Halloweenfest er ein sjølvsagt ting her i huset. Me har halde ein liten fest for små og store vener i fleire år no, og er noko me ser fram til kvar gong. Ein liten utfordring er maten, for dei små forventar mat dei kan smågrøssa av. Dette året valgte me 'heksegraut'; vanleg risengraut tilsatt litt grøn konditorfarge etter koking. Sukker/kanel-blanding vart til magisk pulver.
Og alle munner set pris på dessert. Bordet vart dekka med sjokolade i mange variantar, chips og 'gresskarkaker'. Det er kakemanndeig som eg farga med litt oransje konditorfarge og stakk ut med gresskarform. Etter steiking brukte me tusjer med konditorfarge til å teikna detaljane. Cacas har mykje nyttig til kakebaking :)
Me har pynta litt her og der òg. Denne heksa er favoritt, søt som ho er.
Borddekorasjonen var enkel; eit lite sinkfat, visna blader, rognebær og pyntegresskar.
I utgangspunktet hadde eg tenkt å bruka min finaste linduk på bordet, men då eg fekk tenkt meg om,fann eg fram ein rull med kvit papirduk. Eg hadde verkeleg ikkje lyst til å få grøne flekker på finduken min. Bordkorta har eg klypt ut av kartong, limt på halloweenklistremerker og skrevet namna med sprittusj. Nokre dekorerte eg med oransje silkeband i tillegg.

No var det berre å setja seg, og forsyna seg med god, småekkel mat ;) så kan eg ikkje anna enn håpa på at alle har kost seg i kveld. Eg gjorde det iallefall!
Oppskrift på kakemenn:
300 g kveitemjøl
250 g sukker
1,5 ts hornsalt
30 g margarin
1,5 dl vatn
+mjøl til passe deig
Steikes ved 180-200 grader i ca 10 minutt
Siri