søndag 26. desember 2010

Julehelgas syslerier

Denne jula har vore veldig fin og roleg. Og om eg ser vekk ifrå at eg har vore sjuk, så har det vore ei av dei finare julehelgene...
Sidan eg måtte halde meg i ro, vart det god tid til noko enkelt handarbeid; 3 strikka klutar og eit tomt tomatpurèglas som har fått hekla trekk. Ein fin måte å bruka opp bomullsrestar på.
No er det berre å kryssa fingrane for at eventuelle bakterier eller virus tek juleferie...
Siri


onsdag 8. desember 2010

Juleverkstad-konfekt

Her i huset har det våre tradisjon med juleverkstad for born på denne tida. Dette året er ikkje som tidlegare år - det er travelt å pendla i helgene. Difor vart det vel ikkje for verkstad å rekna sjølv om me laga noko saman med eit par born..
Men denne konfekten er perfekt for små hender å lage, og har ein tendens til å forsvinna inn i små munnar på eit augneblikk òg..
Oppskrifta er her;
Bland saman
1 dl sukker
1dl kokos
2 dl lettkokte havregryn
2 ss kakao
2ss vaniljesukker
2 ss smør
1 egg
* Trill passande kuler, og rull dei i kokos.
Oppbevar kjøleg
Siri

tirsdag 7. desember 2010

Planer for helga


Eg har allereie nokre små, kjekke planer for helga som kjem. Vel er det ikkje Luciadagen i helga, men eg har lyst å baka lussekatter, lage varm sjokolade og kosa meg ilag med to kjekke gutar på isen.
Sidan eg ikkje har baka Lussekatter sidan eg gjekk på Speideren for utallige år attende har eg søkt meg litt rundt på nett, og fann denne oppskrifta hjå Tine.
Om veret skulle koma til å slå om innan helga, så kan me kosa oss innandørs også. Trur nok eg skal pakka med meg nokre brettspel i tilfelle. Ja, det blir nok ei koseleg helg på Bokn, tenkjer eg...
Siri

tirsdag 30. november 2010

'Lue med sirkler'

'Lue med sirkler' frå mønsterheftet til Arne & Carlos, strikka i Freestyle frå Dale garn. Kjekt å kunna bruka opp restar frå 'Space invader'-hua, det raude, men ein treng 2 nøster grått, ikkje 1 nøste som det står i oppskrifta. Trur det gjekk greit sjølv om partinummeret vart forskjellig på det gråe...
Siri

mandag 29. november 2010

Helgebakst

Gjærbakst er noko ungane alltid set pris på, spesielt når dei kan nyta baksten varm og rett frå ovnen.
Denne gongen laga eg vaniljefylte horn, skuleboller og sjokoladeknutar.

Sjokoladeknutane vart ein suksess, og inspirasjonen er henta frå 'Trines Mektige Matblogg'.

Siri

torsdag 25. november 2010

Lettvindte Mandelstenger

Desse kakene i boks innan jul her i huset. Gode, litt seige og med ein krydra karamellsmak, treng eg seia meir?!
Oppskrifta deler eg gjerne;
200 g smør og 200 g sukker røres kvitt
tilset
1 eggeplomme
1 ss lys sirup
1/2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
260 g kveitemjøl
La det stå kaldt i 1 time.
Trill ut 4 pølser på steikebrett.
Pensle eggekvite på pølsene,
hakk mandler og strø på.
Steikast på 200 grader i ca 15 minutter.
Skjærast opp i skjever medan dei er varme.
Siri

mandag 22. november 2010

Space invaders

Eg har latt meg freista, som så mange andre, til å kjøpa mønsterheftet 'Arne & Carlos' for Dale Garn. 3 nøster 'Freestyle' havna òg i posen, og eg gjekk i gang med strikkinga. Eg har ikkje strikka så mykje mønsterstrikk med fleire fargar før, så eg var spent på resultatet. Ganske nøgd med 'Space invaders'...
No har eg byrja såvidt på 'Lue med sirkler' frå same heftet. Lett å verta hekta på slikt handarbeid..
Siri

