lørdag 27. februar 2010

Change away




Eg var helst altfor heldig då eg nyleg var innom 'Gjenbruken'.
Dei hadde ein svær kasse ståande på golvet, full av mønster...! Eg plukka frimodig med meg, men etter å ha gått gjenom alt, har eg funne ut at det var meir enn eg kjem til å nytta. Her ser du eit lite utvalg av mønster eg gjerne har ein aldri så liten change away med. Skulle du vera interessert i bytte, så har eg bilete av fleire som kan sendast pr mail.
Det er mønster frå 70-, 80- og 90-talet.
I bytte tek eg gjerne imot knappar, papir- og tapetbitar, noko heimelaga eller anna. Du må berre koma med forslag ;o)

Siri

Ein kollega av meg skal feira eit barnebarn i dag, og i den anledning spurde ho meg om eg kunne baka ei kake. Det passar meg ypperleg å få ein grunn til å bake.
Ynskjet var 'ei sjokoladekake som smeltar på tunga'. Ho refererte til 'Kanelkaka' eg har hatt innlegg om tidlegare.
Eg laga røra, som er til stor langpanne, og delte ho i to. Så i dag vert det kake på gutane mine òg.


Kollegaen min ville berre ha ei enkel, rund kake. Eg trur eg har gjort kaka så enkel som ho kan verta...
Kremen er same oppskrift som til langpanna, men her har eg ikkje varma den opp, berre rørt godt samen i kjøkkenmiksaren.
No ynskjer eg berre 'til lykke med dagen', og god helg!
Siri

fredag 26. februar 2010

Drøymer om vår



Det ser ut til at denne vinteren vert lengre enn vanleg, til denne landsdelen å vera.
Då er det berre å drøyma seg vekk og heller laga nokre vårblomer sjølv.
Desse hekla nåleputene har minska restegarnsinnhaldet mitt ein smule. Dei kjem til å liggja i gåvekassen min og venta på rette mottaker.
Det går visst mest i enkle prosjekter for tida...

Siri

torsdag 18. februar 2010

Funn på Gjenbruken


~Ei korg full av hekla gryteklutar, og 25 hekla glasbrikker til rundt 50-lappen~

~eit knippe stoffbitar i diverse størrelser for ein 10'ar~


~eit gamalt serveringsbrett til 15 kroner~

~alt utstyret til kakepynting, heilt ubrukt, til den nette sum av 25 kroner...


Siri

mandag 15. februar 2010

Englane og eg


Glem ikke gjestfriheten;
for takket være den har
noen tatt imot engler
uten selv å vite det.
Hebr 13,2
-Englene holder seg på gamle,
velkjente steder -
Bare vend på en stein og start en
vinge.
Der er dere, der er dere,
fremmede ansikter
Som mangler den mangforldige
glansen.
-Francis Thompson
"The Kingdom of God"
-Det er svært viktig å be for
andre, for når du ber for noen,
kommer det en engel og setter seg
på vedkommendes skulder.
-Jomfru Maria
til barna i Medjugorje
~Eg er veldig glad i englar, og har ei heilt lita samling etterkvart. Mange står framme året rundt, og fleire får koma fram rundt juletider. Eg likar følelsen og roen eg kjenner når eg ser på englane.
Orda i dette innlegget har eg henta frå boka "Den store Engleboken" av Sophy Burnham.
Siri

søndag 14. februar 2010

Og vinneren er...

Endeleg er dagen komen. Eg har funne fram ark frå teikneblokka til minstemann og skrevet, dobbelt- og trippeltsjekka, klyppa og trukket lodd. Dette er noko eg kan lika på ein fin dag i februar...
Og vinnaren av handlenettet er; Westmose.


Og som tidlegare nemt ville eg ha ein liten trøystepremie, som vart;
Pludrehanne.
Gratulera så mykje til begge to, og håper premiane vil falle i smak. Send meg namn og adresse, så kjem snart premiane i posten.
I tillegg vil eg takka alle som ville vera med på min vesle give-away.
Siri


fredag 12. februar 2010

Minner om min Give Away

På sundag er dagen for min vesle Give Away og det er ennå tid igjen til å melda seg på. Det kan du gjer her. Og eg har kome fram til at eg vil gje ein trøystepremie òg...
....det vil vera eit hekla armband. Valgfritt om det skal vera til barn eller vaksen.
Ynskjer alle lykke til!
Siri



Change Away - elskar det!

For ei lita tid tilbake vandra eg bland koselege bloggar, og var lokka av overskrifta 'Hjælp'. Det var Kristin, med bloggen Albert & Vill, som ynskja å bytta til seg retro stoff til eit prosjekt. Ho hadde fleire ting ho kunne bytta med, så det var berre å velja.
I dag kom ein pakke frå Danmark...
Eg valgte hekla soppar, og fekk dei i fargar eg valgte sjølv. Som ein liten bonus, fulgte det med ein liten, lilla soppspore på pakken - kor heldig har eg vore...? ;o)

Her er stoffet Kristin fekk i bytte.
Dette kjem eg nok til å gjera fleire gonger, om det skulle by seg.
Siri



tirsdag 9. februar 2010

Frå restekasse til skattekiste

For tida er hovudet mitt fullt - det har toppa seg liksom.
Då er eg ikkje alltid like motivert til å ta fatt på større prosjekt, sjølv om det ikkje er større enn sokkar og slikt.
Men etter å ha vandra litt i Blogglandia, kom eg over denne bloggen; Karen Klarbæks Verden,
med enkel oppskrift på hekla armband.
Midt i blinken å pusla med! Ikkje tek det lang tid, og eg likar å rote i gamle knappar og trådar.
Det kan fort verta mange av desse, men då kan det hende det drysser litt på venninner og småjentene deira.
Og kanskje det til og med vert ein liten trøystepremie i Give awayen min òg ;)
Siri

fredag 5. februar 2010

70-tals mammaklede


Er det nokon som gjenkjenner slike mammaklede? Eg har nemleg vore på loftet hjå mor og funne nokre gamle skattar. Ho brukte desse då ho venta minstebror min i 1978.


Det brune forklede har ei bukse til, heilt ensfarga og med isydd ribb ved magen.


Etter å ha tenkt litt på kva eg skal bruka det til, har eg ennå ikkje heilt enig med meg sjølv.




Det kan jo vere nokon som kan ha lyst på slike...


Så eg er open for ein aldri så liten Change Away om nokon melder sin interesse.. :o)

Siri