lørdag 30. juli 2011

PIF - Pay It Forward

Som nemd mange gonger tidlegare elskar eg gåver ~ å gje og å få gåver...

I vår var eg ein av dei heldige som fekk vera med på 'Pay it forward'-leiken hjå Rigmor, som har bloggen 'En Strikkers Hule'.

For nokre veker sidan mottok eg ein pakke i posten, og kan tru eg var spendt....!

Inni pakken låg ei fint innpakka gåve.

Rigmor har strikka votter til oss 3 heldige.. Nydelege votter som kjem til å følgja meg i tjukt og tynt gjennom dei kalde dagane som kjem...


No er det min tur til å senda stafettpinnen vidare, og eg håper det er nokon som vil vera med...


Reglane for 'Pay It Forward' er enkle;

Dei 3 fyrste som legg att i kommentarfeltet at dei ønskjer å vera med, vil innan 365 dagar få ei gåve frå meg. Så er det berre å følgja opp og gleda 3 nye heldige med gåver.


No ventar eg i spenning for å sjå kven som vil vera med på leiken..


Siri



fredag 15. juli 2011

Sommarferien er historie..

Sommarferien min er over for denne gong. Den vart brukt til min kjære's flytting, bortsett ifrå ein heil kosedag i Dyreparken i Kristiansand og ein dag med bading, grilling og kos med borna. Eg har arbeida ei heil veke allereie. Mykje har hendt sidan sist blogging, men tida strakk ikkje heilt til. No ser eg fram til ein 'vanleg' kvardag att...

Eg meldte meg på Hobbyboden's 'hemmelege sommarven', og mottok i går ein spanande pakke. Det var ei glede berre å sjå på pakka ei stung også, for den nærast ropte sommarven til meg.
Innhaldet skuffa ikkje!
Flott garn, i rolege fargar som eg likar.
Kaffi som skal nytast, slik som sjokoladen vart ein nytelse...
Serviettar, telys, sommarfuglar og lypsyl.
Flotte knappar, og 3 engle-maskemarkører..
Pakken er sendt frå det høge nord, og på utsida var eit flott,sommarsleg kort, og oppskrift på korte vanter.

Elles har eg motteke ein PIF-gåve, som eg vil blogga om snart, og eg kan berre sei at eg vart gledeleg overraska der også.

Siri




søndag 3. juli 2011

Fram og tilbake...

Det har den siste tida vore mange turer fram og tilbake til Bokn, men no er me endeleg ferdig med fartinga. Det gjenstår 'berre' ein del 'rot' som må plasserast her i huset no, så har min kjære kome i orden hjå oss. Med seg har han ein bonusgut på 14, og bonusprinsessa på godt 3 år håpar eg vil vere her så ofte som mogleg...

Det tek omlag 2 timar kvar veg herifrå og til bokn, så eg brukte tida mi i passasjersetet til noko fornuftig..

Eit gjestehandkle, pynta med hekla blomer. Garnet, mandarin classic, har eg hatt liggjande i 10 år, og eg trur det var meint til gryteklutar...

Bonusprinsessa sin kosekatt fekk eit lite hekla teppe; restar av Sandnes mini-palett fekk gjera nytta her...


Og til sist har eg trukke ut ein vinnar blandt mine følgere, som får denne Kokeshi-dokka i posten. Den heldige er; Brit, som har bloggen Brit's små puslerier.
Send meg namn og adresse på mail, og dokka finn snart vegen til di postkasse ;)

Siri