mandag 31. januar 2011

Eg undrast...

Nyleg hadde eg eit kjekt bytte med Mayen, ho fekk broderipakken eg ville bytte vekk, og eg sa ja takk til ei overrasking. Plutseleg, då eg skulle ta bilete av innhaldet, har noko forsvunne, og eg kan ikkje anna enn å undrast på kor det har teke vegen....
Vel, for å vere ærleg; nokre knallgode drops veit eg kor tok vegen..
Men eg saknar ei pakke med farga telys..
Iallefall, eg er utruleg nøgd med byttet, og broderia har nok kome i rette hender no. Dei flotte stoffbitane skal eg nok finna rette prosjektet til, og heimelaga vaniljesukker er perfekt til ein som elskar å bake!
'Velkommen'-skiltet passar perfekt i min heim.
Eg har allereie tenk tanken på å invitera til nytt bytte. Det er rart kva som kan skjula seg i heimen....
Eg har to 'Fana'-gensere, ein kvit/blå og ein kvit/svart, størrelser i ca 7 og 9 år trur eg.. Bilete vil koma seinare...
Siri

2 kommentarer:

  1. Fint at du ble fornøyd:-) men at du klarer å rote vekk ting... sukkertøy kan æ skjønne, men te lys med kaffelukt? Kanskje husbonden har kokt dem? Synes det er UTROLIG artig med bytte gaver, nå har æ så det holder noen uker..
    Lurt å bytte bort plagg som ikkje brukes, har nok endel liggende her i huset også. Ha ei fortsatt fin uke:-) klem

    SvarSlett
  2. Telysa dukker nok snart opp, for eg hadde dei jo i helga.. Må ha lagt dei ein lur plass, og det er iallefall ikkje saman med dei andre...

    Håper på eit genserbytte, ja, for flotte gensere som ikkje er brukte eingong er synd om skal verta liggjande..

    SvarSlett