mandag 19. september 2011

Unn deg noko godt

*Vannbakkelser*

125 g smør
2 1/2 dl vatn
2 1/2 dl kveitemjøl
4 egg

~Kok opp vatn og smør.
Tilset mjølet og rør til deigen slepp kjelebotnen.
Avkjøl litt, og rør i eitt egg om gongen.
Legg med skje på bakepapir.

Steikes i 20-25 minut ved 200 grader.
-Ikkje åpne døra under steiking!
Avkjøl på rist.

Her i huset fylles vannbakkelsane med ei blanding av krem og vaniljekrem. Ungane kan mest ikkje få nok når eit fat med desse kjem på bordet...

Siri

søndag 18. september 2011

Favorittfarge



~GUL~

Prinsessa har klare meiningar på kva slag farge ho likar best.

Ho har;
*gult rom
*gul kjole
*gule blomar til håret
*gul kjole til babyborn-Elise

Ho ønskjer seg;
*gule sokkar
*gul vest
*gult strikketeppe
*gul poncho

Kva anna kan eg gjere enn å handle inn i gult...?

Siri

fredag 16. september 2011

Spelekrakken

Min kjære spelar ei rekkje instrumentar; trompet, gitar, fløyte, synth og elektronisk fløyte.
Han har adoptert dei to barkrakkane eg hadde ståande, for dei er visst perfekte til spelinga.
Etter ønskje frå min kjære har eg hekla trekk i restegarn til dei, mønster vart til etterkvart. 
No er det duk til å ha under desse forskjellige miksedingsane til lyd som står på ønskjelista hans. Han har stor sans for handarbeidet mitt, og fleire av hans musikerkollegaer har gitt uttrykk for misunnelse for krakkane.

Siri


tirsdag 13. september 2011

Den perfekte dagen!

~Enkel bordpynt~
~Å halda handa til denne blomsterpiken var min brudebukett ~
~Kreativ brullups(kake)gåve~
~Bok med minneord frå gjestene klar for lesing~
~Brudeskoene endeleg av....~
Siri ~ lukkeleg nygift!

Til Rune

Du er som solen,- en majestet,
lysende skjønn og stor!
Jeg kretser om deg, snart kold snart het,
som en årtidsskiftende jord.
Vender jeg meg fra deg som jorden gjør,
da vintrer mitt hjerte til,
sangene tier og blomstene dør
fjernt fra din kjærlighets ild.
Men når jeg atter mot solen snur,
blir jeg en gjenfødt vår,
Mitt sinn blir en blomstrende allnatur
som glad mot din sommer går!
Fra Siri

mandag 5. september 2011

Nostalgisk langpannekake

Eg vart tidleg husmor; berre 17 år. Og som god husmor skal man kunne litt kjøkkenkunster. Her er oppskrifta på den fyrste kaka eg baka, heilt på eigen hand. Oppskrifta fekk eg av mor til besteveninna mi - og,du å du, ho kan sine bakekunster!

Oppskrifta var så god at det var denne eg brukte i mange år, til alle anledningar.
Liten Langpannekake


2 egg
3 dl sukker
ca 4,5 dl kveitemjøl
2 1/2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 ss kakao
1 1/2 dl mjølk
150 g smelta smør, avkjøles saman med mjølka

Pisk egg og sukker godt.
Bland alt det tørre.

Rør det tørre og mjølkeblandinga annankvar gong saman med eggeblanding.

Steikes ved 220 grader i 20 minutt, i liten langpanne.

Glasur

3 1/2 dl melis
4 ss smelta smør
4 ss sterk kaffi
1 ss kakao
2 ts vaniljesukker

Pynt

kokos

Nytes saman med dei du er glad i.

Siri

onsdag 31. august 2011

Å finna balanse

Det siste året har ikkje kroppen min og eg vore heilt på bøljelengde. Eg som ikkje plar vera sjuk, har eigentleg fått det eg ikkje har hatt tidlegare.. Det er rart; akkurat som om kroppen ikkje er klar over at eg aldri har hatt det så godt før..

Då er det fint å ta ein pause, gå ut i naturen - eg er glad i denne skogen her..
Kikka seg rundt, og leggja merke til dei små tinga som rører seg...



Og kjenna roen som senkar seg over sjela når ein er omringa av nydelege, rolege grøntonar...


I går var min kjære og eg og snakka med presten, øva på gangen opp kyrkjegolvet; Nei, eg har aldri hatt det så godt før...


Siri


tirsdag 30. august 2011

Ja, eg samlar

Ja, som sagt, eg samlar på gryteklutar - då aller helst på hekla..

Eg har fått spørsmål om det nokre gonger, og tenkte difor at eg kan visa fram samlinga mi. Litt sjølvhekla, nokre fått og dei fleste funne på 'Gjenbruken'.
Foreløpig har eg ikkje funne ut kordan samlinga skal koma til sin rett, så her ligg dei samla, oppi ei nettingkorg. Det er berre å venta på rette idèen no..


Siri

mandag 29. august 2011

Samlingsfunn

På fredag hadde eg ein køyretur langs Jæren, og fann fram til ein 'ny' Gjenbruk eg ikkje hadde sett før. Og du og du, for ein Gjenbruk!!

Eit heilt lite paradis for oss som elskar slikt.

Blant anna fann eg nokre gryteklutar til samlinga mi.

Denne grøne har eg ikkje sett makan til før, og eg kan godt tenkja meg å prøva hekla slike sjølv, berre i andre fargar.

Desse har eg sett fleire av, og eg trur jammen eg har mønster liggjande. Men det er liksom noko eiget med gryteklutar som har levd sitt liv..

Siri

søndag 28. august 2011

Kom haust

For nokre dagar sidan vart eg endeleg ferdig med hekleteppet. Ei kjempestor oldemorrute hekla av restegarn og garn frå lageret i forskjellig ullkvalitetar. Tanken bak var haust, og eg tykkjer eg har klart å få fram lyng, mose, nyper, blåbær og visnande blader...
Kanten rundt er av enklaste slaget..
Min kjære ser fram til å pakka teppet med i piknikkorga framover.

Teppet vart tilslutt 132x132 cm.






Siri