Den siste tida har eg ikkje vore så flittig inne i Blogglandia. Eg har kikka litt rundt på andre koselege bloggar, men ikkje kommentert eller laga så mange innlegg sjølv. Livet er travelt for tida, med jobb og avtalar. For det meste har eg gjort minst mogleg utanom.
Men nokre turar har gjort godt.
Her sit eg med føtene i kross, med handarbeide i hendene, medan minstemann fiskar. Ein vakker, men vindfull dag på Jæren.
På veg heim frå jobb her om dagen, stod eit skilt langs vegen: 'Loppemarked'.Eg svinga inn, for ein kan vel ikkje la ein slik anledning gå frå seg?
Det er fint å vandra blandt lopper, sjå om ein kan finna ein liten skatt...
Der var ikkje så mykje 'smålopper' å hente, men desto fleire store lopper.
Kor heldig var vel ikkje eg då bror min hadde funne same vegen, med tilhengjar...?!
Dette spisebordet, med 6 jærstolar, gav eg nette 350 kroner for!
Sommarstid er tida for eit lite rush med bursdagar.Ein kjekk, ung musikar fekk gitarkake...
...ein komande fotballproff fekk sjølvsagt fotballkake...
...og dei fleste gutar likar action, her iform av spiderman..