søndag 21. juli 2013

Vimplar i vinden

P6162187

Petunia er eit garn eg brukar ofte, og dermed vert det ein del restar av dette garnet. Her har eg brukt opp nokre fargar på ei lita vimpelrekkje. 3-kanta oldemorsruter hekla saman til slutt. Denne rekkja heng òg i hagen vår, saman med ein lappeengel, på ein kirsebærtrestamme ♥

P6162188P6162189

fredag 19. juli 2013

Her er Blekkis

P5282176

Denne vesle kjekkasen er fargerik og glad. Prinsessa har kalla han Blekkis, og er allereie ein god sengekamerat for henne.

Restegarn er ein kjekk ting, og det er ikkje mykje som skal til for å få eit litt festleg resultat.

Eg har lagt inn noko lavendel i fyllet, noko eg ein gong las skal ha ein roande effekt på store og små.

‘Armane’ har eg hekla litt kortere; i staden for å bruka 60 lm, så har eg brukt 50 lm.

Familien Blekksprut kan nok venta seg famileforøkelse om ikkje så lenge ~ dei er berre uimotståelege…

Siri

torsdag 18. juli 2013

Eg jobbar i hagen..

P6272192P6272193

…og ikkje vert eg skitten på hendene heller. Akrylgarn i neonfargar og ei heklenål er alt eg treng, og vips så kunne eg henga opp ei fargeglad vimpelrekkje.

Det er min kjære som verkeleg slit og utfører dei store jobbane i hagen, og eg elskar han for det.

No kan eg plukka søte jordbær, og ripsbæra er snart modne. I krydderhagen kan eg klyppa det eg treng av friske urter.

Ferien min er slutt no, og me har hatt mange fine dagar i Sverige og Danmark.

P7012213

Me sov på vandrerhjem, noko me kjem til å gjera fleire gonger. Her er eit bilete frå Årår kvarn och Vandrarhem. Ungane hadde det travelt i all roen, for like ved var ei elv med gjedder og kreps.

Berre synd fotoapparatet gjekk tom for batteri, så det vart ikkje så mange bilete som eg kunne tenkt meg.

P7102244P7102249

Jellybelle var hjå eldste sonen min medan me var på ferie, og både katt , ungar og vaksne var glade for å sjå kvarandre att.