tirsdag 14. oktober 2014

Sånn går nu dagan…

Den eine dagen er den andre ulik, heldigvis. Men ei ganske lang stund har dagane mine vore altfor like. For eit par år sidan slo ein depresjon meg ganske ut. Hovudet var så trøtt at resten av meg ikkje klarte å fungera fullt ut på jobb lengre. Det er slitsomt å vera sliten.

No er eg midt oppi arbeide med å ta kvardagen min tilbake, og går i kunst- og uttrykksterapi. Eg har funne att gleda i å bruka ark og blyant, måling og leire. Skapargleda kjem meir og meir til overflata, og vil gjera sitt inntog i ledige stunder.

575911_576115605753483_1920904781_nKvardagen har fått ein smule meir overskot, og eg klarer å sjå at det går framover. Eg har fått meg treningskontakt, og saman driv me styrketrening. Dette er med på å byggja opp om sjølvfølelsen, kjenner eg.

Det er terapi i å vera meir åpen om kvardagen min òg. Å ufarleggjera temaet depresjon. Galgenhumor er ein viktig støttespelar her.

Så, morgondag, kom og ta meg – eg er klar!

Siri

biletet er funne på nettet…

2 kommentarer:

  1. Dagane går, vekene går, månedane går, åra..
    Sjølv om eg ikkje likar så godt vinteren, så likar eg at naturen endrar seg.
    Kjempeviktig og ei god hjelp å fortelle at ein slit.
    Berre på den måten kan ein hjelpe kvarandre.

    Stor klem

    SvarSlett