Kvelden skal feirast saman med mange gode vener, både små og store.
Menyen for aftenen er kalkun med mykje godt attåt. Mi oppgåve er å bringa med Waldorfsalat, som smakar fortreffeleg til kalkun.
WALDORFSALAT
6 epler
4 ringar ananas
100 gr valnøter
3 dl majones
3 dl piska fløte
saft av 2 sitroner
4 ss ananassaft
blå druer
4-6 stanselleri
*Skjær eplene i biter og dynk dei i sitronsaft.Skjær ananas og selleri i biter. Bland majones og fløte, og ha alt i. Oppskrifta skal vere meir enn nok til 8 personar.
Me handla litt for mykje fløte til julehelga, og den må brukast opp denne helga. Då passar det godt å laga denne desserten;
Oppskrifta finn du her
~Ostekake/dessert~
Kveldens høgdepunkt er pakkeleiken som me har kvar nyttårsaften. Pakkane ligg klare, noko tull og noko for alle.
Til slutt vil eg takka for det gamle, og ønskje deg alt godt i 2012.
Siri
lørdag 31. desember 2011
torsdag 29. desember 2011
Lommetøfler
Eit nøste Robust = eit par lommetøfler størrelse dame.
Kjekke å ha i gåveskuffa. Kanhende dei får litt pynt innan dei får ein eigar...
Siri
onsdag 28. desember 2011
Space Invader
Eldstemann her i huset har opp gjennom åra funne på mykje rart. Aldri av vond vilje; han meiner berre godt, akkurat som Emil... Han er heller ikkje den som tek seg sjølv så høgtideleg, men eg trur han følte at han gjekk for langt nyleg.
Han og kjærasten skulle ut og gå tur. Kjærasten hadde på seg hua som eg strikka til ho i fjor, men eldstemann leita etter ei hue han kunne bruka. Eg skulle sei 'god tur' til dei, men oppdaga at han hadde teke ei av mine huer; den i Alfa glittergarn, med stor blome i sida... Han flira litt og klaga sin naud. Kvifor hadde eg ikkje strikka hue til han...?!
Vel, no vonar eg han blir nøgd. Ei Space Invader hue, strikka i Freestyle på pinnar nr 4,5 og 5..
Siri
Han og kjærasten skulle ut og gå tur. Kjærasten hadde på seg hua som eg strikka til ho i fjor, men eldstemann leita etter ei hue han kunne bruka. Eg skulle sei 'god tur' til dei, men oppdaga at han hadde teke ei av mine huer; den i Alfa glittergarn, med stor blome i sida... Han flira litt og klaga sin naud. Kvifor hadde eg ikkje strikka hue til han...?!
Vel, no vonar eg han blir nøgd. Ei Space Invader hue, strikka i Freestyle på pinnar nr 4,5 og 5..
Siri
lørdag 24. desember 2011
fredag 23. desember 2011
Fleire kuler
I november hadde eg ganske så 'store' planar. Eg kjøpte kalenderen til Arne&Carlos, og såg føre meg at eg skulle strikka, om ikkje alle, så iallefall halvparten av dei 24 juletrekulene...
Heldigvis er det ein kalender eg kan ta fram att år etter år. For når alt kjem til alt, så har eg strikka ferdig 2 kuler, og såvidt byrja på 1 til...
Flotte er dei, og kva er vel kvardagen utan planar...?!
I desember har eg baka og stått på. Mange gode kaker og konfekt.
Noko har eg pakka i poser og gjeve til mor, svigermor og kjæraste nabo.
Alt det andre har på merkeleg vis forsvunne.... Trur det må vera nissen som har vore på ferde...
I dag skal juletreet fram, ungane skal få pynte, graut skal kokast, pinnekjøt skal leggjast i vatn, pakkar skal leverast og sist, men ikkje minst, dagen og kvelden skal nytast...
Siri
Heldigvis er det ein kalender eg kan ta fram att år etter år. For når alt kjem til alt, så har eg strikka ferdig 2 kuler, og såvidt byrja på 1 til...
