lørdag 20. desember 2014

Risboller

Risboller har alltid vore eit av dei sju slaga julekaker heime til jul. Eg har opp gjenom åra laga dei sjølve, med varierande av hell.
No har eg funne oppskrift og framgangsmåte som eg kan klara, utan å feile.....

Mengde kjem an på kor store dei vert laga; eg har brukt muffinsformer i ein mellomstørrelse mellom konfektformer og vanlege muffinsformer ~ ein munnfull eller to store ;)

Eg brukte:
200 gr delfiafett
100 gr kokesjokolade
2 egg
250 gr melis
1 ts vaniljesukker
ca 1,5 l puffa ris

*Smelt delfiafett og sjokolade ved svak varme, og avkjøl.
Pisk eggedosis av egg, melis og vaniljesukker.
Bland saman eggedosis og sjokolade/delfiafett.
Rør inn puffa ris.
Fordel passe porsjonar i muffinsformer, og avkjøl innan dei legges i boks.

Desse går godt av å fryse; dei tinar fort OG er kanskje ikkje så lette å finna for småkake-elskende nissar.

Siri

1 kommentar:

  1. Det er årevis sidan eg laga risbollar sist, men det var fast då eg var lita. Kanksje på tide å prøve igjen?

    SvarSlett