lørdag 31. mars 2012

Dag 1

 Kor koseleg å finna fram gåve # 1. Fint innpakka i grønt papir, med eit lite hint skrevet på..

"noe pent
noe søtt
noe pynt"
Kjempekoseleg tørkle ; eg hadde ein plan om å bruka det som duk, men prinsessa la sin elsk på det med ein gong...
Eit påskeegg i frisk gladfarge.
Ein sjokolade...
Mmmm... det er gøy med gåver!!

Siri

fredag 30. mars 2012

Krans og påskeegg

Min kjære har verkeleg gjort arbeidd hardt i det siste. For nokre år sidan kjøpte eg eit gamalt hus, bygd i '51. Hagen har fått godt stell av det gamle ekteparet som ein gong budde her, men då eg kjøpte huset, var det nok å ta tak i ; litt for mange busker, STORE trær og mosegrodd plen.
Då min kjære flytta inn til meg, fekk han fritt spelerom når det gjeld hage. Buskar er vekk, og tre sagd ned. Ein lysare og meir innbydande eigedom er trylla fram på kort tid..

Bjørketreet vart stussa, og kvistane har eg vridd og snodd saman til ein krans. Ikkje den mest perfekte krans, men eg er nøgd likevel. Påskeegget er strikka etter basisoppskrifta til Arne&Carlos, pynta med perlemorknappar og små treknappar frå eit eller anna plagg...
Enkel pynt ved ytterdøra i påsketider...

Siri

torsdag 29. mars 2012

Eg gler meg

No har pakken kome!!
Pakken med påskekalender som eg vant hjå Brit nyleg.
Kan tru eg gler meg til å åpna pakkane. Fint innpakka, med koseleg skrift på kvar og ein... Tusen, hjarteleg takk, Brit!!

Siri

mandag 26. mars 2012

Min påskekrim

"WINKIE er en loslitt, vennligsinnet teddybjørn. En dag oppdager han til sin store forskrekkelse at han befinner seg på feil side i USAs krig mot terror."

Dette er eit lite utdrag frå baksida av boka..

Eg har ikkje noko tradisjon å lese krim berre i påsken ; eg les dei bøkene eg har lyst til, når eg har lyst.
Eg må òg innrømma at det var den stakkarslege, utelska teddyen på framsida som gjorde at eg kjøpte boka.. Eg måtte liksom ta han med heim og ta vare på han.
I påskeferien skal eg finna tid til meg sjølv og Winkie.

Siri

søndag 25. mars 2012

Snart påske

Som sikkert mange andre, har eg kjøpt siste boka til Arne&Carlos ; Påske hele året.
Så mykje koseleg påskestrikk!

Hanemønsteret er enkelt og flott. Eg har funne fram kvitt garn av ukjent kvalitet, og 3 forskjellige fargar alpakkagarn.

Mor mi fekk desse til bursdagen, og eg kjem til å strikka nokre til meg sjølv òg.
Tidlegare år har eg alltid måla påskeegg, og har ei fin samling. Men eg er litt redd for dei, sidan egg ikkje er verdas sterkaste materiale....
No skal eg strikka egg som kan tåla barnehender, vèr og vind.

Siri

lørdag 24. mars 2012

Finn ein feil

Eg klarte ikkje dy meg for å ta bilete av siste kledevask.
Når eg i alle år har kun hatt gutar i hus, så har ikkje denne fargesamansetningen vore noko daglegdags syn på mitt tørkestativ.
det er kos å kunne følgje prinsessa inn i 'den rosa perioden'...

Ønskjer deg ein fin laurdag!

Siri

mandag 19. mars 2012

Føn

Etter å ha handla på posesalg hjå Gjestal spinneri, har eg nokre nøster Føn liggjande. Eit hærleg garn av 70% bambus og 30% bomull.
Klutar av dette garnet er mjuke og gode, og her har eg brukt mest eit nøste pr klut. Trur nok det blir fleire klutar av Føn med tida òg..

Siri

søndag 18. mars 2012

Helge-puslerier

 Yoghurtkake - både små og store sin favoritt


 3 egt marsipankake - med aprikossyltetøy, vaniljekrem og valnøtter
 Harde vafler - nostalgi
 Armband til prinsessa's besteveninne
Ugler - tomme doruller kan brukast til noko kjekt


Siri

lørdag 17. mars 2012

Ei skattekiste



Her går det fort an å gløyma tida for ei stund....
Ein inspirasjonskjelde til tusen.
Klikk på biletet for link.

Siri


onsdag 14. mars 2012

Armband til prinsessa

Restegarn av alpakka og nokre knappar frå gamle klede + heklenål nr 2,5.
Pusleprosjekt på togreisa frå Oslo, og prinsessa vart sååå nøgd!

Siri