lørdag 25. april 2015

Lokal krigshistorie

Eg har kjøpt ei nyleg utgitt bok om lokal historie frå andre verdskrig. Etter å ha bladd i nokre få sider, ser eg at det her er mykje interessant lesing; bilete, private brev og dagbøker er også teke med.
Denne historia fann sted berre nokre kilometer herifra.
Me må ikkje gløyma historia vår.
Sjølv har eg berre fått med meg små bruddstykkjer frå denne tida. Eg trur det har vore vanskeleg å fortelje for mange, eller så har eg vore for lita og uinteressert i å høyra etter. No er det ikkje så mange  som er att og kan fortelja det dei har opplevd.
Me er fleire i heimen som kjem til å lesa denne framover.
 
Siri


fredag 24. april 2015

Nokon kosar seg

Jellybelle - vår britisk korthåt-katt, ser kanskje ikkje så veldig blid ut. Men eg kan lova deg at dette er koseuttrykket hennes. Å liggja på fillerya på golvet og velta seg frå side til side, det er ikkje noko ho gjer sånn utan vidare.
Etter å ha blitt 'tvungen' til å få seg litt frisk luft, er det berre såååå godt å få koma innandørs att, same kor mykje sola skin ute.
Mor i huset kosar seg med sitt handarbeide. (bilete tatt med mobilkamera kveldstid er ikkje alltid det luraste)
Sokkar i herrestørrelse, strikka i Smart og noko MorÅse, trur eg, på pinnar 3,5. Desse har eg allereie putta oppi boksen kor alle sokkane som skal til Hå Mottakssenter ligg. Eg trur eg har 8 par no, og det blir nok nokre til innan dei skal leverast nærare jul..
Peppi, gode søtaste Peppi, som kom til oss for halvanna år sidan, berre for å vere hjå oss medan eigar fann ein leilighet det var lov å ha dyr i. Ho har blitt eit kjært medlem av familien.
Her ligg ho og nyt sola, også glad og nøgd etter å ha vore ute, men ho elskar utelivet òg. Pysete og redd det aller meste, men nysgjerrig som få.
Min kjære har laga ei kattegarde på terrassen, og kattane er trygge der.
Peppi klorar ikkje og ikkje bit ho heller. Ho er berre snill. Skulle ho bli irritert så slår ho, utan klør, med eine framfoten.
 
Gjer som kattane; ta deg ein strekk og nyt helga ♥
 
Siri 

torsdag 23. april 2015

Himmel og hav...

...for ein morgon!!!
Eg måtte bare stoppa bilen, gå ut og innta dette vakre skuet.
Haarr, eit stedsnamn på Jæren, like ved sjøen, er den staden langs vegen mellom Egersung og Stavanger eg likar best.
Stein på stein på stein....hav frå nord til sør....himmel som når nesten 180 grader rundt...og på dagar som denne ~ å kunne nyte stilla, trekkje pusten og halda den på topp, for så å sleppa den ut att... Gløymt er kvardag og depresjonen, elska er bare nuet.
Beste start på vekas kunst- og uttrykksterapi ♥
 
Siri

onsdag 22. april 2015

Nytt antrekk og nødvendigheter

Prinsessens Barbie har fått nytt antrekk. Kjole og fancy hatt. Ullteppegarn på tynne pinnar utgjer den stripete delen av kjolen, og øverste del + hatten er av eit ufyseleg lingarn eg aldri har funne noko eg kan bruka det til. Eit par paljettar sydd fast til hatten falt i smak hjå prinsessa.
 Eg veit ikkje om du klarer skimta det, men på eine armen er det også eit armband av pittesmå perler. Dette er perler frå gamle smykker, som no får ein 'ny vår'.

Dopapir er viktige ting, og små nødvendigheter til barbie-leken, eller? ;) I alle fall har eg laga slike - av små strimler kjøkkenpapir, rulla saman og limt.
 
Siri


mandag 20. april 2015

Barbie treng klær

Prinsessa er litt av og på kva ho leikar med, og nyleg fann ho fram barbiedokkene sine att. Ho hadde ein minimal garderobe til dei, og har så vidt ymta frampå at ho ønskjer seg ein kjole og to til dei.
 
Pinnar nr 2,5 er ikkje favorittpinnane mine, men sidan det var snakk om liten kjole så let eg det stå til ;)
Tynt sokkegarn, som har vore lagra i nokre år, var passande tråd. Mønsteret blei til medan eg strikka, og vips, iløpet av ein liten kveld har Barbie fått ein minikjole med enkle stroppar, og prinsessa var overlykkeleg.
 
I kveld skal eg treffa venninner, og me skal kosa oss med hyggeleg prat, handarbeide og kaffi. Då tenkjer eg det er tid for 'tankelaust' strikk som er garantert å strikka utan besøk av strikketroll...
 
Siri

mandag 6. april 2015

Litt påskehandarbeide har eg hatt

Boka 'Kluter', av Bitta Mikkelsborg, er stadig i bruk. Nokre mønster kan eg etterkvart utanat, deribland 'Renseblad'. Kjekke småklutar til ansiktspleie, eller rett og slett til glasbrikker. Garnet 'Elise', frå Järbogarn, er godt å strikka med, og desse Renseblada er strikka av nokre restar. Det er jammen ikkje mykje garn som må til på desse...
Frå samme bok har eg funne mønsteret 'Skog', som eg har byrja på. Her også i garnet 'elise'. Nydelege fargar som ikkje heilt kjem til sin rett på dette biletet. Mon om eg klarar å strikke denne kluten heilt utan ein feil....? Skulle tru det fantes små strikketroll som leikar seg i strikkeprosjekta mine nokre gonger, for det hender titt og ofte at eg finn ein krøll i mønsteret...
 
Siri

søndag 5. april 2015

Glimt..

Når me er ute på handel går tida. Då hender det me tek oss ein tur på kafè, enten for ein kaffikopp eller noko å bita i. Her er eit glimt frå ein ganske nyåpna kafè på Nærbø. Her selger dei blomer og 'Pip-servise' òg. Interiøret er gjenbruk, av gamle sorten. Bordpynten lekker, og det gjer ingenting å sitte og venta på serveringa. ♥
Frokostskjeva mi; grovt brød, som me berre får her på Jæren, italiensk salat, paprika og krakelerte egg. Eit barnsleg forsøk på å gjere egga litt meir spanande. Eggeplomma er i alle fall nydeleg gul og smilande. 
Påskekjeks, som knapt får verta kalde før dei forsvinn i barnemunn.
 
Påska er tid for kos, samvær, grilling og ettertanke. I dag gjer me oss klar for familiefest på bedehuset, der det er sang, musikk og glede. Prinsessa gleder seg, for ho elskar å syngje. Pizzaboller og sosialt følgjer etter møtet..
 
Siri