søndag 22. februar 2015
Pung til det mest nødvendige
I denne hekla pungen er det rom til dei personlege tinga som oftast ligg laust i handtaska.
Den er ikkje fòra, men er fast nok hekla til at innhaldet ikkje 'snik' seg ut av.
Koseleg handarbeid som ikkje tek så lang tid ;)
Eg har ein lås til liggjande, og rett som det er har eg hekla ei til...
Siri
onsdag 18. februar 2015
Rosa miniatyr drøymehus
-ei glaskule 12 cm i diameter
-alt av utstyr
-miniatyr puslebitar
+ belysning til hærlegheten (men eg la det fint vekk, då bruksanvisninga kun stod på kinesisk)

Her er eit bilete frå bygginga. Det var skikkeleg 'putlearbeide' - eg måtte bruka pinsett på mykje av det.
Settet er kjøpt i Hong Kong, og eg har aldri sett noko liknande her omkring. Eg kjem til å setja eit nytt sett på ønskjelista mi, for tenk om eg kunne laga miniatyrdrøymar i fire årstider ♥
Etter påske reiser svigerdotter til Hong Kong att, så det er slettes ikkje umogleg ;)
Siri
søndag 15. februar 2015
Oppskrift på eggehue
Heklenål nr 3
Restegarn i ull - f.eks tove, pt2 eller liknande
Kvar omgang startar med 2 luftmasker som erstattar 1. halvstav
*Lag ein 'Magic loop'(det går sikkert å hekle 4 luftmasker og feste dei til ein ring)
*Hekle 10 halvstavar om 'loopen', avslutt med kjedemaske i første halvstav
*Hekle 1 halvstav i første maske, 2 halvstavar i neste - gjenta dette omgangen ut, avslutt med kjedemaske i første halvstav
*Hekle 1 halvstav i dei første 2 maskene, 2 halvstavar i neste - gjenta omgangen ut, avslutt med kjedemaske i første halvstav.
*Hekle 1 halvstav i dei 3 første maskene, 2 halvstavar i neste - gjenta omgangen ut, avslutt med kjedemaske i første halvstav
*Hekle 6 omganger med 1 halvstav i kvar maske, og avslutt kvar omgang med kjedemaske i første halvstav
*Klipp av tråden og fest dei lause trådane
Om du vil ha dusk, lagar du den og syr den fast på toppen. Til dette har eg brukt ein 'pompom-maker'.
Eg håpar dette var forståeleg ;)
Siri
lørdag 14. februar 2015
Til gode frokoster og sånt...
I tillegg er det snart påske, og kyllingar og påskehare er eit sjølvsagt innslag i interiøret.
Restegarn, heklenål og perler frå gamle smykker låg lageleg til, og litt prøving og feiling endte i desse eggevarmarane...
Haren er ein smule stor, men sikker varm og god uansett. Haren og kyllingen er hekla med stavar, medan huene er hekla med halvstavar..
Desse eggehuene kjem til å varma øyrene på mine vinter- og påskeegg. Prinsessa har gitt uttrykk for at ho likar best hua med fleirfarga garn, så då får ho nok den.
Pompomane er laga med pompom-maker. Eg forstår mest ikkje kvifor eg ikkje har skaffa meg ein slik før....
Plutseleg har eg mest ikkje smårestar att av garn, noko som er supert!
Min Valentin skal på jobb i natt, så eg trur eg vil laga matpakken hans ♥
Ønskjer deg ein fin laurdag!
Siri
mandag 9. februar 2015
Babysmekker
Etter å ha hekla babyteppet hadde eg ennå litt ullgarn att. I boka ‘Myk start’ er det oppskrift på babysmekker, og det står noko om at smekke i ull er perfekt for en siklende baby. Då blir ikkje babyen kald sjølv om smekka er blaut. DET har eg ikkje tenkt på sjølv, medan mine var små…
Ei smekke i ullgarn, til sikling, og ei smekke i dobbelt bomullsgarn, mandarin petit. Ullsmekka er strikka litt kortere kun fordi eg gjekk tom for garnet, men eg trur smekka gjer susen uansett.. Knappane er klyppet av gamle klede, så her er det litt gjenbruk i same slengen; det kan eg lika.