Flotte er dei, og kva er vel kvardagen utan planar...?!
I desember har eg baka og stått på. Mange gode kaker og konfekt.
Noko har eg pakka i poser og gjeve til mor, svigermor og kjæraste nabo.
Alt det andre har på merkeleg vis forsvunne.... Trur det må vera nissen som har vore på ferde...
I dag skal juletreet fram, ungane skal få pynte, graut skal kokast, pinnekjøt skal leggjast i vatn, pakkar skal leverast og sist, men ikkje minst, dagen og kvelden skal nytast...
Siri
onsdag 21. desember 2011
tirsdag 20. desember 2011
Kvar dag er ikkje lik...
...det er heldigvis slik det skal vera. Og når det stormar rundt deg, er det godt å finna ei trygg hamn å søkja ly i.
Det siste året, og vel så det, har vore det beste i mitt liv. Eg har funne 'den store kjærleiken', gifta meg og fått ein stor familie å vera glad i. Men det har òg hatt sin pris...
Det er mest som at kroppen ikkje har tru på at det går an å ha det så godt. Stille og roleg har eg rota meg inn i ein mild depresjon. Eg set ennå pris på dei små tinga, og finn glede i handarbeid og tur.
Men sjølv om eg har lyst til å gjere så mykje, samarbeider ikkje kroppen med hovudet.
No når det nærmar seg jul, kjenner eg nok litt meir enn ellers.
Alt eg tidlegare hadde planlagt har ikkje blitt gjenomført; juleverkstad, heimelaga juletrepynt, mest mogleg heimelaga gåver, og kos saman med vener og familie.
Men jula kjem uansett, og eg har,tross alt,hygga meg med planlegginga. Det kjem mange fleire juler, og nok av tid til kos. Eg ser fram til ei roleg jul saman med min kjære og ungane.
Siri
mandag 12. desember 2011
Kanelkake med noko ekstra
Prinsessa vart nettopp 4 år, og som lova laga me fest.
Eg tok føre meg oppskrifta på 'Kanelkake', tilsette noko ekstra og hadde sikta melis på toppen istaden for sjokoladekrem.
Til lita langpanne brukte eg halv oppskrift, tilføyde 100 gr hakka kvit sjokolade, 100 gr hakka kokesjokolade, revet skall av 1 appelsin og 3 ss ferskpressa appelsinjuice.
Kaka trengte nokre minutter ekstra steiking, men miksen var perfekt.
Siri
søndag 11. desember 2011
Peppermyntekonfekt
*Peppermyntekonfekt*
250 gr melis
1 eggekvite
1 ts vatn
2 dråpar peppermynte
~rør saman. Kanhende du må bruka meir melis for å kunna trilla ut kuler.
Smelt 2 plater kokesjokolade saman med ein klatt kokosfett.
Dypp kulene i sjokoladen og rull dei i kokos.
Siri
søndag 4. desember 2011
Jødekaker
Jødekaker er nok dei kakene eg hugsar aller best frå barndomen. Farmor hadde alltid nokre store syltetøyspann fulle av gode småkaker, året igjenom.
Opprinneleg var dei runde, med litt perlesukker-strø på toppen. Men dei er supergode som hjarter utan sukker òg...
Beste resultat får du om du har tilgang på råmjølk, men det går fint å bake utan også.
*Jødekaker*
1/2 l råmjølk (eller 1/2 l mjølk+2 egg)
1 kg kveitemjøl
1/2 kg sukker
250 gr smelta smør
6-8 ts hornsalt
Steikes ved 210 grader i ca 10 minut.
Prøv å kjevle deigen tynt; då får du dei beste kakene..
Og ~ sjølv om dei er haldbare, kan dei vera kjekke å ha i frysen.
Siri
Etiketter:
Farmors oppskrifter,
Julekaker,
Kaker,
Nostalgi,
Oppskrifter
lørdag 3. desember 2011
Til deg
Eg har trukket ut ein følgjer som vil få denne nåleputa i posten om ikkje så lengje...
