onsdag 13. mai 2015

Ein kveld i mai...

...Hadde eg meg ein aldri så liten tur til den gamle jernbanetrasèen mellom Hellvik og Egersund.
Eg gjekk ikkje lange turen, men tankane hadde seg ei undringsferd i tid bakover.
-Å sjå kor mykje tid, arbeid og flid som er lagt ned i ein slik mur. Me finn ikkje murar av denne typen med ny dato...
Ein steingard - ei grense - lagt opp for hand... Spede trestammar gjer sitt innhogg og mjuknar opp.
Ein benk? laga i 1874, fullt brukande i dag, som ein liten rasteplass for ivrige turgåerer.
Ein bjørkestamme; små museøyrer av bjørkeblad omkransar toppen. Fuglar lager dei finaste vårsangar, vinden lagar eit lite sus i naturen og lukt av regnet som nettopp var.
 
Siri
 


1 kommentar:

  1. Det er fantastiske arbeid dei gjorde dei som sette opp slike murar og bruer. Fagfolk som er sjeldne i dag.
    Fint å gå tur denne tida, det er så fullt av energi i naturen !
    Takk for at delte dette fine.
    No skal eg ut og tur med barnebarnet som er tidleg ferdig på skule.
    Fin onsdag :)

    SvarSlett