fredag 6. februar 2015

Gode, tova votter

P2062336

Som tidlegare nevnt vil eg ha ein pitteliten pause frå sokkestrikking no. Det KAN vera litt kjedeleg i lengda…

No har eg heller funne fram noko Fritidsgarn, frå SandnesGarn, og tjukkere pinner. På ein god dag har eg strikka dette paret med damevotter, tova dei og lagt dei til tørk. Garnet har eg hatt liggjande i nokre år, og hadde eg kjøpt garn i dag til dette prosjektet, så hadde eg nok gått for noko meir fargerikt. Det er rart kor forandra fargetrangen blir med åra….

Eg tova desse på 40 grader, og dei er fortsatt mjuke og gode, samstundes som dei har blitt tette og gode. Eg er glad eg ikkje gjekk for 60 grades toving med ei gong..

No vil eg bla litt i mønsterbøker eller hefter, og finna ut kva eg skal byrja på. Små prosjekt er heilt meg, så mykje veit eg…

Siri

3 kommentarer:

  1. De tova vottene er nok varme og gode.
    Må kanksje prøve meg på det.
    Kunne trenge noe varmt på hendene her som det
    er så kaldt for tida.
    Liker også best å strikke noe som ikek tar for lang tid.
    Har visst ei kofte på pinnene, men har tatt ei lengre pause
    fra den. Nå går det i sokker her.
    Ha ei velsignet god helg :)

    SvarSlett
  2. Gode tova vottar med Fritidsgarn !
    Hatt eit par til tørk i natt.
    Veldig fornøgd med slike vottar og har strikka fleire par i det siste.
    Er så glad for at eg har funne noko enkelt å strikke, og som til og med blir vellukka...

    SvarSlett
  3. Det ser ut som varme og fine vottar som blir gode å ha :) God helg.

    SvarSlett