Den vesle prinsessa på snart 3 skal no få ein søt, varm og god vest til å halda varmen i haust og vinter.Vesten er strikka i Sandnes Alpakka, og mønsteret er henta frå heftet 'mix barn nr 0910'. Det er ikkje lett å sjå på biletet, men bærestykket på vesten har eit nydeleg og enkelt bladmønster.
Planen no er å finna fram Alfa-garnet og strikka noko meir til prinsessa frå same heftet...
Siri