Det er ei god tid me går i møte nå. Sjølv om det kan vera aldri så surt og kaldt ute, er det den beste tida å tenna lys inne, og fyra i ovnen. Finna fram litt julepyssel, baka litt og laga litt julekonfekt.
Denne tida er litt travel for meg. Eg har 2 søner som fyller år, 1 prinsesse som følgjer straks etter, 1 halvbror av mine gutar, og minste bror min. Travel tid, men utruleg koseleg!
Dette året er eg faktisk litt seint ute med julebakst; har såvidt byrja å laga nokre brende mandlar. Bra oppskrift som er rekna for små porsjonar, men mykje raskare enn stor porsjon. Her er litt mindre sukker i også, så dei er passe søte.
Julekalendaren til mor er overlevert, og 3 julekalendarer venter på å bli hengt opp her i heimen.
I dag skal me nok våga oss ut i stormen for å ta nokre dramatiske bilete, for så å koma oss inn i varmen og nyta noko varmt i koppen. Adventstaken står klar til å tennast i kveld. Kanhende det blir noko meir i kakeboksane òg, kven veit....?
Siri
Ja det er godt de la denne juletida midt i den svartaste månenden i året:) Hjelper masse på mitt humør!
SvarSlettDen brente mandel oppskriften din, deler du den? Høres greitt ut med litt mindre sukker nemelig:) Kos deg videre i førjulstiden:)
Mmm, det såg godt ut :) Kjekt med kos i førjulstida. Ha ein fin kveld :)
SvarSlettBrente mandler er veldig godt. Tror nok jeg må lage det i år også.
SvarSlettJeg har eksperimentert en del med brente mandler i år. Lyst til å dele oppskriften din? De så veldig fine og gode ut.
SvarSlettÆ har vært lat..kjøpte brente mandler på marked igår.. Er veldig enig med ho som sa at da slipper vi oppvasken etterpå;-) Ha ei fortsatt fin uke, klem
SvarSlett