tirsdag 16. november 2010

Hekla blomar

Ein kollega spurde meg så fint i går om eg kunne hjelpa henne litt. Sjølvsagt kan eg det, sa eg. Ho har eit prosjekt på gang, nokre stoffhjarter som ho har lyst å pynta med hekla blomer. Etter fleire forsøk ga ho opp heklinga...
Ho hadde garnnøstet med seg på jobb, så då var det berre å setje i gang då eg kom heim. I utgangspunktet trengte ho 2 stk, men når eg fyrst var i gang var det berre å hekle... Det er dei brune ho ville ha no.
Men eg fann fram noko restegarn og hekla nokre i fargar òg, så kan det vere ho finn på noko anna å pynte opp med blomer..

Eg kjem til å hekla meg nokre til meg sjølv òg, og inspirasjon til blomer fann eg hjå Attic24: og Tingenes Tilstand..


Så kan eg nemna i forbifarten at nok ein Ufo har landa... Strømpegarn frå Sandnes Garn og pinner nr 3 er ikkje det eg er mest ivrig med, kan ein seie... Men no er nok ein julegåve sikra..

Siri



fredag 12. november 2010

Kalde føter..

Min kjære har klaga litt over kjølen no når det haustast. Og det er helst føtene som er kalde... Eg hadde meg ein runde i kassane med garn, og fann noko 'Ragg-strømpegarn' frå Hjerte-garn. Strikkepinnar nr 5, og i ankelhøyde gjekk det med eit nøste pr sokk. Av erfaring veit eg at dette garnet er 'tøyeleg', difor strikka eg fast. Og skulle sokkane mot formodning vere i minste laget, så er det nok fleire småkalde føter som set pris på litt varme...
Siri

mandag 8. november 2010

Sjokoladekyss

Sjølv om me ennå er tidleg i november har eg byrja med julebaksten. Det er noko eg har gjort sidan eg fekk ungar, for to av gutane mine er fødde i slutten av november, og eg tykkjer det er greit å ha nokre sorter kaker i boks innan selskapa deira.
I dag har eg bakt 'sjokoladdekyss', som er yngstemann sin favoritt.
Om det skulle frista er oppskrifta slik;
4 eggekviter
125 g sukker
75 g melis
75 g sukker
1-2 ss kakao
Pisk kvitene nesten stive. Tilset 125 g sukker gradvis og pisk til det er stivt og blankt. Bland melis med resten av sukkeret og kakaoen og sikt over kvitene. Vend det forsiktig inn.
Ha i sprøytepose og lag små topper.
Steikes ved 100 grader i 1 time.
Siri

mandag 1. november 2010

Vinnarlukke

Nyleg var eg så heldig å vinna ein give away hjå Doo it - just doo it. Ei flott strikketøyveske full av hjarter, i ein av dei gladaste fargane eg veit om. Det kjem til å vera fint å finna fram denne kvar gong eg skal strikka eller hekla litt når eg er ute på tur..
Siri

mandag 25. oktober 2010

Muffins med krem

Ungane her i huset elskar muffins, og eg er ikkje så langt unna sjølv heller.
Pickles er ei suverèn nettside, med gratis oppskrifter på handarbeid og MUFFINS. Desse muffinsane er kalla 'Fastelavnsmuffins', men eg har sløyfa marsipanen.
Knallgode er dei!
Siri

fredag 22. oktober 2010

Klar for vinter

Skjerf og pannebånd til ei lita jente. Strikka i Alfa, med hekla detaljer i Drops Alpakka. No kan vinteren berre koma...
Siri

tirsdag 19. oktober 2010

Prinsessenytt

Den vesle prinsessa på snart 3 skal no få ein søt, varm og god vest til å halda varmen i haust og vinter.
Vesten er strikka i Sandnes Alpakka, og mønsteret er henta frå heftet 'mix barn nr 0910'. Det er ikkje lett å sjå på biletet, men bærestykket på vesten har eit nydeleg og enkelt bladmønster.
Planen no er å finna fram Alfa-garnet og strikka noko meir til prinsessa frå same heftet...
Siri

mandag 11. oktober 2010

Glimt frå helga

Einerbær, klare til plukking..

