lita hamn på Jæren; Madland hamn. Eg klarte mest ikkje trekkj pusten då eg fekk vinden i ansiktet, og slettes ikkje halda kameraet roleg..'Eg veit ikkje om du ser moloane, men om du gjer, så ser du nok kor store bølgene verkeleg er.
Det er godt inne i dag, og då kan eg finna strikketøyet og kosa meg med fyr i omnen medan Nina bråkar utanfor. På pinnane er nok eit par med sokkar; det fjerde paret, så no er eg godt i gang.
Ønskjer deg ein fin laurdagskveld, med eller utan Nina som selskap..

Siri

tirsdag 6. januar 2015

Om Hå Mottakssenter

 Klikk på biletet, så kjem du inn på facebooksida til Hå Mottakssenter. Her kan du lese litt om staden eg kjem til å levera mine ullsokkar når det nærmar seg jul att…. Smilefjes

mandag 5. januar 2015

1. par sokkar

P1052320

Det første paret med ullsokkar er ferdige, og nyttårsforsettet mitt er igang. Her er det brukt restegarn, og etter fargane å døma kunne dei mest vore tekne rett ut av fargerike sportsdesign?

Størrelse herresokkar – trur det må vera rundt str 42, strikka på pinnar 3,5.

P1042319

For å vera sikkar på at eg hadde nok garn slik at begge sokkane vart identiske, strikka eg på begge to, frå garnnøstets begge trådendar. Fordelen med dette var òg at eg vart ikkje så lei av å strikka dei, for som regel vegrar eg å byrja på med sokk nr 2, men her vart den ferdig samstundes med nr 1, og det likar me Smilefjes som blunker

Eg har byrja på 2. sokkepar, men må innrømme at dei er i størrelse 1-2 år…

Det gleda meg å treffa vener og bekjente som kunne meddela at dei òg ville hiva seg med i sokkestrikk til bebuarane på asylmottaket i hå ♥

Siri

lørdag 3. januar 2015

Tid for (bok)slanking

 Denne formen for slanking er i alle fall av den 'sikre' sorten... Eg har rydda i bokhyllene og lagt ut ein haug med bøker på kjøp- og salg-sider på Facebook.. Det er sikkert andre som kjem til å bruka bøkene meir enn meg...
Og det er ikkje berre hobbybøken som må til pers....Fedon-bøker og anna kosthold også! Eg har forsøkt Fedon.metoden, men fekk det ikkje til å passa inn hjå meg.... Eg orka ikkje laga fleire typar mat - til meg, og så til resten av familien....
Romanar har også fått svi....No skal bokhyllene få eit lettare liv!

Driv du på med slanking av noko slag?

Siri

torsdag 1. januar 2015

1. dag i det nye året…

P1012309

…starter ganske grå og våt. Sjøen holder eit lite, poetisk drama for den som vil sjå og høyra.

Godt nytt år til deg! Må året fyllast med gode minner.

Siri