mandag 20. april 2015

Barbie treng klær

Prinsessa er litt av og på kva ho leikar med, og nyleg fann ho fram barbiedokkene sine att. Ho hadde ein minimal garderobe til dei, og har så vidt ymta frampå at ho ønskjer seg ein kjole og to til dei.
 
Pinnar nr 2,5 er ikkje favorittpinnane mine, men sidan det var snakk om liten kjole så let eg det stå til ;)
Tynt sokkegarn, som har vore lagra i nokre år, var passande tråd. Mønsteret blei til medan eg strikka, og vips, iløpet av ein liten kveld har Barbie fått ein minikjole med enkle stroppar, og prinsessa var overlykkeleg.
 
I kveld skal eg treffa venninner, og me skal kosa oss med hyggeleg prat, handarbeide og kaffi. Då tenkjer eg det er tid for 'tankelaust' strikk som er garantert å strikka utan besøk av strikketroll...
 
Siri

2 kommentarer:

  1. Fin kjole til Barbie.
    Den er nok populær tenkje eg.

    Fin måndag.

    SvarSlett
  2. Kjekt med heimelaga dokkeklede.
    Skal ikkje så mykje til for å andre kunne glede.

    Måtte dagen din bli fin!

    Klem

    SvarSlett