torsdag 19. november 2009

Eg fann, eg fann..

Kva fann du no?
Nyleg tok eg meg ein svipptur innom Fretex, då det var ei lita stund sida sist. Og heldig som eg var, hadde det kome 'nye' varer den dagen, så det var berre å leita, eller som Fretex sjølv seier det; Du leitar ikkje, du finn.
Fyrste funn var eit par gryteklutar, heilt ubrukte og i nokre skikkeleg glad-fargar. Dei minnar meg om slike farmor mi hekla. Og 25 kroner for handarbeidet var ikkje mykje. Eg trur det kjem til å verta dei nye påske-klutane mine...

Fretex har byrja finna fram jule-varene sine, og eg vart såå glad for å finna desse juletrekulene. Det var slike me hadde hengjande på juletreet heime då eg var liten. Dei skin vakkert i lysa, og me kjem nok til å ha stor gleda av dei mange juler som kjem.
I ein stor koffert på golvet låg fleire posar med mykje småting i. Eg plukka med meg ein, for 15 kroner, utan å sjekke innhaldet noko særleg. Her er noko av det, og det vesle 'egget' til høgre må vera den minste julekrybba eg nokon gong har sett. Det er ca 3 cm høgt, og skåret ut av stein.


Her har kan du sjå det litt betre...



Siri

3 kommentarer:

  1. Hei Siri, likte veldg godt til kulene. De var skikkelig nostalgiske og fine. Ønsker deg en riktig fin dag. Klem fra meg.

    SvarSlett
  2. Å, slike kuler hadde vi også! Det var så fint på treet til mamma. No har eg eit kjedeleg tre med stort sett raud og gullfarga pynt, det var kult med dei blå og grøne... Kanskje eg må på besøk til Fretex og prøve lykka;)

    SvarSlett
  3. Hei på deg...

    Det var koselige skatter!
    Må si jeg bare elsker sånne gamle grytekluter. Kjøper alltid med meg noen sånne om jeg finner:)

    Ønsker deg en fin fin helg, stor klem

    SvarSlett