torsdag 18. desember 2014

I dag....

...er ein stor dag hjå oss! Min mellomste son gifta seg med sin kjære i Hong Kong. Dei feirar dagen saman med gode vener, god mat og ein litt annan kultur enn våres. Eg kjem til å feira med ei god åleinestund, med tende lys, så kan me feira ilag, alle saman, då dei kjem attende til Noreg i januar.

Det putlar og går i handarbeidsfronten, men ikkje så fort. Ein muskelknute i nakken set ein stoppar for dèt.....
Men eg er ferdig med eit hekla lystrekk, som dekker eit syltetøyglas. Restegarn i ull, og ein knapp frå knappeskuffen. Mønsteret blei til medan eg hekla.

No er det snart siste adventshelg, og eg trur eg må baka pittelitt til. Eg trur me må ha nissar i hus, for småkakene forsvinn så fort på mystisk vis, og det er jo ingen som har rørt dei....merkeleg ;)

Gåvene er kjøpt, pakka og snart levert, så her senker me skuldrene og let julefreden koma. Må du få ei god adventshelg òg!

Siri

1 kommentar:

  1. Gratulerer, dette er en stor dag :o)
    Kos deg, senk skuldrene og nyt.
    Sender deg en god kopp kaffe til kvelden.

    SvarSlett