Eg har fått dilla på å lage desse lommebøkene.
Me kan ikkje drikka opp juice og mjølk fort nok...
Utruleg smarte, med 2 'lommar', og trykknapp. Og det er vel ingen tvil kor dei skal kastast når dei er 'brukt opp'...?
Siri
onsdag 31. oktober 2012
lørdag 27. oktober 2012
Ingen tvil kva me treng no..
Heldigvis har eg strikka på sokkar no og då heile året, for plutseleg kom sesongen tidleg. Desse er det min kjære som nyt godt av.
Enkle tøflar er alltid kjekt å ha. Desse tek ikkje så stor plass i veska mi og eg skulle ha dagen for kalde føter og skal på venindebesøk.
Jellybelle er berre god. Ein er mest berre nødt til å ta ein pause frå kva ein held på med når denne gode koseklumpen kjem og legg seg tett inntil..
Siri
søndag 21. oktober 2012
torsdag 20. september 2012
Loppemarkedskupp
Nyleg hadde øvre bygda her loppemarked, og eg gjorde verkeleg eit kupp. Desse 6 bøkene vart med meg heim for den nette sum av 30 kroner totalt!
Eg minner òg om give away'en min som trekkes seint i kveld. Klikk deg inn på linken til høgre om du vil vera med :o)
Siri
søndag 16. september 2012
Skal det være ein kjeks?
Prinsessa er veldig glad i å leike piknik, og har eit lite utval av leikemat. Eg ville utvida sortimentet hennes, så eg hekla nokre fyllte kjeks. Enkel bruk av nokre restar garn, og så kjekt å servera veninner og dokker.
3 x 3 rundar fastmaskar, og sy saman...
Jellybelle har funne seg godt tilrette no, og er elska av alle i familien. Ho sjarmerer gjestene som kjem innom òg.
Siri
torsdag 13. september 2012
Kvardagsengelen Mayen
Det finnes mennesker som set djupare spor i livet ditt enn andre. Lenge har eg satt pris på og få delta i kvardagen til Mayen, gjenom bloggen '..mye moro med masker, mønster og mattefiller..' . Men nyleg overraska ho meg ; eg fekk ein pakke i posten frå henne, med to hærlege hobbybøker. Eg vart utruleg glad, for, som nemt i tidlegare innlegg, mista eg ein del bøker, mønster og garn i kjelleroversvømmelse...
Vedlagt i pakken låg eit kort kor ho skriv;
'Til søte Siri
Fra blogge Mayen
I dag har æ 'post dag', dvs æ skriv brev og kort og sender pakker, (bursdager og 'bli glad' gaver)... Og siden du desverre fikk vann i kjelleren og ting du skulle kose deg med ble ødelagt, så får du dagens 'bli glad' pakke :o) (Vel, en av dem..) Noen hobbybøker har æ to av, så da er det bedre at du nyter dem enn hybelkaninene! ( Ikkje rart bloggen min måtte ha: ..mye moro.. i tittelen!) Kos dæ! STOR KLEM.'
Og eg kjem til å kosa meg, ja! Har allereie handla inn litt hobbyssaker som skal brukast til nisser og engler.
Eg tenkjer også at nokon og einkvar antageleg skulle hatt ein slik 'postdag' av og til, og gleda andre i kvardagen med nokre handskrevne ord, og kanhende ei lita gåve i ny og ne...
Tusen, hjarteleg takk, Mayen!!
Siri
onsdag 5. september 2012
Ikkje heilt ønska..
For ei lita veke sidan fekk me kjelleren full av vatn. Forfærdeleg lyd å vakna til midt på natta; at det renn ein liten foss inn gjennom kjellerdøra, og så oppdaga at me kan ikkje anna gjera enn å venta på at det skal gje seg...
Eg hadde andre ting å tenkja på enn å ta bilete av galskapen, men det er enkelt å setja opp ei liste på kva som gjekk tapt.
~ garnlageret mitt, som byrja bli akseptabelt stort
~ Hobbybøker og oppskriftshefter
~ seng
~ kister
~ 2 pc'er
~ gitarer, forsterkere og andre dibeduttar som min kjære har ein del av
~ fryseboks
~ fotoalbumar
i tillegg var det ganske mykje som måtte vaskast og rensast.
Så kan eg jo nemna at 2 rom må få nye golv og vegger...
Så no står kjellaren 'på hovudet', og eg har funne nokre garnrestar som eg kan få strikka nokre tøfler utav.
Siri
Eg hadde andre ting å tenkja på enn å ta bilete av galskapen, men det er enkelt å setja opp ei liste på kva som gjekk tapt.
~ garnlageret mitt, som byrja bli akseptabelt stort
~ Hobbybøker og oppskriftshefter
~ seng
~ kister
~ 2 pc'er
~ gitarer, forsterkere og andre dibeduttar som min kjære har ein del av
~ fryseboks
~ fotoalbumar
i tillegg var det ganske mykje som måtte vaskast og rensast.
Så kan eg jo nemna at 2 rom må få nye golv og vegger...
Så no står kjellaren 'på hovudet', og eg har funne nokre garnrestar som eg kan få strikka nokre tøfler utav.
Siri
tirsdag 28. august 2012
Måtte prøva
I Blogglandia har eg fleire gonger sett ny og kjekk bruk av leikedyr og gamle syltetøyglas. Eg let meg freista til å prøva litt òg. Superlim var tingen, tenkte eg. Gris, sau og ei ku, som ser ganske olm ut...
Etter litt kvit spraymåling forsvann litt av det olme uttrykket til kua, og no står ho berre og håpar på å få fleire med i flokken sin..
Siri
onsdag 22. august 2012
Give away hjå 'Sukkertøy for øyet'
Klikk deg inn på bildet under og bli med på ein flott give away hjå 'Sukkertøy for øyet'. Den trekkes søndag 26.august.
Siri
tirsdag 21. august 2012
Give Away
No er det på tide å ha ein aldri så liten Give Away.
Eg har hekla eit aldri så lite etui i haustlege fargar, og som du ser så er den akkurat passe stor nok til kvinnelege nødvendigheter... Men den kan fint brukast til andre småting òg, som treng ein eigen plass i veska...
Reglane er ganske så enkle ;
Du får eit lodd for kommentar
og
eit ekstra lodd om du linkar til denne Give away'en.
Eg kjem til å trekkja ein vinnar rundt 20. september :o)
Håpar du har lyst å vera med.
Siri
Eg har hekla eit aldri så lite etui i haustlege fargar, og som du ser så er den akkurat passe stor nok til kvinnelege nødvendigheter... Men den kan fint brukast til andre småting òg, som treng ein eigen plass i veska...
Reglane er ganske så enkle ;
Du får eit lodd for kommentar
og
eit ekstra lodd om du linkar til denne Give away'en.
Eg kjem til å trekkja ein vinnar rundt 20. september :o)
Håpar du har lyst å vera med.
Siri
Etiketter:
Give Away,
Hekling,
Restegarn,
Små puslerier
Abonner på:
Innlegg (Atom)
