torsdag 5. februar 2015

Rosa

Sokker, sokker, sokker..... Jepp, eit par til er ferdige. Desse er strikka i Perfect frå Sandnes Garn, på pinner nr 3,5. Størrelsen er 36; den enklaste for meg å halda styr på, for det er MIN størrelse.
Eg har meir av dette garnet liggjande, berre i anna fargar, for eg har vore på fabrikkutsalg og kjøpt billig ;) Men eg har teke meg ein pause i sokkestrikkinga no. Kanskje ikkje så lang, men i alle fall ein pause.
Dette paret er lagt oppi kassen som er berekna til Mottaket i Hå når det nærmar seg jul att... Lysten til å ha dei sjølve var der, for eg likte fargen så godt, men det er det sikkert nokon som vil gjere på Mottaket også..

Eg har rota i garnlageret, og funnet fram noko Fritidsgarn. Det er kjekt, for strikkinga går fortare med tjukkare garn.

I dag har eg førebudd Morsdagen, på sundag. Eg har handla heim Brownies-mix, og minstemann var kjapp med å seie seg villig til å baka; det er hans favorittkake.
Ønskjer deg ein fin start på ny helg!'

Siri

2 kommentarer: