mandag 21. februar 2011

Eit par, to par....mange par


Når eg skal strikka sokkar, har eg ikkje noko spesiell oppskrift å strikka etter. Ein gamal nabo av meg lærde meg å strikka sokkar, og ho sa kor mange masker eg skulle leggja opp til barn, dame og herre. Ein tomelfingerregel eg har fulgt sidan; ca 36-40 masker til barn, 48 masker til dame og 56 til herre.. og pinnar 3,5.
Så langt, så bra.
Men eg er ikkje flink til å strikka litt større damesokkar - dei vert som regel 36/37, som dei rosa her. Skulle nok hatt nokre cm-mål å strikka etter her...
Vel - dei rosa sokkane her er str 36/37, strikka i Robust på pinne 3,5. Det gjekk med temmeleg akkurat eit nøste til kvar sokk.
Dei blå ankelsokkane er ca str 26/27, strikka av ein rest Viking Sportsragg på pinne 3,5.
Begge par sokkar er lagt trygt ned i gåveskuffa.
Siri

8 kommentarer:

  1. Sokker er alltid kjekt å ha liggende, det er alltid noen som trenger et par. :))
    Ha en flott dag. :)

    SvarSlett
  2. Fine sokker. Alltid noen som trenger sokker

    SvarSlett
  3. Synes du er kjempeflink til dette :o)
    Selv kan jeg ikke strikke sokker i det hele tatt, aldri lært å strikke hælen!!
    Ønsker deg en superfin uke, Siri.
    Klem, Anne:)

    SvarSlett
  4. Fine sokkar. Eg og strikkar sokkar utan oppskrift, og det går som regel bra. Det er alltid nokon dei passar til. Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  5. Jeg strikker også sokker uten oppskrift, men har funnet en metode for å få de passe lange. Hvis du går inn på ellos.no og siden http://www.ellos.no/CustomerSupport/Measurements.aspx?CategoryId=15030#shoes så oppgir de lengden på føtter i forskjellig skostørrelse. Veldig praktisk!

    SvarSlett
  6. Herlige sokker, men det er lenge siden jeg syslet med den slags. Nå er det perler og lappeteppe som gjelder.

    Klem

    SvarSlett
  7. Gode og varme sokkar som alltid er kjekt å ha liggande! Mannen min vil ikkje ha noko anna enn raggsokkar. ;)

    SvarSlett
  8. Så fine! Ullsokker er min aller beste venn (nest etter presskanna).

    SvarSlett