Sissel, med bloggen Englequilt, er den heldige. Send meg mail med adressa, så er nåleputa framme om kort tid.
Siri
Sissel, med bloggen Englequilt, er den heldige. Send meg mail med adressa, så er nåleputa framme om kort tid.
Siri
tirsdag 29. november 2011
Brende mandlar
Etter ønskje legg eg gjerne ut oppskrifta på brende mandlar.
100gr mandlar
30gr sukker
1dl vatn
1ts smør
*Kok opp mandlar, sukker og vatn,i ei vid kasserolle,på sterk varme. La det koke til vatnet har kokt ut, og rør av og til. Når vatnet er nesten borte røres heile tida. Mandlane får eit sukkerbelegg. Kok vidare under stadig omrøring til sukkeret smeltar. Ta kasserolla av plata, rør inn smør, tøm ut på bakepapir og ta mandlane frå kvarandre medan dei ennå er varme. Avkjøl og oppbevar tørt i tett boks/glas.
Siri
søndag 27. november 2011
Den gode innetida
Det er ei god tid me går i møte nå. Sjølv om det kan vera aldri så surt og kaldt ute, er det den beste tida å tenna lys inne, og fyra i ovnen. Finna fram litt julepyssel, baka litt og laga litt julekonfekt.
Denne tida er litt travel for meg. Eg har 2 søner som fyller år, 1 prinsesse som følgjer straks etter, 1 halvbror av mine gutar, og minste bror min. Travel tid, men utruleg koseleg!
Dette året er eg faktisk litt seint ute med julebakst; har såvidt byrja å laga nokre brende mandlar. Bra oppskrift som er rekna for små porsjonar, men mykje raskare enn stor porsjon. Her er litt mindre sukker i også, så dei er passe søte.
Julekalendaren til mor er overlevert, og 3 julekalendarer venter på å bli hengt opp her i heimen.
I dag skal me nok våga oss ut i stormen for å ta nokre dramatiske bilete, for så å koma oss inn i varmen og nyta noko varmt i koppen. Adventstaken står klar til å tennast i kveld. Kanhende det blir noko meir i kakeboksane òg, kven veit....?
Siri
mandag 21. november 2011
Nok av restar
Er det noko det er overflod av her i huset, så er det garn og restegarn. Dette restegarnet har eg hatt liggjande i eit-par år, og har blitt nytta til sokkar før. Prinsessa var glad for sokkane; ho er så glad for kvar ting eg lagar, eller kjøper til henne..
Fortsatt nokre meter garn att frå nøstet, og eg fann fram boka 'Brukt på nytt'. Det er nokre kjekke mønstre på dokkeklede, og eit sjal til prinsessa's baby var vel passande....?
Her sit babyen så fint i sofaen og søv, godt inntulla i sjalet...
Elles har eg testa ut pølse- og spagettivarianten som er så 'in' her i bloggeverda. Ungane åt sikkert dobbelt så mykje som vanleg, men det får bli laurdagsvarianten, for det tok litt tid å laga..
Siri
torsdag 17. november 2011
Skogens skattkammer
Ååå, om eg berre tok meg meir tid til å nyta denne årstida og alt den har å by på...
Ein hærleg skogtur, saman med mi kjære naboveninde, te i termosen, pose og saks med i sekken; Me sanka meir enn me fyrst planla..
Mosekledde einergreiner, furukongler, lerkekongler, bark og meir mose.. Hortensiaen hadde eg allereie plukka inn, og den er halvvegs tørka. Orkidègreina har eg klyppt av planten i kjøkkenvindauget. Engelen er ei gåve frå mor mi for fleire år sidan, og fatet er min kjære's funn på gjenbruken..
Snart er det advent, og eg vil nok berre bytta ut hortensiaen med nokre lilla nellikar... Nyt tida!
Siri
Etiketter:
Gjenbruk,
Inspirasjon,
Kvardag,
Små puslerier
onsdag 16. november 2011
Vaniljekake
Dette er ei nydeleg kake, og her er det rom for variasjon.