Spasertur i haustlege fargar på Bokn,

hand i hand med ein eg er glad i....


Muffinsrøre, klar for steiking...



...for så å nytast..
Oppskrifta finn du her - sjokoladevarianten..
Siri





onsdag 6. oktober 2010

Haust

-oktober
-regn
-vind
-stearinlys
-innekos
-epler
-kake

*Eg elskar hausten!
Siri


mandag 4. oktober 2010

Ein UFO har landa

Etter å ha vore gøymd i ei skuffe i omtrent eit år, var det sanneleg på høg tid å gjera denne brikka ferdig!
Den er hekla med tanke på eit serveringsbrett til somarbruk, og garnet låg i ein stor pose heklegarn som fulgte meg heim frå 'Gjenbruken' ein gong..
No gjenstår berre trådfesting, men eg har jo god tid til det...
Siri



mandag 13. september 2010

Denne somaren vart heilt annleis enn det eg såg føre meg - og då positivt annleis.
Plutseleg banka 'den store Kjærleiken' på døra, og heldigvis var eg heime. Alle små og store prosjekt vart sette på vent, då det var mykje viktigare ting som har oppteke tida mi no..
Men eit par rosa tubesokkar til ei alldeles nydeleg lita prinsesse, det kan eg visa fram no..
Framtida ser lys og spanande ut, og eg gler meg...
Siri

mandag 16. august 2010

Noko for deg?

Etter mange diskusjonar med meg sjølv har eg kome fram til at det er på tide med ei opprydding i nokre av hobbyane mine. Når ein går på arbeid heile vekene vert det lite tid til overs til alt eg har lyst til..
I fyrste omgang tenkjer eg på å kvitte meg med dei fleste kakeformene mine. Eg får heller velja ut eit par eg trur kjem til å verta brukte i framtida.
Her er eit lite utval med former, og skulle det vera av interresse er det berre å gje ei melding. Det er Wilton-former, og eg tenkte meg ein liten hundrelapp for kvar. Eg er òg open for ein change-away om det er aktuelt...

Siri



fredag 6. august 2010

Etter regn

kjem sol
-billedleg og bokstaveleg
*Livet har mykje godt å by på
me treng nokre regnversdagar
for å setja pris på sola
Siri



søndag 25. juli 2010

Tenk å koma heim etter eit fantastisk døgn på tur, gå bort til postkassen, kikka oppi og sjå at postmannen har kome med pakke...
Og dette var ikkje ein kva som helst pakke heller!!
Den hadde ei vidunderleg duft, var mjuk og god, og bar mitt namn..
Eg opna pakken forsiktig og fann nok ein pakke inni. Mørk lilla, med flott stripete sløyfeband rundt. Laga spesielt til meg..
Eg har vunne! Ein Give-Away hjå Snertne sneller og små nøster .
Ei nydeleg handlaga veske, kvit og fin, med blomar og fòr i mine favorittfargar. Den deilige dufta kom frå ein pose te, dufter som 'kongen av danmark', og tre raude sjokoladehjarter låg oppi veska.
Te og sjokoladehjarter skal delast med nokon eg set veldig pris på.
Veska skal brukast til somarkjolen.
Siri

mandag 5. juli 2010

Tre bukser og ein knapp

Av alt eg har laga, trur eg det er denne veska eg er mest nøgd med og har brukt mest. Eg har sydd ho av to bukser eg har fått av ei veninne og ei bukse frå ei tantejente. Knappen ser ut til å vera ein gamal kåpeknapp; eg har fått den av bornas oldemor for mange år sidan...
Skulle veska verta skitten, er det berre å kasta ho i vaskemaskinen.
Størrelsen er ca 25x40 cm
Siri

søndag 4. juli 2010

75 mil rundtur

Kven skulle tru at man, 1.juli, måtte gå over snø for å koma til målet? Biletet er teke på veg til Øyuvsbu, ei turisthytte i Setesdalsheiene.
Biletet talar vel for seg sjølv...?

