tirsdag 15. september 2015
Fra herregarderoben
tirsdag 7. juli 2015
Endelig!!!
fredag 15. mai 2015
På 5 minutt
Forvandla ein enkesokk seg til leggings og topp til barbiedokka til Frøken Dings.
Med symaskinen var det enkelt å stilla inn på elastiske sting og sy iveg.
Nede på føtene har eg berre brukt stretch-sikksakk. Ein saum i den eine sida, berre for å få leggingsen inntilsitjande. Og to saumar for å markera føtene. Klipp opp og vips - ein leggings :)
Toppen har berre ein saum i ryggen, og ein pynteknapp framme.
Frøken Dings er enkel å gleda, og ho fann det morosamt å sjå kva ein av mine enkesokkar kunne forvandlast til.
Siri
søndag 12. oktober 2014
Restekatt
Ein katt sydd av gamalt dynetrekk og ‘trollgamle’ knappar. Fuglen i kattens pote er sydd av nokre restar eg hadde att frå stoff brukt til Prinsessas klede. Mønsteret er henta frå ei av ‘Tilda’-bøkene.
Ikkje den søtaste Tildakatt, men den har sin rustikke sjarm, tykkjer eg.
Den har fått ein god heim hjå min mellomste son.
Siri
mandag 6. oktober 2014
Ugle
Nok ei ugle er ferdig. Dette var kjekke pusleriee. Eg har funne inspirasjon til desse hjå KIRKEBY. Og eg har laga fleire allereie, men kjem ikkje til å blogga alle. Det hadde nok kanskje vore i meste laget. Undrast på om det er andre som lar seg riva med og lager litt mykje av ting som er kjekt å laga?
Siri
søndag 5. oktober 2014
Fri som fuglen, klok som ugla
lørdag 31. august 2013
Litt resirkulert
Det var desse snurreskjørta då…. Så lette og morosame å laga at her er eit par utgåver til. På desse er det berre ribben på toppen som er ny. Nederdelen er gamalt sengetøy og gamal blonde. Det kvite skjørtet er pynta med ei sløyfe frå utslitte klede. Til og med tråden er restar frå eldre prosjekt ☺
Siri
torsdag 29. august 2013
Snurreskjørt til Prinsessa
Prinsessa har fått nytt skjørt – eit skjørt som har fin snurr.
Enkel oppskrift som er blitt brukt fleire gonger allerede. Det er prinsessa sjølv som har valgt stoff og fargar ~ yndlingsfargen er gult.
Venindene hennes trudde ikkje på at det var EG som hadde sydd det, noko eg vel å tolka som eit kompliment.
Siri
tirsdag 27. august 2013
Dette vil eg gjere meir ♥
Eg har ikkje vore så altfor ivrig på bloggefronten dei siste par månadane. Det er ikkje det same som at eg ikkje er utan noko å gjere; tvert imot…
Endeleg har eg teke mot til meg og handla inn mønster og stoff, for å prøve meg på syfronten. Det er prinsessa som er prøvekaninen, og ho står meir enn gjerne modell for meg med det ferdige resultat ~ Ballongbukse.
Den er sydd av stretch-velour, og får passe god tyngde nede i beina. Prinsessa lo og kosa seg då ho fekk buksa på, sa den er god og varm, og dansa lykkeleg avgårde på skulen i dag, med ny ballongbukse på seg. Namnet på buksa var nok mest like stas som buksa i seg sjølv.
Eg har meir stoff liggjande, klar for ei ny ballongbukse; denne gong i bomullsstoff. Eg er glad for at ei god veninde lokka meg til å ta turen innom Stoff & Stil i Stavanger ♥
Siri