Etter å ha bakt den nokre gonger, så har eg testa ut litt. I originaloppskrifta skal det brukast vanleg sukker på toppen, men eg likar den gode 'karamell'-smaken ein får av å bruka brunt.
Det beste er å smelta litt smør, og blanda ut det brune sukkeret og kanelen i det. Smør det over toppen på kaka.
Sjokoladebitar vart godt motteke her i heimen. Elles kan eg nemna blåbær og revet sitronskall, eplebitar eller nøtter i.
Oppskrift til ei stor langpanne;
Vaniljekake
250 gr smelta smør
1 liter vaniljesaus
550 gr sukker
2 ts vaniljesukker
6 ts bakepulver
800 gr kveitemjøl
*Alt blandes og helles i langpanne. Strø kanel og sukker over.
Steikes ved 180 grader i 30-40 minutter.
Siri
søndag 13. november 2011
Kva er galt..?
Dei siste vekene har eg utallige gonger forsøkt å leggja att kommentarar i andre bloggar, men får berre melding tilbake at mi mailadresse ikkje har tilgang til sida.. Utruleg dumt, for det finnes så mange flotte innlegg eg gjerne ville ha kommentert..
Kan det vera noko eg ikkje har oppdatert, eller er det andre som har same problem...?
Siri
Kan det vera noko eg ikkje har oppdatert, eller er det andre som har same problem...?
Siri
fredag 11. november 2011
Hals over hovudet
Nøstebarn-boka har gjort seg nytte igjen; Tida er inne for å kle seg litt betre...
Denne halsen er i vaksen størrelse, og strikka av eit nøste ullgarn som passa pinnar 3-3,5. Eg brukte pinnar nr 3,5.
Ein barnehals strikka i Pickles 'Ekstra fine babymerino' , farge apricot.
Og denne er restegarn frå Pickles 'ekstra fine babymerino' , fargar apricot og rose. Dette var eit utruleg hærleg garn å strikka med, så eg kjem nok til å auke garnlageret mitt pittelitt i næraste framtid...
Fleire halsar kjem nok òg på pinnane igjen, for det var superenkel strikk å ha med på strikkekafè - eg kunne både strikke og snakke samstundes ;o)
Siri
onsdag 9. november 2011
Me planleggjer ein kjøkkenhage
Etter at min kjære kom 'til gards', har det byrja bli meir orden og planar for uteområdet. Eigedomen er berre ca 500 m2 totalt, men min kjære ser moglegheiter for mykje. Førebuingar til neste år har han starta på nyleg; kjøkkenhage -
I haveskuret er det rydda - og 'skattar' er funne: her gamal sengebotn og ei list av eit eller anna slag. Utruleg kva ein kan ha liggjande....!
8 av fjølene vart spikra saman til ein ramme, forsterka litt i hjørnene av lista ~ sim sala bim, ein aldri så liten krydderhage vart til...
Min kjære er veldig glad i 'dingsar', og her fekk han bruk for spikerpistolen sin ;o)
Siri
torsdag 3. november 2011
~ Utanom hobby ~
Siste gongen eg lasta bilete inn på pc'en min, var desse 3 bileta blandt dei...
Eg er ganske sikker på om eg spør kven som helst her i heimen, så er det nok ingen som har teke dei...
Sjarmerande dokumentering på korleis kvardagen kan vera -
Siri
fredag 21. oktober 2011
Lettvindt ostekake/dessert
Skal du ha gjester, eller berre vil gleda dei heima med noko godt, kan eg verkeleg anbefala denne desserten/kaka.
Det var eg som var månadens vertinne i foreninga eg går i. Eigentleg ville eg ikkje bruka for mykje tid på kjøkkenet akkurat den dagen. Då kom idèen om å prøva meg fram til ein dessert som eg fekk servert i eit anna selskap nyleg. Utan oppskrift å gå etter var det berre å satse på lykke og fromme...
Ein stor porsjon vart det, sikkert nok til 10-12 stk, så den kan godt halvverast om du ikkje treng så mykje.
