
I morgon, 12.desember, er dagen då ungane her i bygda går julebukk, no som så lengje eg kan hugse. Sjølv vaks eg opp eit stykkje frå bygda, med 9 hus samla i nærleiken. Mørkt var det, ingen gatelys og skog tett inntil vegen. Men var det noko eg gleda meg til, så var det å gå julebukk! Me fekk korga full av godsaker, og eg hugsar spesielt ein gong då eg vart bedt inn for å smaka på nylaga peppermyntekonfekt....
*Peppermyntekonfekt*
250 gr melis
1 eggekvite
1 ts vatn
2 dråpar peppermynte
~rør saman. Kanhende du må bruka meir melis for å kunna trilla ut kuler.
Smelt 2 plater kokesjokolade saman med ein klatt kokosfett.
Dypp kulene i sjokoladen og rull dei i kokos.
Siri