lørdag 9. mai 2015

Stolt frøken

Frøken Dings viser stolt fram BabyBorn-dokka si. Ho har nemleg laga ny hue til dokka, nesten heilt utan hjelp.
Å 'strikka' på ring (eg hugsar slettes ikkje namnet på den) var gøy, og med tåleg tjukt garn gjekk det fort......vel og merka då ho berre hadde tid å setta seg ned med den.
Feste av tråd og laging av dusk er det einaste ho ville ha assistanse til.
Og allereie no er ho i gang med ny, i annan farge.
 
Garnet er eit nøste frå Gjestal....tru om det var Vestlandsgarn..? :)
 
Siri

3 kommentarer:

  1. Det var jo ei flink jente.
    Alltid ekstra stas å lage noe selv.
    Ha en god søndag :)

    SvarSlett
  2. Ikkje rart frøkna er stolt.
    Kjempefin hue til dokka.

    God søndag.

    SvarSlett