Her er brukt;
2 pakkar fløte
500 g melis
2 pakkar philadelfiaost
2 pakkar Safarikjeks
3-4 kiwi delt i skiver
~ pisk fløte og melis, og tilsett osten og rør til kremet.
~ knus kjeksen
legg dette lagvis i ei skål, og nyyyt.
Her er det eigentleg fritt fram til å bruka den kjeks og frukt/bær du måtte ønskje sjølv.
Siri
torsdag 20. oktober 2011
Lause trådar
Sokkestrikking for tida.
Enn så lenge lar eg berre trådane vere, og festar dei etterkvart.
Dei raude sokkane med aprikos hæl og tå, er strikka i Pickles garn eg har hatt liggjande ei stund. Alldeles hærleg garn å strikka med, og drygt er det òg. Størrelsen er ca 36-37.
Det vil etterkvart bli noko restegarn, og dei små sokkane er strikka av sådan. Størrelse eit-par-og-tjue. Kjekke å ha liggjande på lur til mine små fadderborn.
Siri
tirsdag 18. oktober 2011
Pakke frå hemmeleg ven
Oktober kunne by på nok ein runde med 'hemmeleg ven' på Hobbyboden. Kva kan vere meir spanande enn å motta ein pakke frå nokon du slettes ikkje veit kven er...?!
Nydeleg lilla garn, og eit nøste kvit...tovbart alt saman. Sjokolade og kaffi, og telys med vaniljeduft..
Tusen, hjarteleg takk, min kjære hemmelege ven!
Elles har eg tida for dei små prosjekt; hekla krukkelokk. Her har eg prøvd meg etter innfallmetoden. Perlebæra er nokre perler frå eit gamalt smykke...
Sennepskrukka har òg fått seg lokk. Ikkje heilt nøgd med denne oppskrifta. Sløyfebandet er ein stump frå merkelappen til brudetoppen min.
Restegarn omgjort til nålepute. Knappen er eit aldri så lite funn på 'Gjenbruken' for 1 krone.
Meir restegarn, og knapp frå avlagte klede.
Har funne ut at desse nåleputene er ypperlege å ha liggjande på lur i gåveskuffa. Det trur eg fleire krukkelokk òg vil verta.
Siri
Etiketter:
Gjenbruk,
Hekling,
Hemmeleg ven,
Resirkulering,
Restegarn
mandag 17. oktober 2011
Blåtur med min kjære
Tidleg sundag morgon la eg planar for ein blåtur med frukost saman med min kjære.
Enkel niste; grov skjeve med pålegg, juice, kaffi, kjeks og to små 'Kvikk Lunsj'er'.
Hauge i Dalane har mange flotte turveger å by på. Her er me på veg til 'Ruggesteinen'.
Min kjære vart vakna tidleg, med opplysingar om å kle seg for utevèr, og kanhende han ville ha med kameraet sitt...
Og, ja, som Mayen lurde på i forrige innlegg; eg er ein håplaus romantikar og livsnyter...
Siri
fredag 14. oktober 2011
mandag 10. oktober 2011
Brunsviger
Ei kakeoppskrift eg vart nysgjerrig på ein føremiddag...
Førebuing, hevig og steiking tok berre 1 time til saman, så det er ei kjekk oppskrift å bruke om ein skulle få lyst på noko lettvindt, eller får 'uventa' gjester..
3 dl mjølk
50 g fersk gjær
125 g smør
1 ss sukker
2 egg
600 g kveitemjøl
Topping;
250 g smør
250 g brunt sukker
2 ss kanel
~smelt smøret, hell i mjølka og varm til 37 grader. Løys opp gjæren i blandinga og tilset sukker.
Tilset mjølet litt og litt saman med egga.
Bre deigen ut på bakepapirkledd langpanne, og la den heve 30 minutt. Prikk deigen med fingrane.
Smelt smør og sukker i ei gryte og bland i kanel. Hell toppingen over deigen.
Steik kaka i ca 25 minutt ved 200 grader.
Smaken minnar om karmelliserte kanelboller.. MMmmm
Siri
Abonner på:
Innlegg (Atom)