tirsdag 29. november 2011

Brende mandlar

Etter ønskje legg eg gjerne ut oppskrifta på brende mandlar.

100gr mandlar
30gr sukker
1dl vatn
1ts smør

*Kok opp mandlar, sukker og vatn,i ei vid kasserolle,på sterk varme. La det koke til vatnet har kokt ut, og rør av og til. Når vatnet er nesten borte røres heile tida. Mandlane får eit sukkerbelegg. Kok vidare under stadig omrøring til sukkeret smeltar. Ta kasserolla av plata, rør inn smør, tøm ut på bakepapir og ta mandlane frå kvarandre medan dei ennå er varme. Avkjøl og oppbevar tørt i tett boks/glas.

Siri 

søndag 27. november 2011

Den gode innetida

Det er ei god tid me går i møte nå. Sjølv om det kan vera aldri så surt og kaldt ute, er det den beste tida å tenna lys inne, og fyra i ovnen. Finna fram litt julepyssel, baka litt og laga litt julekonfekt.
Denne tida er litt travel for meg. Eg har 2 søner som fyller år, 1 prinsesse som følgjer straks etter, 1 halvbror av mine gutar, og minste bror min. Travel tid, men utruleg koseleg!

Dette året er eg faktisk litt seint ute med julebakst; har såvidt byrja å laga nokre brende mandlar. Bra oppskrift som er rekna for små porsjonar, men mykje raskare enn stor porsjon. Her er litt mindre sukker i også, så dei er passe søte.

Julekalendaren til mor er overlevert, og 3 julekalendarer venter på å bli hengt opp her i heimen.

I dag skal me nok våga oss ut i stormen for å ta nokre dramatiske bilete, for så å koma oss inn i varmen og nyta noko varmt i koppen. Adventstaken står klar til å tennast i kveld. Kanhende det blir noko meir i kakeboksane òg, kven veit....?

Siri

mandag 21. november 2011

Nok av restar

 Er det noko det er overflod av her i huset, så er det garn og restegarn. Dette restegarnet har eg hatt liggjande i eit-par år, og har blitt nytta til sokkar før. Prinsessa var glad for sokkane; ho er så glad for kvar ting eg lagar, eller kjøper til henne..
 Fortsatt nokre meter garn att frå nøstet, og eg fann fram boka 'Brukt på nytt'. Det er nokre kjekke mønstre på dokkeklede, og eit sjal til prinsessa's baby var vel passande....?
 Her sit babyen så fint i sofaen og søv, godt inntulla i sjalet...
Elles har eg testa ut pølse- og spagettivarianten som er så 'in' her i bloggeverda. Ungane åt sikkert dobbelt så mykje som vanleg, men det får bli laurdagsvarianten, for det tok litt tid å laga..

Siri

torsdag 17. november 2011

Skogens skattkammer

Ååå, om eg berre tok meg meir tid til å nyta denne årstida og alt den har å by på...
Ein hærleg skogtur, saman med mi kjære naboveninde, te i termosen, pose og saks med i sekken; Me sanka meir enn me fyrst planla..
Mosekledde einergreiner, furukongler, lerkekongler, bark og meir mose.. Hortensiaen hadde eg allereie plukka inn, og den er halvvegs tørka. Orkidègreina har eg klyppt av planten i kjøkkenvindauget. Engelen er ei gåve frå mor mi for fleire år sidan, og fatet er min kjære's funn på gjenbruken..
Snart er det advent, og eg vil nok berre bytta ut hortensiaen med nokre lilla nellikar... Nyt tida!

Siri

onsdag 16. november 2011

Vaniljekake

 Dette er ei nydeleg kake, og her er det rom for variasjon.
Etter å ha bakt den nokre gonger, så har eg testa ut litt. I originaloppskrifta skal det brukast vanleg sukker på toppen, men eg likar den gode 'karamell'-smaken ein får av å bruka brunt.
Det beste er å smelta litt smør, og blanda ut det brune sukkeret og kanelen i det. Smør det over toppen på kaka.
Sjokoladebitar vart godt motteke her i heimen. Elles kan eg nemna blåbær og revet sitronskall, eplebitar eller nøtter i.
Oppskrift til ei stor langpanne;

Vaniljekake

250 gr smelta smør
1 liter vaniljesaus
550 gr sukker
2 ts vaniljesukker
6 ts bakepulver
800 gr kveitemjøl

*Alt blandes og helles i langpanne. Strø kanel og sukker over.
Steikes ved 180 grader i 30-40 minutter.

Siri

søndag 13. november 2011

Kva er galt..?

Dei siste vekene har eg utallige gonger forsøkt å leggja att kommentarar i andre bloggar, men får berre melding tilbake at mi mailadresse ikkje har tilgang til sida.. Utruleg dumt, for det finnes så mange flotte innlegg eg gjerne ville ha kommentert..
Kan det vera noko eg ikkje har oppdatert, eller er det andre som har same problem...?

Siri

fredag 11. november 2011

Hals over hovudet

 Nøstebarn-boka har gjort seg nytte igjen; Tida er inne for å kle seg litt betre...
Denne halsen er i vaksen størrelse, og strikka av eit nøste ullgarn som passa pinnar 3-3,5. Eg brukte pinnar nr 3,5.
 Ein barnehals strikka i Pickles 'Ekstra fine babymerino' , farge apricot.
Og denne er restegarn frå Pickles 'ekstra fine babymerino' , fargar apricot og rose. Dette var eit utruleg hærleg garn å strikka med, så eg kjem nok til å auke garnlageret mitt pittelitt i næraste framtid...
Fleire halsar kjem nok òg på pinnane igjen, for det var superenkel strikk å ha med på strikkekafè - eg kunne både strikke og snakke samstundes ;o)

Siri

onsdag 9. november 2011

Me planleggjer ein kjøkkenhage

 Etter at min kjære kom 'til gards', har det byrja bli meir orden og planar for uteområdet. Eigedomen er berre ca 500 m2 totalt, men min kjære ser moglegheiter for mykje. Førebuingar til neste år har han starta på nyleg; kjøkkenhage -
I haveskuret er det rydda - og 'skattar' er funne: her gamal sengebotn og ei list av eit eller anna slag. Utruleg kva ein kan ha liggjande....!
8 av fjølene vart spikra saman til ein ramme, forsterka litt i hjørnene av lista ~ sim sala bim, ein aldri så liten krydderhage vart til...
Min kjære er veldig glad i 'dingsar', og her fekk han bruk for spikerpistolen sin ;o)

Siri

torsdag 3. november 2011

~ Utanom hobby ~

 Siste gongen eg lasta bilete inn på pc'en min, var desse 3 bileta blandt dei...
 Eg er ganske sikker på om eg spør kven som helst her i heimen, så er det nok ingen som har teke dei...
Sjarmerande dokumentering på korleis kvardagen kan vera -

Siri