Dette er vel ikkje heilt dagen å vera sjuk på, men no vart det no eingong sånn for meg. Så det vil bli ein roleg dag heime...Men det gjer meg òg god tid til å setja meg ned med ein kopp kaffi, og tenkja tilbake på helgas utrulegheiter.Fredagen byrja tidleg; opp klokka 5 for å gjera seg klar for jobb. Vel heime att, etter ein liten kvil på sofaen, kom min kjæraste kjære inn døra med ein nydeleg bukett med raude roser... Fantastisk!Planen for helga var konfirmasjon til tantejenta mi på laurdagen, noko me gleda oss til. Men om morgonen hadde eg verkeleg mykje på hjarta, som eg gjorde mitt ytterste for å fortelja min kjære. Det var viktig for meg å gje uttrykk for kor mykje han betyr for meg... Vel, det heile endte med desse orda frå meg; 'Du? Vil du gifta deg med meg?'..... stillhet.....Eg overraska meg sjølv like mykje som eg overraska min kjære... 'Ja!', svara han tilslutt. 'JA!'Me ville ikkje seie noko til nokon den dagen, for det var jo konfirmanten sin dag. Så min kjære ba meg med på tur, og overnatting, på Byrkjedalstunet, for at me skulle kunne snakka og planleggja. 
Me er enige om eit enkelt bryllup, feira saman med mennesker som betyr noko spesielt for oss.Eg ønskjer å gjera dagen god for alle barna våres òg; me har 6 gutar og ei prinsesse til saman..
Min kjære har lyst prinsessa skal ha ein kjole som denne, mønster i Familien nr 10, i rosa Mitu-garn...
Eg er enig, for ei supersøt prinsesse må vel ha ein supersøt rosa kjole?! :)

Krims&Krans er ein god stad å handla, både garn og anna flott. No har eg sikra meg garn til kjolen, gode strikkepinnar, og på handleposen hang ein lapp med orda; 'Saman er ein god stad å vere!' Noko som er ein absolutt sannhet..
Eg gler meg til vidare planlegging, trur nok eg legg feiring av 40-årsdag på hylla, og konsentrerer meg om den viktigaste feiringa no; min kjære vil leva livet saman med meg!
Gratulera med dagen, alle saman!
Siri