Siri
søndag 8. februar 2015
Hekla babyteppe
Det er utruleg kor mykje garn som kan gøyma seg i skåp og skuffer. Og kor lite ein treng å leita etter det om ein berre opnar desse….
Her har eg iallefall fått brukt opp noko av dette garnet. Det var meint til heilt andre ting i si tid, men fekk eit anna ‘liv’ no. Tove, PT2 og Ullteppegarn – 5 nøster i alt, kan eg tenkja meg. Ei heklenål nr 3,5 og ein del stavar og luftmasker seinare, så har det blitt til eit babyteppe. Ca 60 x 80 cm, ublokka. I somar kjem ein liten knall til verda, og då kan det vel vere kjekt med litt ull å sprelle under?
Forresten… sprelle – på jærsk seier me spratla.. hehe
Eg har òg nettopp strikka ein enkel dokkevest, og fått brukt opp meir restegarn. Skal sjå at eg snart kan ‘lura’ meg innom garnutsalget til SandnesGarn eller Gjestal, og kjøpa med meg ein pose eller to med garn, utan at min kjære ser rart på meg. For eg HAR tross alt fått brukt litt garn i det siste…
Til sist sender eg ut ønskjer om ein fin sundag, same korleis vèret er der du er.
Siri
fredag 6. februar 2015
Gode, tova votter
Som tidlegare nevnt vil eg ha ein pitteliten pause frå sokkestrikking no. Det KAN vera litt kjedeleg i lengda…
No har eg heller funne fram noko Fritidsgarn, frå SandnesGarn, og tjukkere pinner. På ein god dag har eg strikka dette paret med damevotter, tova dei og lagt dei til tørk. Garnet har eg hatt liggjande i nokre år, og hadde eg kjøpt garn i dag til dette prosjektet, så hadde eg nok gått for noko meir fargerikt. Det er rart kor forandra fargetrangen blir med åra….
Eg tova desse på 40 grader, og dei er fortsatt mjuke og gode, samstundes som dei har blitt tette og gode. Eg er glad eg ikkje gjekk for 60 grades toving med ei gong..
No vil eg bla litt i mønsterbøker eller hefter, og finna ut kva eg skal byrja på. Små prosjekt er heilt meg, så mykje veit eg…
Siri
torsdag 5. februar 2015
Rosa
Eg har meir av dette garnet liggjande, berre i anna fargar, for eg har vore på fabrikkutsalg og kjøpt billig ;) Men eg har teke meg ein pause i sokkestrikkinga no. Kanskje ikkje så lang, men i alle fall ein pause.
Dette paret er lagt oppi kassen som er berekna til Mottaket i Hå når det nærmar seg jul att... Lysten til å ha dei sjølve var der, for eg likte fargen så godt, men det er det sikkert nokon som vil gjere på Mottaket også..
Eg har rota i garnlageret, og funnet fram noko Fritidsgarn. Det er kjekt, for strikkinga går fortare med tjukkare garn.
I dag har eg førebudd Morsdagen, på sundag. Eg har handla heim Brownies-mix, og minstemann var kjapp med å seie seg villig til å baka; det er hans favorittkake.
Ønskjer deg ein fin start på ny helg!'
Siri
tirsdag 3. februar 2015
Kunst- og uttrykksterapi
Eg trudde det var berre forventning og glede. Penselstrøk ville ha fram sinne og sorg.
Eg velger å dela gleda, mens sinnet og sorga eig eg sjølv.
Det er ei trøyst at glede smittar, for då kan gleda spre sine spirer innover og slå røter.
*siri