Brokkestøylen ser ut til å vera ein fast stopp for vår del. Og minstemann stod på krava og ville overnatte i lavvoen i år òg. Me var heldigare med vèret i år, for i fjor regna det 47 mm det døgnet me sov her. Men tregolvet var like hardt å sove på...


Fjellbjørk, like før me kom til Haukeligrend.



Eit imponerande syn. Langefossen er over 600 m frå han stupar over kanten til han renn ut i Åkrafjorden rett bak oss.
Det er mange år sidan eg har vore denne vegen, og hadde mest gløymd kor vakkert det er her.
Ferien vår var ikkje av dei lengste, men me har opplevd mykje;
- snø -sol -regn -fjell -fjord -daler -fosser -mygg -lemen -fuglungar -geiter -laurdagsmarked -båt -undervannstunneller
Det er godt me har fotoapparat og god hukommelse!!
Siri

onsdag 30. juni 2010

Feriemodus..

No er eg i feriemodus. Eg har berre ein dag att på jobb, så er det ei god veke ferie..
Minstemann og eg skal på same type ferie som i fjor, det ynskjer han.

Ikkje nokre planar om kor, me fèr med vinden..
Siri



torsdag 24. juni 2010

Kalori-hurra-kake!

Det går fortsatt mykje i kaker for tida. Denne langpannekaka hadde eg ikkje laga på over 10 år, og når eg smaka på ho att, kunne eg mest ikkje forstå kvifor...
Fantastisk, klissete og mektig god!!
På denne tida av året smakar det godt med bær og krem til òg.
Og sist, men ikkje minst, den er yppeerleg til frysing!
Oppskrifta til ei stor langpannekake får du her;
KALORI-HURRA-KAKE
400 g smør
4,5 dl vann
7 ss kakao, strøkne
*kokes opp
9 dl sukker
9 dl kveitemjøl
2 ts natron
1 ts salt
4 egg
3 dl seterrømme
*blandes
**bland så alt samen, hell røra i langpanne og steik kaka ved 200 grader i 30-40 minutt.
Glasur:
100 gr smør
6 ss mjølk
4 ss kakao
2 ts vaniljesukker
350 gr melis
*Smelt smøret, ha oppi resten.
Stikk kaka med gaffel og hell glasuren over kaka medan alt ennå er varmt.
Nyt!!
Siri

lørdag 19. juni 2010

Kva skjer...?

Den siste tida har eg ikkje vore så flittig inne i Blogglandia. Eg har kikka litt rundt på andre koselege bloggar, men ikkje kommentert eller laga så mange innlegg sjølv.
Livet er travelt for tida, med jobb og avtalar. For det meste har eg gjort minst mogleg utanom.
Men nokre turar har gjort godt.
Her sit eg med føtene i kross, med handarbeide i hendene, medan minstemann fiskar. Ein vakker, men vindfull dag på Jæren.
På veg heim frå jobb her om dagen, stod eit skilt langs vegen: 'Loppemarked'.
Eg svinga inn, for ein kan vel ikkje la ein slik anledning gå frå seg?
Det er fint å vandra blandt lopper, sjå om ein kan finna ein liten skatt...
Der var ikkje så mykje 'smålopper' å hente, men desto fleire store lopper.
Kor heldig var vel ikkje eg då bror min hadde funne same vegen, med tilhengjar...?!
Dette spisebordet, med 6 jærstolar, gav eg nette 350 kroner for!
Sommarstid er tida for eit lite rush med bursdagar.
Ein kjekk, ung musikar fekk gitarkake...

...ein komande fotballproff fekk sjølvsagt fotballkake...

...og dei fleste gutar likar action, her iform av spiderman..
Siri