Viser innlegg med etiketten Farmors oppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Farmors oppskrifter. Vis alle innlegg

søndag 4. desember 2011

Jødekaker

Jødekaker er nok dei kakene eg hugsar aller best frå barndomen. Farmor hadde alltid nokre store syltetøyspann fulle av gode småkaker, året igjenom.
Opprinneleg var dei runde, med litt perlesukker-strø på toppen. Men dei er supergode som hjarter utan sukker òg...
Beste resultat får du om du har tilgang på råmjølk, men det går fint å bake utan også.

*Jødekaker*

1/2 l råmjølk (eller 1/2 l mjølk+2 egg)
1 kg kveitemjøl
1/2 kg sukker
250 gr smelta smør
6-8 ts hornsalt

Steikes ved 210 grader i ca 10 minut.
Prøv å kjevle deigen tynt; då får du dei beste kakene..
Og ~ sjølv om dei er haldbare, kan dei vera kjekke å ha i frysen.

Siri

mandag 19. september 2011

Unn deg noko godt

*Vannbakkelser*

125 g smør
2 1/2 dl vatn
2 1/2 dl kveitemjøl
4 egg

~Kok opp vatn og smør.
Tilset mjølet og rør til deigen slepp kjelebotnen.
Avkjøl litt, og rør i eitt egg om gongen.
Legg med skje på bakepapir.

Steikes i 20-25 minut ved 200 grader.
-Ikkje åpne døra under steiking!
Avkjøl på rist.

Her i huset fylles vannbakkelsane med ei blanding av krem og vaniljekrem. Ungane kan mest ikkje få nok når eit fat med desse kjem på bordet...

Siri

torsdag 4. august 2011

Ny kakeoppskrift...?

Nei, langt ifrå!

Eg skulle berre lage Farmor's Firkløverkake...
...men kaka vart ikkje heilt vellukka, kan du sjå.
Min kjære er god; han sa,'det finnes ikkje mislukka sjokoladekaker, det har berre blitt ei fudgekake..'
Og det var heilt sant - kaka vart knallgod, sjølv om ho ikkje akkurat var eit vakkert syn.
Borte vekk på null komma niks!

Siri




onsdag 23. februar 2011

Farmor's Firkløverkake



Min kjære elskar sjokolade og alt som inneheld sjokolade. Så når eg hadde ein kikk i farmors handskrevne kokebok, fallt eg for freistinga til å bake Firkløverkake til min kjære.
Som du ser på biletet var det nok av krem, så eg kunne nok med fordel ha delt kakebotnen i 3 istaden for i 2. Men me lærer så lenge me lever..
Her kjem oppskrifta om du skulle verta freista;
150 gr margarin røres kvitt med 300 gr sukker. Tilset 2 piska egg. 1/2 plate kokesjokolade oppløyst i 1/4 l mjølk, og 300 gr kveitemjøl med 3 ts bakepulver. Dette tilsettes vekselvis. Kaken steikes i rund form, i middels varm ovn i ca 45 minut.
Krem;
2 koppar melis, 1/2 kopp fløte, ca 100-150 gr firkløversjokolade, 1/2 kopp meierismør. Alt varmast opp til kokepunktet under omrøring.
Eg brukte mørk kokesjokolade til botn, og vanleg margarin i kremen då eg ikkje hadde meierismør i huset.. Middels varm ovn tolka eg til rundt 150-160 grader, og eg vart godt nøgd med resultatet..
Og kaka - den forsvann i store stykkjer...
Siri

mandag 7. februar 2011

Farmor's oppskrift på nytt

Nok ei gong har eg funne fram oppskriftene til farmor, men denne gongen tilpassa eg oppskrifta litt til ny bruk.
Når eg fyrst er så nøgd med resultatet kvar gong eg har bakt rundstykker, tenkte eg at oppskrifta måtte vera godt egna til pizzaboller også.
Eg erstatta mjølk med vatn, og kutta ut ein pakke gjær. Eg brukar alltid fersk gjær i denne oppskrifta, for eg tykkjer resultatet vert aller best då..
Fyllet på desse pizzabollene er gjort 'barnevenlege'; eg har berre brukt kjøtdeig, krydder, tomatpurè og litt vatn. Sjølv kunne eg godt tenkt meg løk og mais oppi i tillegg..
Eg har òg ein plan om å baka desse snurrane og fylla dei med soltørka tomater, ost, oregano og kanhende skinke eller smårettbacon.
Kjekk bakst å ha i fryseren; enkel niste når me vil ut på tur..
Siri

onsdag 12. januar 2011

Rundstykker med vri

Det er ikkje mykje som kan måla seg med dufta av nysteikt gjærbakst. Og om ein fyljer oppskrifta nøye, så vert resultatet stort sett alltid vellukka.
I helga laga eg ein fin rundstykkedeig, av farmor's oppskrift. No har eg gjort ei endring, og byta ut noko av kveitemjølet med grovare mjøl.
Eg kjevla ut som om eg skulle laga kanelrullar, men fyllte istaden med skinke, ost og litt krydder.

Rulla saman og skåret opp i passe bitar.

Berre etterheving som gjenstår her.

Fiks ferdig 'påsmurde' rundstykke, som ungane veerkeleg likte.
Farmor's oppskrift
1 litar mjølk varmast i
150 gr smelta smør
2 pk gjær løyses opp i blandinga
4 ss sukker
1/2 ts salt
1,5 kg kveitemjøl
*** Hevast til dobbel størrelse, bak ut ca 30 rundstykke, etterhev i ca 30 minutt
Steikast på 230 gr til dei er gyldne og fine
*****For den 'grove' varianten min, byta eg ut 400 gr av kveitemjølet med 350 gr sammalt kveite,grov, og 50 gr kruskakli.
*I tillegg brukte eg ca 200 gr skinke og 200 gr ost. Krydre etter smak ~ eg brukte piffikrydder og pizzakrydder.
Velbekomme
Siri


onsdag 2. desember 2009

Julebrød



I dag såg eg gjennom nokre oppskrifter, og fann fram den gamle, handskrevne oppskriftsboka til farmor mi. Eg hugsar godt alt det gode ho baka. Ho brukte gamle syltetøyspann til kakeboksar, og det var fritt fram til å velje kvifor ein eg ville ha kake frå.
Eg har lyst å dela med meg oppskrifta hennar på Julebrød, som eg skal baka sjølv no i desember. Og her er oppskrifta, akkurat slik farmor skreiv ho:

Jule-brød
180 gr sukker smeltes i 3,5 dl melk+1,5 pk gjær.
200 gr smør smuldres i 3/4 kg mel.
1 pk kardemomme, 250 gr rosiner, 1 pk sukat.
*Arbeides godt, heves som vanleg gjærdeig.

Det er som eg allereie kjenner dufta av nybakt julebrød....

Siri