onsdag 28. desember 2011

Space Invader

Eldstemann her i huset har opp gjennom åra funne på mykje rart. Aldri av vond vilje; han meiner berre godt, akkurat som Emil... Han er heller ikkje den som tek seg sjølv så høgtideleg, men eg trur han følte at han gjekk for langt nyleg.
Han og kjærasten skulle ut og gå tur. Kjærasten hadde på seg hua som eg strikka til ho i fjor, men eldstemann leita etter ei hue han kunne bruka.  Eg skulle sei 'god tur' til dei, men oppdaga at han hadde teke ei av mine huer; den i Alfa glittergarn, med stor blome i sida... Han flira litt og klaga sin naud. Kvifor hadde eg ikkje strikka hue til han...?!

Vel, no vonar eg han blir nøgd. Ei Space Invader hue, strikka i Freestyle på pinnar nr 4,5 og 5..

Siri

5 kommentarer:

  1. Det var nok lurt at du strikket en lue til ham også :) Den var kjempefin!

    SvarSlett
  2. Hehe, du kan låne hans lue, men tror ikke han skal låne din med glitter og blomst på. Fin lue

    SvarSlett
  3. Denne tok seg nok bedre ut ja!

    SvarSlett
  4. Tøff lue! Den passer nok litt bedre ja! ;)

    SvarSlett
  5. Ikke noe dumt valg av mønster det der nei, han visste nok hva han gjorde da han tok på seg lua di;)

    SvarSlett